Biskop besøkjer urolege hus: – Folk høyrer lyder, det skjer uforklarlege ting
Biskop Olav Øygard har erfaring med folk som hevdar dei ser gjenferd, høyrer lydar og opplever uforklarlege ting.
Saka vart først publisert i desember 2022. Vi tek den fram att til glede for nye lesarar.
Liturgien for «heimsøkte» hus har sitt opphav i samisk kyrkjeliv og er sjeldan i bruk.
Den vart offisielt vedtatt av kyrkjemøtet i 2013, men biskopen i Nord-Hålogaland, Olav Øygard, har besøkt det han kallar «urolege hus» i over førti år, for å be om Guds fred.
Velsigning av hus og heim
Biskopen seier han ikkje er opptatt av å forklare kva fenomena folk opplever er.
– Folk høyrer lyder, det skjer uforklarlege ting, dei føler seg urolege og ser ting som ikkje er der. Det kan vere vonde makter som forstyrrar, men det er like sannsynleg at det er ei naturleg forklaring.
– I enkelte tilfelle kan det handle om psykiatri, seier han.
Øygard vil ikkje kalla det han driv med for eksorsisme, men er i første rekke ute etter å velsigne heimane og arbeidsplassane til dei som ønsker det med Guds fred.
– Forsakinga av djevelen, som er ein del av liturgien, er nok det næraste du kjem ei utdriving av vonde ånder, seier han.
Resultat
Den første gongen biskopen var på husbesøk for å velsigne ein «uroleg heim», var han nokså ny som prest.
Det var ingen liturgi enno, så biskopen gjekk heilt enkelt frå rom til rom og bad ei bøn.
Fleire år seinare vart han kontakta av dei han var hos.
Huset hadde blitt heilt forandra, og dei hadde fått fred.
Vondskap
Jan-Ole Berntsen (62) er soknepresten i Sørreisa kyrkjelyd.
Han blei prest i ein alder av 51 år, men har alt brukt liturgien fleire gongar.
Berntsen trur det dei som bur i desse «urolege husa» opplever er reelt, men at det nokre gongar kan vere snakk om at psyken spelar dei eit puss.
– Eg trur djevelen kan omskape seg til ulike skikkelsar for å skremme folk. Vondskapen sin andehær er ein realitet, seier presten.
«Tynne stader»
Berntsen trur enkelte fysiske stader er nærare den himmelske dimensjonen, og at det der er lettare å komme i kontakt med Gud.
– Andre stader er nærare det djevelske, seier han.
Han har gjort liturgien til sin eigen, for å få fram eit poeng han meiner den offisielle versjonen ikkje understrekar godt nok. Nemleg at Jesus har sigra over det vonde.
– Eg trur vi menneske er ein del av eit kosmos med ein større dimensjon. Dei som bur i urolege hus må sortere kvar det vonde kjem frå, nemleg djevelen sjølv, og han har Kristus overvunne.
Seremonien
Presten kjenner ofte at det er ei tung stemning i husa.
Det første han gjer er å få greie på kva det er dei har opplevd i huset.
Deretter går han rundt i dei ulike romma for å kjenne på stemninga saman med dei som bur der.
Nokre gonger er dei så redde at dei ikkje tør vere med. Då gjer han det åleine.
Deretter går han ned til stova eller kjøkkenet og set i gong med sjølve liturgien.
Han les frå Bibelen, ber og syng salmar.
Så avsluttar han med velsigninga.
Det heile går veldig roleg for seg.
– Eg har ikkje noko å komme med i meg sjølv, men eg kan bruke liturgien, Guds ord og bønn, seier han.
Fred i husa
Presten har fått tilbakemeldingar om alt frå at det kom ein fred over huset, til at ting er som før.
Fleire har vore så fortvilt at dei har vendt seg til andre religiøse aktørar før dei har kontakta kyrkja som eit siste forsøk.
– Det er sterkt når folk som har opplevd seg så avgrensa i deira eigen heim at dei nesten ikkje tør å vere der, får fred etter liturgien er utført, seier han.
Brukt i fleire bispedømme
Liturgien har offisielt fått namnet Liturgi for velsigning av hus og heim.
Dagen har spurt alle dei elleve bispedømma – kyrkja sine fylke – om dei kjenner til at den er brukt i deira bispedømme.
Bjørgvin, Sør- og Nord-Hålogaland, Tunsberg, Agder og Borg svarte ja.
Hamar og Oslo svarte nei.
Nidaros, Møre og Stavanger har ikkje svart.
Du finn heile liturgien her.