Faste: I 2019 fasta Benjamin Kleiveland i 40 dagar samanhengande.

Denne boka fekk Benjamin til å faste i 40 dagar

– Alle som lengtar etter Jesus bør faste, seier han.

Publisert Sist oppdatert

Kommande søndag er vi i gong med fastetida.

I kyrkjer over heile landet vil det bli lese om Jesus som fasta 40 dagar i ørkenen.

I 2019 gjorde Benjamin Kleiveland det same.

Vi har spurt han om korleis det gjekk.

Jesus i øydemarka

Anden hadde ført Jesus ut i øydemarka. Etter 40 dagar og 40 netter utan mat, vart han svolten.

Då kom freistaren.

Han prøvde å lokke Jesus til fall ved å bruke Guds eigne ord, men lukkast ikkje.

Søndagens tekst – første søndag i fastetida

Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han. Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt tok svolten han. Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød!» Jesus svara: «Det står skrive:

Mennesket lever ikkje av brød åleine,

men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»

Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:

Han skal gje englane sine påbod om deg.

Og:

Dei skal bera deg på hendene

så du ikkje støyter foten på nokon stein.»

Men Jesus sa til han: «Det står òg skrive:

Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»

Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom og sa: «Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg.» Men Jesus sa til han: «Vekk med deg, Satan! For det står skrive:

Herren din Gud skal du tilbe,

han og ingen annan skal du tena.»

Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han.

Evangeliet etter Matteus, kapittel 4, vers 1–11

Bibelselskapet 2011

Boka

Benjamin Kleiveland jobbar som assistent på Danielsen barne- og ungdomsskule på Sotra utanfor Bergen og er engasjert i Jesusfellesskapet.

I 2019 las han boka Defining moments av den amerikanske pastoren Bill Johnson. Den handlar om enkelte, kjente forkynnarar sine mest avgjerande, religiøse erfaringar.

– Eg la merke til eit mønster. Fleire av dei fekk eit gjennombrot etter å ha fasta i 40 dagar, seier Kleiveland.

Inspirert: Benjamin Kleiveland blei inspirert av ei bok han las til å faste i 40 dagar.

Det fant han inspirerande. Han bestemte seg difor for å gjere det same.

– Eg ville at Guds vilje skulle skje i mitt liv også, seier han.

Dei første 21 dagane levde han utelukkande på vatn, deretter drakk han eit halvt glas juice fire gongar dagleg ut perioden.

Han hadde ikkje rådført seg med lege før han sette i gong, men hadde lese bok ei bok der den amerikanske pastoren Franklin Hall kom med fleire medisinske råd.

På den tida jobba Kleiveland i butikk, men etter 21 dagar vart det for krevjande å arbeide.

Difor måtte han ta fri frå jobben.

– Kva gjorde det med deg å gå så lenge utan mat?

– Eg vart veldig kreativ og klar i hovudet, eg tenkte ut masse idear, samtidig som eg vart veldig sliten og tenkte på mat heile tida, seier han.

Bønn

Målet med fasta hadde vore å komme nærare Gud. Kleiveland brukte halvanna time på å be og lese Bibelen kvar dag, samtidig som han hjelpte ekstra mykje til i kyrkjelyden.

– Viste Gud deg noko spesielt?

– Eg har veldig lite følelsar i truslivet mitt, så eg fekk inga stor oppleving. Men eg oppdaga enkelte måtar eg var umoden i trua på og vart veldig audmjuka. Kjærleiken til mat var altfor stor. Relasjonen med Gud var altfor liten, seier han.

Bibel: Under fasta sette Kleiveland av halvannan time til bønn og bibellesing kvar dag.

Kleiveland trur likevel det kom mykje godt ut av dei 40 dagane.

– Eg lærte mykje om meg sjølv og om kor viktig det er å elske Gud over alt anna, seier han.

Fastar jamleg

I dag fastar Kleiveland framleis jamleg.

– Det har blitt ganske sporadisk, men dersom det er noko spesielt eg ber for, skjer det at eg fastar i eit par dagar, seier han.

24-åringen meiner faste teologisk sett er eit uttrykk for ein lengsel etter Jesus.

– Det finst fleire typar faste i Bibelen. Det handlar om gi avkall på noko for å rette fokuset mot Gud. Som regel handlar det om å avstå frå mat, sjølv om det heilt klart er bra å gi avkall på andre, usunne impulsar, seier han.

– Bør alle kristne faste?

– Alle som lengtar etter Jesus bør gjere det, ja!

Fastetid

William Skolt Grosås er prest og høgskolelektor på NLA Høgskolen i Bergen. Der underviser han mellom anna i andelege øvingar.

– Faste bygger på ei innsikt dei fleste kulturar kanskje bortsett frå vår eigen, moderne kultur har hatt: At det finst ein djup samanheng mellom det ytre og det indre, det kroppslege og det andelege, seier han.

Høgskulelektor: William Skolt Grosås byrja nyleg i jobben som høgskulelektor ved NLA Høgskulen i Bergen.

Kommande søndag, er første søndag i den delen av kyrkjeåret som heiter fastetida.

Grosås meiner det er innafor den ramma fasta høyrer heime.

– Fastetida er aldri eit privatprosjekt, trass i at det kanskje har blitt slik i vår kultur, men det er noko vi som kyrkje gjer saman gjennom gudstenestelivet vårt.

Å elske i rett rekkefølge

Fastetida handlar ifølge Grosås om å lære seg å elske ting i rett rekkefølge.

Han forklarar.

– Elskar du fotball meir enn kona di, er det noko gale, men å elske fotball i seg sjølv er ikkje feil. Det er bra å elske, men ikkje dersom det blir gjort i feil rekkefølge.

Gjennom å faste frå ting som utgangspunktet er godt, forklarar Grosås, set vi det gode til side for å gi plass til noko betre. Vi kalibrerer hjarta våre og lærer oss å elske i rett rekkefølge.

– Difor skal ein ikkje faste frå ting som i utgangspunktet er vondt. Synda skal vi slutte med heile året. Fastetida handlar om å elske Gud høgast, for å kunne elske dei andre tinga i livet betre.

På den måten, seier han, førebur vi oss til påsken.

– Vi blir sett i kontakt med lengselen etter å gå saman med Jesus ned til Golgata, slik at vi er klare til å feire oppstoda på påskedag.

Powered by Labrador CMS