Psykolog: Elisabeth B. Husabø er pastor og doktor i psykologi. Ho har forska på ungdommar med angst.
Johanna Hundvin Almelid
Difor trur psykologen du blir lykkelegare av å gå i kyrkja
– Dei lykkelegaste menneska tar inn over seg heilskapen av livet, og det mogleggjer den kristne trua, seier pastor i Salt Bergenskirken og doktor i psykologi, Elisabeth B. Husabø.
Verdas lykkerapport for 2022 viser at Noreg, som ofte har toppa lista som det lykkelegaste landet, no har falt ned til åttande plass.
Verda over er folk meir stressa og bekymra.
I bibelteksten som prestar over heile landet skal tale over kommande søndag, snakkar Jesus om lykke.