NATTVERDSEKSPERT: Gudmund Waaler er fungerande biskop i Bjørgvin og har skrive doktorgrad om nattverden.

Difor føretrekker eksperten nattverdvin med alkohol

– I den grad eg får bestemme i ei forsamling, så vil nattverdvinen innehalde alkohol, seier den fungerande biskopen i Bjørgvin.

Publisert

Kyrkjer verda over markerer i desse dagar Skjærtorsdag.

For over 2000 år sidan innstifta Jesus nattverden då han åt sitt siste måltid saman med disiplane. Kort tid seinare døydde han på krossen.

Sidan den gong har det segnomspunne måltidet stått i kjernen av kristen tru.

Men korleis skal kristne eigentleg forstå nattverden? Og korleis skal dei praktisere den?

Det har vi spurt Gudmund Waaler om. Han har nemleg skrive ei doktorgrad om temaet.

Kva gir nattverden?

Waaler er til vanleg domprost i Bergen og førsteamanuensis ved NLA Høgskolen, men sit for tida som fungerande biskop i Bjørgvin.

Ein av dei store usemjene i kyrkjehistoria, forklarar han, er om Jesus verkeleg er til stades i brødet og vinen eller ei.

Waaler er klar på kva han meiner: Jesus er verkeleg nærverande i nattverden. Difor står den heilt sentralt i det kristne fellesskapet.

– Er Jesus verkeleg til stades i vinen og brødet, og kyrkja er fellesskapet rundt Jesus, så er nattverden det som gjer ei kyrkje til ei kyrkje, seier han.

Nattverd: Gudmund Waaler meiner Jesu nærvær i nattverden er å forstå konkret.

Waaler meiner det omstridde spørsmålet også er avgjerande for om nattverden formidlar frelse eller ei, noko han meiner er tilfelle.

Det forklarar han med at dersom Jesu nærvær i brødet og vinen er reint konkret, så gir måltidet dei som deltek i det fellesskap med Gud, og å ha fellesskap med Gud er frelse, resonnerer han.

– Vi kan ikkje seie noko sikkert om kven som blir frelst. Men let du deg døype, trur du på Jesus, vedkjenner du syndene dine og går du til nattverd, så kan du stole på løfta om frelse, seier den fungerande biskopen.

Nattverdens tid

I doktorgrada si, Nattverden som offer, undersøkte Waaler mellom anna kva Jesus meiner når han ber disiplane om å feire nattverden «til minne om» han.

Sjølv om det kan høyrest ut som eit tilforlateleg uttrykk, er det langt meir gjennomtenkt enn som så.

PHD: Gudmund Waalers PHD, «Nattverden som offer».

Det greske ordet som er brukt siktar nemleg ikkje til eit minne i vanleg forstand.

Waaler forklarar.

Jesu liv er på den eine sida historisk, men har på den andre sida ei evig betyding.

Då Jesus ber dei som følgde han om å hugse på han, er difor ikkje poenget at dei intellektuelt sett skal tenke over den historiske augneblinken der måltidet fann stad.

Poenget er at dei kristne, kvar gong dei feirar nattverd, så å seie deltar i det same måltidet som Jesus innstifta på Skjærtorsdag for over 2000 år sidan. Jesus er nemleg like fullt til stades når dei feirar nattverd i dag, som han var den gongen, ifølge Waaler.

Fleire omstridde tema

Det har ikkje berre vore omstridd korleis ein skal forstå nattverden teologisk. Ein har også diskutert kven den er til for. I Den norske kyrkja er det i teorien mogleg for prestar å halde tilbake brødet og vinen.

Det er ei ordning som er blitt til utifrå ideen om at nattverden berre er til for dei døypte.

Difor skapte det debatt når Borgs tidlegare biskop, Atle Sommerfeldt, opna for nattverd for ikkje-kristne i fjor vinter. Waaler kjenner ingen tilfelle der prestar har halde tilbake nattverd, men er ikkje einig med Sommerfeldt.

– Eg ville ikkje nappa elementet ut av munnen på nokon, men nattverden er ikkje for udøypte eller ikkje-kristne, seier han.

Alkohol i vinen

Ein har også lenge diskutert kor vidt det skal vere alkohol i nattverdvinen eller ei.

Waaler er klar på kva han meiner.

– I den grad eg får bestemme i ei forsamling, så vil nattverdvinen innehalde alkohol, seier han.

– Kvifor det?

– Det er heilt enkelt fordi det var alkohol i vinen då Jesus innstifta måltidet på Skjærtorsdag. Og så er det jo eit festmåltid, og ein heldt ikkje festmåltid med eit tørt oblat og alkoholfri vin.

– Verkar nattverden utan alkoholhaldig vin?

– Ja, det gjer den.

– Bør ein ikkje då ta omsyn til dei som slit med alkohol?

– Dersom det er ein «triggar» for nokon, tenker eg dei må ta ansvar for det sjølv. Men det er klart at i ei forsamling der mange slit med alkohol, bør ein ta omsyn, seier han.

Åndeleg liv

Waalers interesse for nattverden starta med at måltidet vart viktigare og viktigare for det åndelege livet hans. Han seier det er særleg éin stad han opplever at Gud kjem nær når han feirar nattverden.

Eit par gongar i veka samlar nemleg eit tverrkyrkjeleg fellesskap seg til gudsteneste i sidekapellet til Domkyrkja i Bergen, Skrudhuset. Der møtes dei kl. 08.00 om morgonen rundt brødet og vinen.

Domkyrkja: Sidekapellet til Domkyrkja i Bergen heiter Skrudhuset, som Waaler meiner er det vakraste kyrkjerommet i byen. Her frå ei ørkenmesse i Skrudhuset.

Når Waaler går til nattverd der, så senkar verkeleg skuldrene seg og han opplever å kunne kvile i Jesus.

– Eg kjenner at her er eg ein del av noko større enn meg sjølv, seier han.

Powered by Labrador CMS