Psykiater: Ingvard Wilhelmsen er den einaste hypokonderlegen i landet.

Dette bibelverset siterer hypokonderlegen for pasientane

– I Bergpreika får dei med helseangst ei spesialhelsing frå Jesus, seier Ingvard Wilhelmsen.

Publisert Sist oppdatert

Han er den einaste hypokonderlegen i Noreg, og driv sin eigen klinikk på Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen.

– Jesus seier mykje om å ikkje vere bekymra, men ikkje alle kristne tar det like alvorleg, seier psykiateren.

I søndagens tekst ber Jesus disiplane om ikkje å uroa seg.

– Tru på meg

Jesus skulle snart dra frå disiplane, for om ikkje lenge ville han bli drepen.

Judas hadde alt gått av stad for å svike Guds son, og Peter hadde fått vite at han kom til å gjere det same.

Disiplane var urolege, men Jesus seier likevel at dei ikkje må bli gripne av angsten, men av trua på han.

Bibelteksten for andre søndag i adventstida

Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. Og dit eg går, veit de vegen.»

Evangeliet etter Johannes, kapittel 14, vers 1–4

Kjelde: Bibelen 2011

Grunnlaget i livet

Wilhelmsen seier trua på Jesus har vore grunnlaget i livet heilt frå han var barn av. Trua har gitt ein tryggleik, samtidig som kristne ikkje er verna mot sjukdom og plagar.

Det har han fått erfare sjølv.

Trettifem år gammal vart han utan forvarsel lam. Han fekk ein akutt infeksjon i ryggmergen. Det heile skjedde på åtte timar.

Sidan den gong har han vore dårleg til beins.

Hypokondrar: Ingvard Wilhelmsen seier hypokondrar må lære seg å sleppe kontrollen for å bli friske.

Då Wilhelmsen var på sjukehuset, fekk han besøk av nokon som salva og bad for han.

– Eg tenkte at eg kom til å bli så frisk som eg skulle for å gjere det som var kallet mitt, nemleg å vere lege og etter kvart bli foredragshaldar og folkeopplysar. Slik blei det også.

– Gud har gitt oss ulike evner, og dei må vi bruke der vi er kalla, seier han.

Helseangst

Hypokondrar er menneske med overdriven helseangst.

Å vere litt bekymra er bra, meiner Wilhelmsen. Problemet oppstår når ein forsøker å ta kontroll over det ein ikkje kan kontrollere.

– Hypokondrarbrukar livet på å forsøke åikkje døy, sjølv om dei ikkje kan gjere noko med døden, seier han.

Psykiateren er for mange eit siste forsøk på å bli frisk. Difor får han berre dei verste tilfella av hypokondri.

Sjølv om pasientane får maksimalt fire timar med behandling, blir dei fleste friske.

Personleg er Wilhelmsen ingen hypokonder.

– Eg brakk ein virvel i ryggen for fem år sidan, då tok eg ikkje røntgenbilde før etter eitt år, seier han.

Bli ikkje gripe av angst

Psykiateren har eit spesielt forhold til dei bibeltekstane som handlar om bekymring og uro.

Teksten for kommande søndag gir meining for han.

– Å bli gripe av angst, slik det heiter i teksten, er ei god beskriving av kva ei angstliding er. Angst kan vere nyttig i farlege situasjonar, men hypokondrar bekymrar seg sjølv når dei ikkje er i fare. Angsten har med andre ord gripe dei, seier Wilhelmsen.

Jesus er tydeleg på at ein ikkje skal bekymre seg, meiner han.

– Vi skal halde oss til det som kan gjerast noko med, og ta ein dag om gongen, for vi veit ikkje ein gong om morgondagen kjem.

Siterer Bibelen

Wilhelmsen har skrive mange bøker. I fleire av dei siterer han Bibelen.

Det gjer han også i terapirommet frå tid til annan.

– Alle har høyrt om Jesus. Han meiner ting som er veldig likt det eg vil få fram. Difor er det fint å kunne bruke han, seier psykiateren.

Forfattar: Ingvard Wilhelmsen har skrive fleire bøker om helseangst. Her les han i den første boka han skreiv, Livet er et usikkert prosjekt.

Det er særleg eitt vers han likar å sitere til pasientane, nemleg Matteus 6,27.

– I Bergpreika får hypokondrane ei spesialhelsing frå Jesus. Han spør dei: «kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?», seier Wilhelmsen og legg til:

– Det er akkurat det dei trur dei kan.

Eit usikkert liv

Menneske med angst forsøker å ta kontroll over ting som ikkje er kontrollerbart. Det kan vere døden, framtida eller kva folk tenker om ein.

Dei aller fleste kan bli friske, forklarar psykiateren.

– Dersom ein innser at ein heldt på slik, kan ein akseptere at livet er usikkert og ukontrollerbart. Du kan leve sunt, ete frukt, trene og la vere å røykje, men bli skoten eller døy i ei ulykke likevel.

– Godtar ein at livet ikkje lar seg kontrollere, og enn så lenge vel å tru at det vil gå bra, så må ein oppføre seg deretter. Då må ein til dømes styre unna sikringsåtferd og unngåingar, seier han.

Er ein redd for å lese om kreft, skal ein gjere det. Er ein redd for å gå aleine i skogen, skal ein ta seg ein tur på eigen hand. Han forklarar at då vil angsten først gå opp over, men etter ei tid gå nedover igjen.

Powered by Labrador CMS