Bygde frelsesfjell midt i ørkenen
Kunstnaren Leonard Knight har etterlate seg eit svært uvanleg minnesmerke: Salvation Mountain.
I ørkenen sør i California - i eit tørt og avsidesliggjande område - ligg ein spesiell attraksjon.
Opphavsmannen Leonard Knight døydde sist veke, 82 år gammal. Eigentleg kom han frå Vermont, i det heilt motsette hjørnet av USA.
Den tidlegare soldaten under Korea-krigen på 1950-talet vart uventa kristen som 35-åring. Han vart brennande oppteken av å nå ut med eit enkelt vitnemål om Jesus.
14 års bøn og arbeid for å byggje ein luftballong som han kunne bruke til å spreie omvendingsbodskapen, førte ikkje fram.
Men så fann han på noko heilt anna: I løpet av tre tiår skapte Leonard McKnight ved hjelp av tegl, strå og tusenvis av liter måling kunstinstallasjonen Salvation Mountain.
På toppen står ein kross, og under står påskrifta: «Gud er kjærleik». Haugen er elles dekorert med mellom anna duer, skyar, flagg, blomar, hjarte, elvar - og frelsesbøn, Fadervår og bibelvers.
Blant desse siste er Den vesle bibelen, Johannes 3,16: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv».
Treng vedlikehald
Kvart år kjem tusenvis av menneske for å sjå Salvation Mountain, som var livsprosjektet til Knight, skriv Time Magazine. Frivillige har arbeidd for å verne og ta vare på installasjonen sidan Knight vart råka av demens og plassert på pleieheim i 2011.
The Folk Art Society of America har erklærte allereie i 2000 at installasjonen er verneverdig. Og California-senatoren Barbara Boxer beskreiv det som ein «unik og visjonær skulptur (...) ein nasjonal skatt» i ein tale til senatet i Washington D. C. i 2002.
Det varme klimaet i området gjer at kontinuerleg vedlikehald er nødvendig dersom installasjonen ikkje skal gå i oppløysing.
Dagen