Eg trudde abort var den beste og lettaste løysinga
Eg var av dei som trudde det ikkje påverka meg, eg var åpen om det eg hadde gjort og skamma meg ikkje.
Eg trudde det var den beste og lettaste løysinga. Eg var for ung, eg var ikkje egna, dei som eg hadde rundt meg, var dei egna?
Kunne eg stole på at nokon kom til å stille opp? Nei. Det var jo ikkje eit liv, ikkje enno, det var det dei sa - folk, legen, samfunnet.
Det var det eg trudde. Ville tru. Det var den beste og lettaste løysinga. Trudde eg. Den gongen.
Eg ønsker å vere ei stemme for det ufødte liv, men like mykje ei stemme til og for deg - kvinna - jenta - som har tatt, vurderer eller kjem til å vurdere ein abort. Det er eit liv, det du bar, ber eller kjem til å bere inni deg. Og ditt liv.
Eg var av dei som trudde det ikkje påverka meg, eg var åpen om det eg hadde gjort og skamma meg ikkje. Kort tid etter aborten fekk eg likevel tankar om å ta mitt eige liv. Eg forstod ikkje samanhengen den gongen.
Livet gjekk vidare, eg tenkte ikkje mykje på det, trengte ikkje å bearbeide det. Det skulle ta nesten ti år før eg forstod, forstod kva eg hadde gjort og korleis det hadde påverka meg.
Det er ikkje naturleg for ei kvinne å ta livet av sitt eige barn. Barnet som eg var meint til å føde, elske, beskytte og oppdra. Klart det gjorde noko med meg.
I 2016 fekk eg eit sterkt møte med Jesus. Det forandra livet mitt. Først då forsto eg.
Mange av dei kristne som eg delte dette med sa med gode intensjoner det same, «du visste ikkje kva du gjorde», men det var ikkje dette som skulle setje meg fri. Det var då eg fekk erkjenne skyld - eit liv var tatt, og eg var den skuldige - at eg fekk oppleve Guds nåde.
Friteken frå den fortente straff. Det er dette som er evangeliet, det gode budskapet. Ein Gud som ga sitt eget liv, tok min straff på seg, så eg kunne gå fri - tilgitt. Så høgt er me elska av han.
Han har alt gjort det, og alt eg kunne gjere var å ta i mot, å velgje å følgje han. Evangeliet - Guds kraft til frelse - frelse betyr redning - redningen er Jesus. Frikjøpt frå synd og gitt evig liv. Forsont med skaparen. Eg er takknemleg.
Så fekk eg sørge. Eg opplevde ein Gud som er nærverande, ein Gud som trøystar.
Dette var vegen til fridom. Legedomen som eg i så mange år trudde eg ikkje trengte kom gjennom dette, omvending - vende om å be om tilgjeving for det eg hadde gjort - ta i mot nåden, den ufortente mangel på straff.
Og så måtte eg tilgi meg sjølv. Å sørge over dette livet som skulle ha vore levd.
Eg trur på ein levende Gud som set fri og gjev legedom til sjela, der me ber med oss alt dette som me trur me ikkje ber med oss. I åra som har gått har eg opplevd å få legge av fleire byrder hos han som kaller seg «evig far».
I dag, fire år seinere er eg gift og drøymer om å bli mor. Om det er biologiske barn eller ikkje, er ikkje så viktig. Barn er ei gave frå Gud.
Til deg som er i ein liknande situasjon vil eg seie: Søk hjelp, kontakt ei forsamling eller ein kyrkjelyd. Det er nokon der ute som ønsker å hjelpe deg: Menneske som kan og vil hjelpe deg på vegen som mor, eller som kan overta omsorga for barnet du ber fram.
Og til deg som allerede har tatt valet: Det er nåde og tilgjeving i Jesu namn og dyrebare blod. Du er elska.