VAR HØGT OPPE: Kvar veke benkar hundretusenvis av nordmenn seg framfor fjernsynet for å sjå TV-pastoren på TV 2 i 2002.

Egil Svartdahl var på toppen av TV-karrieren. Så fekk han plutseleg hjarteinfarkt

Då innsåg kjendis-pastoren at det var på tide å ta grep: – Eg var for grenselaus, for lenge.

Publisert Sist oppdatert

Intervjuet ble først publisert i mai 2023.

Året er 2002 og karrieren til Egil Svartdahl går så det suser.

Kvar veke benkar hundretusenvis av nordmenn seg framfor fjernsynet for å sjå TV-pastoren på TV 2.

Samtidig er han også lokal-pastor for den karismatiske forsamlinga Filadelfia Oslo.

Livet er travelt, og han har lenge kjent på eit indre press.

Så smeller det.

Sjukebilen

Svartdahl hadde nyleg vore hjå legen og fått beskjed om å ta grep.

Enten måtte han begynne å trene og endre kosthald, eller så måtte han rekne med å få eit hjarteinfarkt i løpet av dei neste ti åra.

Han tar det opp med staben i Filadelfia, som finn ut at dei skal begynne å trene saman i ein turnhall rett over gata frå kyrkja, midt i Oslo sentrum.

Filadelfia Oslo: Egil Svartdahl utanfor kyrkjebygget i Oslo sentrum.

Men allereie på første trening skal det gå gale.

Svartdahl kjem for seint, og får ikkje varma opp. Han kastar seg på der dei andre er i økta.

Etter ganske kort tid smeller det til i hjartet.

– Eg følte det som om ein elefant stod opp på brystet mitt, seier han.

Han går bort til trenaren deira og forklarar situasjonen.

«Det vil nok gå over. Sett deg ned og slapp av litt», får han beskjed om.

Svartdahl set seg ned. Likevel blir smertene verande.

Men trenaren lar seg ikkje vippe av pinnen. «Prøv med eit glas vatn», foreslår han.

Svartdahl prøver, men det gir seg ikkje. Han tek igjen kontakt, men trenaren er framleis like lite bekymra, og anbefaler den kjente pastoren å legge seg nedpå ei matte.

«Det går nok over snart».

Så skjønner ein av kollegaene frå Filadelfia alvoret. Dette kan vere snakk om hjartesvikt.

Han ringer ambulansen.

Kort tid etterpå er ambulansepersonalet på treningssenteret og kan bekrefte bekymringa. Dette er sannsynlegvis eit hjarteinfarkt.

– Eg hadde fått kjensla av at trenaren kanskje tenkte at eg berre klaga fordi eg hadde litt dårleg kondisjon. Så då blei eg veldig glad, for då tenkte eg at dei ikkje hadde reist ut for ingenting.

På sjukehuset

TV-pastoren blir lagt på ei båre og tatt med ut i ambulansen. Då han frå gatenivået ser fasaden til Filadelfiakirken over seg, går alvoret i situasjonen opp for han.

«Kjære meg, korleis skal dette gå?», tenker han.

Han blir køyrt av garde med blålys til Ullevål universitetssykehus.

Behandlinga begynner alt i bilen. Han blir spurt igjen og igjen om han framleis har vondt.

Smertande varar ved.

– Då høyrer eg ein av dei seie: «Han toler jo meir morfin enn ein narkoman, han der», seier Svartdahl og ler når han ser tilbake på situasjonen.

Då dei kjem fram, står eit legeteam klare til å ta imot han.

Der blir det slått fast. Det er hjarteinfarkt. Behandlinga startar umiddelbart.

Dagen etter melder aviser over heile landet om den 48-årige TV-pastoren som er innlagt på sjukehus.

Inga eksistensiell krise

Når Svartdahl ser tilbake på hendinga over 20 år seinare, er han takksam for at han overlevde. Ikkje minst på grunn av familien.

– Eg er ektemann, far til fem og no bestefar til tretten. Vi har hatt stor glede av kvarandre og eg er glad for at eg har fått mange gode år saman med dei, seier han.

TV-Pastor: I årevis var Egil Svartdahl å sjå på TV 2 kvar veke.

Samtidig kan han ikkje hugse å ha kjent på noka akutt angst for å døy.

– Den eksistensielle frykta hadde eg nok lite av, seier han.

Likevel vart dei etterfølgjande månadane prega av melankoli, og han beskriv hendinga som ei tøff oppleving.

– Eg fekk eit altfor stort hjarteinfarkt altfor tidleg.

Indre press

Den no 68 år gamle pastoren trur legen hadde rett i at kosthald og kondisjon hadde ein del av skulda for infarktet, men meiner hovudårsaka var noko heilt anna.

Over årevis med teneste som pastor, TV-kjendis og att på til familiefar hadde tatt på. Kalenderen var full og Svartdahl hadde over ein lengre periode kjent på eit stort indre press.

– Eg var for grenselaus, for lenge. Eg hadde ikkje vore flink nok til å ta vare på meg sjølv, seier han og legg til:

– Samtidig var det nok ikkje arbeidsmengda, men det indre presset eg kjente på som utløyste det.

Amerikansk studie

Svartdahl vart sjukmeldt i fleire månader. Det tok tid å komme til hektene igjen.

Fleire amerikanske studiar, mellom anna frå Lifeway Research og Barna, tyder på at pastorar opplever yrket som svært stressande.

Etter hjarteinfarktet vart Svartdahl nøydd til å ta grep.

– I fleire år tenkte eg at så lenge det var plass i kalenderen, skulle eg ta på seg det eg vart spurt om, seier han.

Dei siste 20 åra har begynt i andre enden. No startar han med å legge inn fridagane før han set opp avtalar.

Å bere frukt

I søndagens tekst snakkar Jesus om at dei som følger han skal bere frukt. Svartdahl trur det å bere frukt mellom handlar om resultatet av den tenesta ein legg ned for Guds rike.

Likevel meiner han det finst fleire nyansar.

– Eg kan meg tenke at mange har stått i fare for å bli utslitne og utbrent av ei einsidig resultattenking, seier han.

Søndagens tekst, femte søndag i påsketida

Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn. Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det. For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.

Evangeliet etter Johannes, kapittel 15, vers 1–8

Bibelselskapet 2011

For Svartdahl har det vore viktig å erkjenne at han som pastor ikkje alltid strekker til.

– Når du er pastor, og att på til ektemann og far, betyr det at ein må leve med behov som er større enn det eg klarer å møte. Det var nok opplevinga av å ikkje strekke til, det indre presset som kom av at det alltid var meir eg kunne gjort, som førte til infarktet, seier han.

Har du tips til ei historie eg bør skrive om?
Eg er interessert i sterke historier fra kristen-Norge. Har du du tips til ei historie eg bør skrive om eller tankar om denne saka, er du velkommen til å kontakte meg.
Powered by Labrador CMS