Då Guds ånd bles over Stad
Stad er kjent for storm og orkan. Dette er historia om då ein annan vind bles over bygdene ved havet. – Send vekkjing og start med meg, bad Lillian.
Les videre

Lillian Nygård budde i Ervik på Stad. Ho var husmor, gift med ein bonde og mor til to smågutar. Livet var godt, men ho kjende ei uro.
Uroa forma seg til ei bøn. Var ho ute med barna, sto i kjøkkenet eller mjølka kyrne i fjøset, bad ho bøna, igjen og igjen:
«Send vekkjing og start med meg».
– Eg var så sterkt kalla, seier Lillian, 50 år etter vekkjinga på Stad.
ERVIK: Kapellet i Ervik vart reist i 1971 til minne om hurtigruteskipet Sanct Svithun.
FOTO: Kari Fure
Steinen som løyste ut skredet
Ein februardag i 1972 kjem arbeidarar frå Nordfjord indremisjon for å ha møter i Ervik.
Møta blir haldne i det nye kapellet, som berre eitt år tidlegare var reist til minne om hurtigruteskipet Sanct Svithun. 47 menneske omkom då dette skipet vart senka av britiske fly utanfor Ervik i 1943.
Kapellet ligg like ved sjøen, der ei kvit sandstrand strekkjer seg tvers over bygda. Dei fleste dagane i året bryt bølgjene med veldig kraft, men denne dagen er det stilt, merkar Lillian då ho går til kyrkja.
Inne er det fullt av folk. Dei må bruke den bakre salen for å få plass til alle.
Ho finn seg ein stol ved sida av svigerfaren.
Då talarane innbyr til frelse, er ho den første som reiser seg.
– Vil du følgje meg? kviskrar ho til svigerfaren før ho går fram. Han blir med.
– At Lillian reiste seg, var steinen som løyste ut skredet, seier Jorunn Glomnes, når ho minnest det som hende.
Jorunn reiste som ungdomsarbeidar for indremisjonen og var til stades på møtet.
Lyngbrann
Men det er ikkje i Ervik vekkjinga først bryt laus. Det skjer i nabobygda Hoddevik, ein månad tidlegare.
STARTEN: Det var her vekkjinga starta. På eit familiemøte på skulen i Hoddevik i januar 1972.
FOTO: Kari Fure
Jorunn Glomnes og Joveig Tørring, som også er ungdomsarbeidar, kjem køyrande til Stad ein laurdag ettermiddag i januar. Dagen etter skal dei halde andakt på eit familiemøte på skulen i Hoddevik, bygda som eit halvt hundreår seinare skal bli kjend som eit paradis for surfarar.
Véret er uvanleg fint for årstida. Det er berrfrost. Temperaturen er rett under null. Den klare blå himmelen speglar seg i blikkstilt hav. Små, dovne bølgjer vaskar rundt fjøresteinane.
I det dei rundar det siste neset og får utsikt over bygda Leikanger, ser dei at det brenn i fjellsida over bygda. Røyk og flammar står til vérs.
Bøndene driv lyngbrenning. Jorunn som er oppvaksen i Stryn, inst i fjorden, har aldri sett noko slikt før.
– Måtte det berre ta åndeleg fyr her også, sukkar ho.
MISJONSVENER: Heimen til ekteparet Ingolf og Anny Hoddevik var som ein liten misjonsstasjon i bygda.
FOTO: Privat
Dei to unge kvinnene skal bu hos Anny og Ingolf Hoddevik. Heimen til dette ekteparet er som ein liten misjonsstasjon. Dei fleste predikantane som kjem til bygda overnattar hos dei. Yngreslaget som skal opptre på familiemøtet neste dag brukar å samlast i stova deira.
Tårer
Jorunn og Joveig har reist saman for indremisjonen i to år. Jo-Jo blir dei kalla. Dei har planlagt møtet i Hoddevika etter tradisjonell oppskrift.
Som vanleg slår kaffilukta mot dei, då dei kjem inn. Men Jorunn merkar at noko er annleis denne dagen. Den vesle skulestova er uvanleg full av folk. Atmosfæren er så underleg.
– Kva er det som skjer, spør ho og dultar bort i Joveig.
Barna i Yngreslaget stiller opp ved eit lyskors fremst i lokalet og byrjar å synge:
«Her under korset kneler jeg ned,
her under korset finner jeg fred».
Jorunn sit slik at ho ser ansikta til foreldra og besteforeldra til barna. Ho ser at nokre av dei er rørte. Vaksne mannfolk har tårer på kinna. Hoddevikarane er jordnære bønder og fiskarar. Dei brukar ikkje å reagere slik.
Illustrasjon: Jostein Fyllingen
Guds ånd på gjesting
Barna stemmer i ein ny song: «Jesus er og bliver pappas beste venn.»
Jorunn ser at nokre av mannfolka gir opp å skjule tårene. Ein av fedrene syng lydlaust med. «Pappas beste venn, pappas beste venn», mimer han.
Dei to ungdomsarbeidarane kjenner at det er vanskeleg å få fram det dei har tenkt å seie. Dei held kvart sitt korte vitnesbyrd og syng eit par songar. Så set dei seg ned. Møtet er over, men folk blir berre sitjande. Det er som dei ikkje vil gå.
– Det som skjedde i Hoddevik denne ettermiddagen, var ikkje menneskeskapt. Det var Guds ånd som var på gjesting, som svar på folket sine bøner, seier Jorunn i dag.
– Anny og andre hadde bedt om vekkjing i mange år, og så brukte Gud barna for å tale til folket i bygda. Det berre skjedde naturleg. Utan fnugg av manipulering eller ekstase, seier ho.
Annys syn
Anny Hoddevik meiner dei bør ha fleire møter og spør om ungdomsarbeidarane kan bli litt lenger. Ho trur noko kjem til å skje, og fortel at ho har hatt eit syn. Ho såg ein flokk mannfolk stå og syngje i eine svingen i vegen ned frå Hoddevikfjellet.
Martin Halleraker, som er krinssekretær i Nordfjord, gir klarsignal. Jorunn og Joveig får bli.
Dette blir starten på ei stille vekkjing der fleire hoddevikarar gir til kjenne at dei vil tru på Jesus. Nokre av dei er foreldre til barna i Yngreslaget.
Kvar kveld er det møte i skulehuset. Etter møta samlast folk heime hos Anny og Ingolf. Dei pratar og ler, ber og deler vitnesbyrd. Fellesskapet er varmt og tett. Som oftast er det langt over midnatt før folk går heim.
Jorunn og Joveig føler at dei er med på noko uverkeleg.
– Skjer dette, eller er det berre ein draum? spør dei kvarandre.
Ein kveld har dei putekrig for å avreagere då ettermøtet er slutt.
Ryktet går
Medan folk i Hoddevik samlast i skulehuset har krinssekretær Halleraker møteaksjon på Leikanger, saman med forkynnaren Reidar Dalsbø.
Dei byrjar møteaksjonen i bedehuset, men snart kjem det så mykje folk at dei må flytte over i kyrkja. Også her kjem fleire til tru.
LEIKANGER: Her starta vekkjinga på bedehuset, men møta vart etter kvart flytte til kyrkja.
FOTO: Kari Fure
Etter ei veke føreslår Martin Halleraker at ungdomsarbeidarane skal kome over fjellet, så alle kan samlast i Leikanger-kyrkja. Hoddevikarane fyller opp bilane sine og blir med. Også frå dei andre bygdene kjem folk køyrande. Det går rykte om at ting skjer. Både indremisjonsfolk, kyrkjefolk og pinsevener er med.
Blant dei som er ivrige etter å høyre Martin tale, er Lilly Årvik. Fleire kveldar i veka køyrer ho på møte.
Lilly er kristen, men ikkje ektemannen Jostein. Han arbeider på fiskebåt og er berre i land i helgane. Om fredagane, når han kjem heim trøytt og sliten, blir han likevel med Lilly på møte, fordi han veit det gjer henne glad.
Ho kjenner naud for at han skal bli frelst.
Sjølv håpar han møteaksjonen snart skal ta slutt, så han kan få fred.
Ikkje med makt og kraft
Ein kveld Lilly kjem køyrande slår ei setning ned i hovudet hennar: «Det skal ikkje skje med kraft og makt, men med min ande, seier Herren».
Ho synest setningen verkar kjend. Seinare oppdagar ho at det likna teksten i Sakarja 4,6.
– Slik var det gjennom heile møteaksjonen. Det var så stilt. Det var ikkje noko press av noko slag – det var berre ånda som dreiv det, fortel ho.
Somme synest at det som skjer er både spennande og skremmande. Under eit møte går Martin Halleraker nedover midtgangen i kyrkja. Brått reiser eit ektepar seg frå bakerste benk og forsvinn ut døra. Dei var redde han skulle utfordre dei, fortel dei seinare.
OLAVSKROSSEN: Stad har gamle kristne røter. Bildet viser krossen som er reist til minne om då kong Olav Tryggvason kristna fire fylke her i år 997.
FOTO: Kari Fure
– Kva med Ervik?
Etter tre veker med møter i Leikanger-kyrkja, spør krinssekretæren om det er på tide å gi seg. Han føler aksjonen har dabba av.
Då slår Reidar Dalsbø neven i bordet og spør:
– Har ingen av dykk tenkt på Ervik?
Nei, vedgår dei andre. Ervik har dei ikkje tenkt på. Martin dreg på det. Han er ikkje sikker på at det vil gjere nokon skilnad å flytte møta til ei anna bygd.
– Eg kjenner Herren seier at vi skal til Ervik, seier Reidar, som sjølv er oppvaksen i denne bygda.
Reidar brukar aldri slike ord. At han er så bestemt, gjer inntrykk på dei andre. Dermed blir det som Herren og Reidar har sagt.
FORKYNNAR: Reidar Dalsbø var forkynnar og etter kvart krinssekretær i Nordfjord Indremisjon. – At det vart vekkjing i Ervik, heimbygda mi, vart ei stadfesting på kallet mitt, seier han.
Stille, stille
Det første møtet blir halde i kapellet i Ervik klokka 15 ein heilt vanleg kvardag midt i februar. Framleis er véret uvanleg fint. Då Jorunn og Joveig køyrer gjennom Morkadalen på veg til møtet, ser dei barn gå på skøyter på det store vatnet ved butikken. Der er tjukk stålis. Enno har det ikkje kome snø.
Sola skin frå djupblå himmel. Ikkje eit vinddrag er å kjenne. Bøane ut mot havet er framleis grøne, som om vinteren ikkje har bite på dei i år.
Jorunn synest det er som om heile naturen er unormalt stille.
Inne i den fullsette kyrkja er det like stilt. Det er som om lufta dirrar, synest Jorunn. Som om Den heilage ande kviler over bygda og forsamlinga.
Dei held eit heilt vanleg møte. Martin talar. Joveig spelar gitar når ho og Jorunn syng duett. Så innbyr dei til frelse.
Det er då Lillian Nygård reiser seg.
Men før ho kom så langt, har ho site og kjempa med kallet og frykta. Det var akkurat dette ho hadde bedt om. Likevel kjendest det for stort då det vart alvor. Hjarta hamra. Ho hadde så lyst til å gå fram, men kjende seg freista til å utsetje til neste dag.
Då vart Lillian mint på eit ord frå Apostelgjerningane: «Det blir hardt for deg å stampe mot brodden!»
Og Lillian gav seg ende over.
BØN: – Send vekkjing og start med meg, bad Lillian Nygård for 50 år sidan. Ho vart bønhøyrd.
FOTO: Kari Fure
Ikkje enno
Mannen til Lillian, Per-Gunnar Nygård, er heime og passar barna denne ettermiddagen.
– I dag gjekk Lillian fram og bøygde kne, fortel far hans etter møtet.
Per-Gunnar blir ikkje akkurat overraska. Han veit at kona har kjent seg kalla.
Faren tilbyr seg å passe barna neste kveld, slik at sonen kan følgje kona på møte, men Per-Gunnar takkar nei.
– Det der er ikkje noko for meg, seier han, men veit at det ikkje er heilt sant.
Han kjenner at han er kalla, han også, og det stressar han.
Per-Gunnar har vakse opp i ein kristen heim. Kvar kveld i oppveksten sette faren seg på sengekanten. Han bad Fader Vår og sang «Nu lukker jeg mitt øye».
Noko av det kjekkaste Per-Gunnar veit, er å gå på dans. Ofte er det bestekameraten Paul Hoddevik som spelar til dansen. Per-Gunnar har nok tenkt å bli kristen ein dag, men ikkje enno. Han tenkjer at kristne er kjedelege og er redd for å spolere ungdomstida.
Ein etter ein
Martin Halleraker oppmuntrar dei som alt er truande til å gå fram til altarringen, dei også, for å gjere det lettare for dei andre å følgje etter. Lilly Årvik tek han på ordet. Då ho reiser seg for å gå fram, ser ho til sin store fryd at ektemannen gjer det same.
Det er blitt laurdag 19. februar då Jostein Årvik kneler ved sidan av kona si.
– Takk og lov, tenkjer Lilly. Det vart slik det sto i Sakarja-boka: «Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande».
STILLE: – Det var så stilt. Det var ikkje noko press av noko slag – det var berre ånda som dreiv det, minnest Lilly Årvik når ho tenkjer tilbake på vekkjinga i 1972.
FOTO: Kari Fure
– Dette er Gud
Dagen etter går Henny Dalsbø, søster til trekkspelaren Paul, fram og kneler ved altarringen. Henny er kristen og har lenge bedt om vekkjing i bygda, men ektemannen Kåre har enno ikkje hatt noko gjennombrot. Ikkje Paul og fleire andre i familien heller. Denne kvelden kjenner ho djup naud for dei.
Ho hadde vore så sikker på at Kåre skulle gå fram kvelden før. Tanta hennar hadde endåtil baka kake for å feire. Men han gjekk ikkje fram.
Kor lenge Henny ligg der og ber, veit ho ikkje, men då ho reiser seg, trur ho knapt sine eigne auge.
Ved sida hennar kneler Kåre. Og ved sida av han broren Paul og kona. Heile ringen er full av slektningar.
Jorunn Glomnes står med tårer i auga. Det er slik glede i kyrkjerommet. Folk jublar og omfavnar kvarandre.
– Dette er i alle fall ikkje menneskeverk. Dette er Gud, tenkjer ho.
MOTVILLEG: Lillian Nygård kom tidleg med i vekkjinga på Stad i 1972. Ektemannen Per-Gunnar nølte i det lengste.
FOTO: Kari Fure
– Ring predikanten
Då far til Per-Gunnar Nygård kjem heim og fortel at også kompisen Paul og kona Inger har teke imot Jesus, kjenner den unge bonden at det brenn under føtene hans.
Ein dag han steller fjøsen tek han seg i å nynne på sangen «Han tek ikkje glansen av livet». Han sluttar tvert å synge. Kva er det som skjer med han?
Faren gir seg ikkje. Han tilbyr seg stadig å passe barna, så sonen kan følgje kona på møte. Per-Gunnar takkar like standhaftig nei. Han veit at dersom han går, blir han nøydd til å bøye kne.
– Du må ikkje vente så lenge at det blir for seint for deg, seier faren ein dag han og sonen står og pratar utanfor mjølkerommet i fjøsen. Dei har nettopp løfta av steinane som dei brukar som press på siloen.
Brått segnar Per-Gunnar om og blir liggjande i steinhaugen. Faren blir vitskremd. Han er redd sonen har fått hjarteinfarkt.
– Skal eg ringje etter ambulansen? spør faren.
– Nei, ring predikanten, svarer sonen.
På forunderleg vis skjønar han kva som skjer. Når han ikkje ville kome til kyrkja, møtte Herren han der han var. Dermed blir Martin Halleraker sendt bod på, og Per-Gunnar Nygård får gjort det han må.
Dagen etter går han på møte og bøyer kne, for å vise bygda kva som har skjedd.
– Vart ungdomstida di spolert? spør eg, då eg møter ekteparet Lillian og Per-Gunnar i leilegheita deira på Nordfjordeid. Dei har flytt hit for at han skal vere nær sjukehuset, sidan Per-Gunnar har fått kols.
– Nei, seier han og smiler. – Ungdomstida vart ikkje spolert. Det var då det verkeleg byrja.
Skøyteløp
Henny og Kåre Dalsbø har seks søner. No som faren er blitt frelst, vil dei så gjerne at gutane også skal bli med på møte. 15 år gamle Vidar har ikkje lyst. Han vil mykje heller gå på skøyter.
Illustrasjon: Jostein Fyllingen
Det er ikkje kvart år det er trygg is på Dalsbøvatnet i Morkadalen. Etter skuletid skundar Vidar seg ned på isen og møter kameratane. Dei snører på seg lengdeløpsskøytene og går med kjappe tak inn over dalen. Den rytmiske lyden av skøytestålet mot isen driv dei framover. Umerkeleg blir siste rest av dagslys borte, men det blir ikkje mørkt. Månen og eit mylder av stjerner lyser opp vatnet. Somme kveldar flammar nordlyset over himmelen.
Ein må vere passe sprø for å byte ut dette med eit kjedeleg møte, tenkjer han.
Likevel gjer han til slutt som foreldra ber han. Vidar Dalsbø er langt i frå sprø, men han brukar å lyde foreldra. Han går med på å kome på eitt møte.
Før møtet høyrer han dei vaksne be om eit teikn. Dei er i tvil om møteserien bør halde fram eller avsluttast.
Frelst på do
Møtet gjer djupt inntrykk på 15-åringen. Midt under talen reiser Solbjørg Dalsbø seg. Ho tilhøyrer pinsekyrkja og ber fram ein bodskap i tunger.
Vidar har aldri høyrt tungetale før. Han lurer på om det er ein del av liturgien i kyrkja. Kan det vere gresk, kanskje? Eller latin?
Men så blir bodskapen tyda og gir meining.
«De mine vitne, de må bli ståande, for enno er det fleire som skal bli frelste», lyder tydinga.
I løpet av kvelden skjer det han aldri trudde kom til å skje. Han skjønar at han må bli kristen. Men å gå fram til altarringen vågar han ikkje.
Vidar går ut på do. Der ber han om tilgjeving for syndene sine og tek imot Jesus. Så spring han heim.
Neste dag treng ikkje foreldra overtale han til å bli med på møte. Han går frivilleg. Då opplever han det som om Gud tek han i nakken og løfter han fram til altaret. Plutseleg er han der berre, utan at han forstår kva som har skjedd.
– Kva har eg gjort? tenkjer han etterpå. Han blir omfavna av folk som er glade på hans vegne.
– Eg brukte over eit år på å fordøye det som skjedde, seier han seinare.
OMVELTING: – Eg brukte over eit år på å fordøye det som skjedde, sier Vidar Dalsbø om vekkjinga i 1972. Han er i dag pastor i pinseforsamlinga Filadelfia på Stad.
FOTO: Kari Fure
Fire vanlege menneske
Kalenderen skifter frå februar til mars, og møteaksjonen held fram. Endå fleire bøyer kne.
Kvar kveld handlar talen om kjernen i evangeliet: Om Jesu forsoningsverk på Golgata, om synda som kan leggast ned ved korset, og om det nye livet i Kristus. Og kvar kveld blir invitasjonen gitt om å kome fram og ta imot Jesus.
Jorunn og Joveig må framleis spørje kvarandre om det dei opplever er verkeleg.
Dei ser menneske som kjempar med kallet, og er vitne til den veldige gleda som breier seg i kyrkjerommet når ein nabo eller slektning endeleg går fram.
Sjølve har dei to ungdomsarbeidarane ikkje gjort anna enn dei alltid pleier gjere. Songane er dei same velkjende. «Salige visshet, Jesus er min», «Da Jesus satte sjelen fri», «I det fjerne jeg skuer et underfullt syn».
Dei kjenner seg som guten i likninga i Bibelen, han med to små fiskar og fem små brød. Då guten baud fram det vesle han hadde, gjorde Gud eit mirakel.
– Vi var fire heilt vanlege enkle menneske som Gud brukte, seier Jorunn når ho tenkjer tilbake.
ALMINNELEGE: – Vi var fire heilt vanlege enkle menneske som Gud brukte, seier Jorunn Glomnes når ho tenkjer tilbake på vekkinga i 1972.
FOTO: Kari Fure
Det nye livet
For Vidar betyr omvendinga at han bryt med mange av kameratane. Dei er blitt gamle nok til å gå på fest, men Vidar som fyller 16 til sommaren, har ikkje lenger lyst til å vere med.
Han held seg stort sett heime denne våren. Stadig kjem dei nyfrelste mannfolka på besøk til faren om kveldane. Slik får Vidar sjå på nært hald korleis dei vaksne lever det nye livet.
FELLESSKAP: Heimen til Henny og Kåre Dalsbø blei ein samlingsplass for dei som kom med i vekkjinga i Ervik.
FOTO: Privat
– Eg såg karar som lo og gret i lag. Alltid når dei samlast, song dei. Gjerne tostemt. Og når nokon hadde det vanskeleg, kom dei saman for å be, fortel Vidar, som i dag er pastor i pinsekyrkja Filadelfia på Stad.
– Hadde eg ikkje vore saman med foreldregenerasjonen og fått smake på vekkelsesatmosfæren, veit eg ikkje om eg hadde halde ut.
STØTTANDE: – Hadde eg ikkje vore saman med foreldregenerasjonen og fått smake på vekkelsesatmosfæren, veit eg ikkje om eg hadde halde ut, seier Vidar Dalsbø.
FOTO: Kari Fure
Uro
Vinterfisket er i full gong. Det blir snakka på bygda om at desse nyfrelste ser ut til å ha slutta å arbeide. Kyrne sine mjølkar dei visst til alle døgnets tider. Vittige tunger omtalar Martin Halleraker som Halle-mirakel.
Det blir lagt merke til at dei nyfrelste møtest i heimane og held på til langt på natt. Somme synest det som skjer under vekkjinga er litt sårt. Det blir eit skilje mellom folk.
– Det vart ei delt stemning i bygda. Nokre var for vekkjinga, andre var mot. Det vart ganske harde frontar, seier Åge Ervik, som i dag sit i soknerådet i Ervik.
Åge var 15 år under vekkjinga. Han gjekk på eit par tentreff for ungdom, men trivdest ikkje.
– Eg opplevde at det var for mykje dommedagsprat. Anten var du med eller så gjekk du fortapt. Slik var gjerne pedagogikken på den tida, men for meg vart det inga positiv oppleving.
Han fortel at det gjekk lang tid før skillet i bygda gjekk seg til. I dag opplever han at samhaldet er betre.
– Folk i bygda kan vere usamde i enkelte saker, men vi står saman, og vi er glade i kyrkja vår, seier Åge Ervik.
Ni fedre
Per Magnar Årvik strittar imot i det lengste, sjølv om han har ein onkel som inviterer han kvar einaste kveld.
Per Magnar har vore med kona Astrid på nokre møter. Han ser ho er gripen. Sjølv merkar han ingen ting. Han håpar berre møta skal ta slutt, så kvardagen kan bli normal.
Det er dagar då han håpar det skal kome eit skikkeleg snøfall, så møta må avlysast.
Ein kveld blir han med kona på møte igjen. Han klarer ikkje konsentrere seg om talen, men då Jorunn og Joveig syng «Opp på Golgatas dunkle høyde», kapitulerer han.
– No går vi fram til alteret, Astrid, seier han.
I ettertid har Per Magnar Årvik tenkt mykje på det underlege véret under vekkjinga. Snøfallet han ønskte seg, kom ikkje. Det var ingen ting som hindra folk frå å kome på møte.
– Det kom ikkje eit snøfnugg. Det var sol om dagen og måneskin om natta. Eg følte det var som det står i 1. Mosebok, at Guds ande svevde over vatnet, seier han.
Skoten, men ikke fallen
Ein annan som står i mot så lenge han kan, er Rolf Stave. Han er bonde og næraste nabo til det nye kapellet, men kristen har han ingen planar om å bli. Likevel hender det at også han følgjer kona si på møte.
Kona, Magnhild, har vakse opp i ein kristen familie og hatt trua med seg heile livet. Gjennom møta i kyrkja på Leikanger, opplever ho fornying.
Rolf forstår at han ikkje slepp unna, men å ta det siste steget er ikkje lett. Kampen er så hard at han står og skjelv på kyrkjegolvet.
Martin Halleraker ser kva som skjer og brukar eit språkleg bilete frå hjortejakta:
– Han Rolf er skoten, men han har ikkje falle enno, kviskrar han til ein av dei andre.
Stadfestinga
Etter eit møte ein laurdagskveld blir Rolf ståande utanfor kapellet og snakke med predikanten og sambygdingen Reidar Dalsbø.
– Du må no berre ta deg ein tur bort til oss, seier Rolf.
Reidar tek han på ordet og kjem med ein gong. Før kvelden er omme bøyer Rolf kne og tek imot Jesus i si eiga stove. Dagen etter går han til nattverd i kyrkja på Leikanger, men Reidar synest han må vise kva som har skjedd heime i Ervik også.
Predikanten ber Rolf halde eit vitnesbyrd og synge på møtet i kapellet neste dag. Rolf får nesten panikk ved tanken.
Likevel stiller han i kapellet med gitaren sin måndag kveld. Han les eit bibelvers og syng ein song frå Songboka, der refrenget går slik:
«Med ditt blod har du løst meg, o Jesus, tatt meg bort fra den villsomme vei og mitt navn har du skrevet i himmelen, jeg vil synge, ja synge om deg».
Og synge skal han gjere, Rolf Stave, men først kjem han i alvorleg tvil.
Han stoppar igjen på bønemøte i kapellet. Men då han ligg på kne ved altaret, føler han at han ikkje passar inn. Han kjenner jo ingen verdens ting og tenkjer at han er den same som før.
Rolf går heim og legg seg. Han er frustrert.
«Kjære Gud, dersom det er slik at du har frelst meg, må du vise det», ber han.
Då skjer det som han sidan omtalar som ei åndsoppleving:
– Det var som om ånda fall ned over meg. Sjølv om eg låg i senga, var det som eg sveva. Det var heilt utruleg.
– Eg fekk den stadfestinga eg trong, seier han.
Mannsgruppa
I kvar av bygdene Morkadalen, Ervik og Årvik bøyer tre fedre kne, ni fedre til saman. Dei ni samlast ofte, og alltid når dei er saman, syng dei.
Ikkje i sin villaste fantasi har desse trauste mannfolka tenkt at dei skal danne songgruppe. Men det er dét som skjer, oppmuntra av predikanten Martin Halleraker.
MANNSGRUPPA: Ni fedre som blei kristne under vekkjinga på Stad danna mannsgruppe og song på møter. Frå venstre: Rolf Stave, Kåre Dalsbø, Per Magnar Årvik, Per-Gunnar Nygård, Per Barmen, Jostein Dalsbø, Jostein Årvik, Paul Hoddevik og Johannes Årvik. Biletet er frå 1978.
FOTO: Nordfjord Indremisjon
Ganske snart byrjar dei å reise rundt og synge på møter i distriktet. Slik får Paul Hoddevik opptre med trekkspelet sitt igjen. Rolf Stave spelar gitar og skriv eigne songar.
Mannsgruppa har ikkje dirigent og har som oftast ikkje bestemt kva dei skal syngje på førehand. Dei let seg leie av Anden. Men éin ting er dei samde om: Per Magnar Årvik kan ikkje halde songheftet. Han er så begeistra at han ikkje klarer å stå i ro.
SONGGLEDE: – Det var ei herleg tid. Vi fekk ein fantastisk start på det kristne livet, minnest Per Magnar Årvik om åra i mannsgruppa.
FOTO: Privat
Snart går det gjetord om mannsgruppa. Folk synest det er fantastisk å sjå desse nyfrelste unge mennene syngje med slik glød. Dei tek vekkjinga med til nye bygder. På møta kjem folk fram og vil bli frelst.
– Vi var så oppløfta. Det var ei herleg tid. Vi fekk ein fantastisk start på det kristne livet, minnest Per Magnar Årvik.
Bønesvar
Kvar fredag kveld samlast mannsgruppa heime hos Paul og Inger for å øve. Ofte er konene med. Når øvinga er slutt, blir dei sitjande utover kvelden og natta. Dei fortel kvarandre kva Gud har gjort den siste veka, les i Bibelen og ber.
Då Kåre Dalsbø går over til pinseforsamlinga etter å ha skifta dåpssyn, blir mannsgruppa redusert til åtte, men dei har framleis tett kontakt. Dei som kom med i vekkjinga, lever som ein stor søskenflokk.
FOREINING: Fjordlyforeininga i Ervik vart starta etter vekkjinga i 1972. Framme frå venstre: Tordis Årvik, Lillian Nygård, Reidun Dalsbø, Ragnhild Ervik. Bak: Lilly Årvik, Åse Årvik, Astrid Årvik, Randi Dalsbø, Magnhild Stave, Petra Honningsvåg.
FOTO: Privat
Kvinnene startar kvinneforeining, held basar og samlar inn pengar til Fjordly, eit ungdomssenter som skal reisast på Bryggja, litt lenger inne i fjorden.
Når noko står på spel, gløder telefonen. Då varslar dei kvarandre om å be.
KVINNEMØTE: Damer fra Stad på kvinnemøte på Nordfjord folkehøgskule ein gong på 1970-talet. Framme frå venstre: Magnhild Stave, Lillian Nygård, Ragnhild Ervik, Signe Sandberg Hoddevik, Henny Dalsbø, Lilly Årvik, Astrid Årvik.
FOTO: Privat
Maursyre
I 1974 er det krise. Den tre år gamle sonen til Per-Gunnar og Lillian har drukke maursyre og er på veg til sykehuset i Ålesund i ambulanse. Det kan stå om livet.
Kristenflokken hiv seg på telefonen. Dei må samlast og be. Alle slepp det dei har i hendene og spring av garde.
Framme på sjukehuset går Per-Gunnar fram og tilbake med guten i armane. Leppene til barnet har hovna kraftig opp. Det renn væske frå munnen hans. Brått blir faren uroleg for korleis det skal gå med tennene til guten.
Då er det som om han høyrer ei stemme: «Når eg gjer han frisk, gjer eg han heilt frisk.»
Dei som ber blir bønhøyrde.
Guten kjem frå ulukka utan mein.
Over fjell og hav
Etter kvart forventar dei nesten at Gud skal gripe inn. Det overnaturlege blir naturleg.
Under Lofotfisket kjenner svogeren til Per Magnar Årvik seg så sterkt kalla at han omvender seg, han også, sjølv om han er milevidt unna vekkjinga på Stad.
I Moldefjorden, sør for Selje, opplever ei kone at mannen fell om på same måte som Per-Gunnar gjorde utanfor fjøsen i Ervik.
Mannen har problem med alkohol. Fleire gonger har naboane funne han medvitslaus i grøftekanten.
– Skal eg ringje doktoren? spør kona.
– Nei, svarer mannen.
Han ber kona ringje ein kamerat som han veit er kristen. Mannen ønskjer å bli frelst. Denne dagen bøyer både han og kona kne, og mannen blir fri frå misbruket.
– Det var gneisten frå Ervik som fauk over fjell og sjø, skal han seinare ha sagt til Jorunn Glomnes.
I same bygda har to kvinner frå pinseforsamlinga bedt i mange år om at ein mann med sertifikat og bil må bli frelst, så dei kan få skyss til møta.
Dei er overtydde om at den nyomvende alkoholikaren er eit bønesvar. At han berre har lastebil, bryr dei seg ikkje om. Frå då av blir han sjåfør for pinsedamene. Dei kliv opp på lasteplanet med hatt og handveske og blir køyrde til møte.
Illustrasjon: Jostein Fyllingen
Fri for kreft
Eitt av dei sterkaste bønesvara får dei nyomvende ein novemberdag nokre år etter vekkjinga.
Ein kjenning er alvorleg kreftsjuk. Kona har reist med ein nyfødd son til Oslo for å vere med han. Ho ringjer frå sjukehuset og fortel at legane seier han neppe vil overleve natta.
På Stad er mannsgruppa på veg til øving. Etter kvart som dei kjem inn i stova til Paul og Inger, legg dei seg på kne og byrjar å be. Dei tryglar Gud om å gripe inn.
Ein av dei blir minna om Jesaja 51,14: «Snart skal den bundne sleppa fri; han skal ikkje døy og gå i grav, og ikkje skal han vanta brød.»
Oppmuntra av bibelordet ber dei gjennom heile natta.
Då morgonen kjem, lever kjenningen framleis.
2. juledag ber han sonen sin til dåpen.
– Det var sterkt å oppleve. Veldig sterkt. Sjølv om vi var opp i skyene frå før, gjorde dette noko med oss, seier Inger.
Vart ståande fast
Mange av dei som opplevde vekkjinga på Stad, lever ikkje lenger. Av mannsgruppa er dei berre tre att: Per Magnar Årvik, Per-Gunnar Nygård og Rolf Stave.
Per Magnar og Inger gifte seg etter kvart med kvarandre, etter at dei miste ektefellene sine. Dei bur i dag i eit nytt hus på Leikong, med Henny og Lilly som næraste naboar.
NABOAR: Inger Årvik, Lilly Årvik, Henny Dalsbø og Per Magnar Årvik er nære naboar. Framleis er fellesskapet tett og godt.
FOTO: Kari Fure
Vekkjinga har prega vaksenlivet deira. Framleis er fellesskapet tett og godt.
– Så vidt eg veit, vart alle dei vaksne som kom med, ståande fast i trua, seier Per Magnar.
Vekkjinga har hatt konsekvensar i generasjonar. I mange av familiane er barn og barnebarn framleis med i kristne fellesskap.
SANGBOK: Per Magnar Årvik har teke vare på songheftet til mannsgruppa.
FOTO: Kari Fure
År med bøn
Nær 40 menneske kom til tru på Stad vinteren 1972. Jorunn Glomnes hugsar ikkje talet heilt nøyaktig. Det vart ikkje skrive ned.
Men ho veit at dei som bøygde kne, stort sett var unge folk. Dei fleste var fedre og mødre med små barn.
Ho veit også at det var menneske som bad i alle bygdene, før vekkjinga kom. Nokre av dei som bad, hadde sjølve opplevd ei vekkjing på 1930-talet.
Sjølv hadde ho merka seg eit ord i Bibelen ved byrjinga av året. «Stå still og legg merke til Guds under!» las ho i Job 37,14. Det var akkurat det ho følte at ho gjorde under vekkjinga: Ho sto stille og såg Anden arbeide.
SPOR: Vekkjinga sette varige spor i livet til Jorunn Glomnes. – Eg fekk ein større Gud Fader, ein større Jesus og ein større Heilag Ande, seier ho.
FOTO: Kari Fure
– Det var ei tid eg aldri gløymer.
– Det var Den heilage Andes veldige nærvær som drog folk, anten dei var i kyrkja eller heime, seier Jorunn, då eg møter henne på Bryggja.
Vekkjinga sette varige spor i livet hennar.
– Eg fekk ein større Gud Fader, ein større Jesus og ein større Heilag Ande, seier ho og fortel at ho tenkte at ho aldri meir skulle tvile på Jesus, etter å ha sett så sterke ting.
Etter som åra gjekk, hende det nok at tvilen kom snikande likevel.
– Men Jesus har alltid hanka meg inn igjen, seier Jorunn, som har arbeidd i Nordfjord indremisjon det meste av yrkeslivet. I mange år var ho styrer på leirstaden Fjordly, så vart ho styrar på retreatstaden Holmely, som ligg like ved.
Ber om vekkjing
Folk hadde bedt lenge før vekkjinga i 1972. No blir det bedt om at det skal kome vekkjing på nytt.
Ein av dei som ber, er Reidar Vetvik, som er oppvaksen i Nordfjord, men har busett seg i Fredrikstad. Reidar opplever at Gud har bedt han be om vekkjing for Nordfjord. Dei tre siste åra har han og kona Astrid Helene vore ein månad på Fjordly om hausten for å be.
Ofte kjem nokre frå den gamle gjengen, dei som opplevde vekkjinga på Stad i 1972, for å vere med. Dei deler lengten om at Gud må røre ved bygdene endå ein gong.
DRAUM: – Vi var som drøymande, seier Henny Dalsbø, når ho tenkjer tilbake på vinteren 1972.
FOTO: Kari Fure
Som ein draum
– Vi var som drøymande, seier Henny Dalsbø, når ho tenkjer tilbake på vinteren 1972.
Salme 126 er ein skriftsstad ho ofte kjem tilbake til, når ho skal forklare:
Då Herren vende Sions lagnad,var det som ein draum for oss. Då fyltest vår munn med lått,vår tunge med jubel.
– Det var slik det var, seier Henny. – Det var som ein draum. Så mange bønesvar og så mykje glede.
– Og vi delte gleda med kvarandre, skyt Per Magnar Årvik inn.
– Men eg tenkjer, når folk ber om vekkjing, då veit dei ikkje kva dei ber om. For då kostar det alt, seier Henny Dalsbø.
Henny og Kåre Dalsbø med dei seks sønene sine: Frå venstre: Atle, Terje, Harald, Kjell, Vidar og Ronald.
FOTO: Privat

Då Guds ånd bles over Stad

Publisert Sist oppdatert
Powered by Labrador CMS