Ber kyrkjer hjelpe psykisk sjuke
Knapt eit år etter at sonen tok livet sitt, går USAs mest kjende pastor Rick Warren og kona Kay i bresjen for å støtte menneske som har psykiske helseproblem.
Komande laurdag er det eit år sidan sonen Matthew tok livet av seg med eit skytevåpen, 27 år gammal. Han streva med personlegdomsforstyrring.
Kvar dag som har gått sidan den lagnadstunge kvelden, har pastorparet felt tårer. Kveld etter kveld har Rick site og skrive, i forsøk på å finne Guds meining med smerta som sonen opplevde heile livet, og saknet dei som foreldre har kjent sidan han forlet dei.
- I Guds nådehage kan til og med knekte tre bere frukt, seier Rick Warren i eit intervju med Huffington Post.