- Eg har grine kvar einaste dag
Sonen til den verdskjende pastoren Rick Warren og kona Kay bad fleire gonger om hjelp til å døy. No vil ekteparet arbeide for meir merksemd rundt psykisk sjukdom.
I april tok sonen Matthew livet sitt, 27 år gammal.
- Eg har grine kvar einaste dag sidan Matthew døydde. Men det er faktisk ein god ting. Sorg er ein god ting. Det er slik vi kjem gjennom dei store overgangane i livet, seier Rick Warren i eit eksklusivt intervju med CNN som vart sendt tysdag.
Sjå klipp frå TV-intervjuet i videovindua i høgrespalta og toppen av artikkelen.