Er endetida no? Difor trur ho Jesus snart kjem igjen
– Vårt kall er å vere klare til den siste dag, seier Aud Karin Ringvoll, forkynnar i Indremisjonsforbundet (Imf).
Ho har alltid vore opptatt av endetida, og jobbar i dag mellom anna med å undervise om temaet.
I teksten for kommande søndag snakkar Jesus om at han skal koma tilbake til jorda.
Jesu tilbakekomst
Jesus sit åleine med disiplane på Oljeberget då dei spør om når han skal koma tilbake til verda, og korleis dei skal vita at det nærmar seg.
Han fortel dei om ulike teikn dei skal sjå etter, kjem med åtvaringar mot kva dei skal passa seg for, og formanar dei til å vake og be.
Samtidig seier han at ingen, utanom Faderen, veit akkurat når han kjem tilbake.
Frykt og forkynning
Ringvoll seier ho er påverka av ei forkynning rundt Jesu tilbakekomst som skapte frykt.
– Mi eiga oppvekst på bedehuset var prega av det.
Det har sett spor i ho.
– Eg er glad for at eg etter kvart møtte forkynning som skapte meir tryggleik og forventning. Seinare har eg arbeidd vidare med stoffet, og undervist om temaet. Eg ønsker å ha fokus på Jesus, på kven han som kjem er.
– Samtidig er det eit alvor med to utgangar av livet, seier ho.
Vak og be
Rogalendingen seier vi som kristne ikkje treng å vere redde for Jesu tilbakekomst.
– Men alvoret knytt til at vi er på veg gjennom livet mot ei æve, må vere med. Forkynninga skal ikkje ha fokus på å skape uvisse og frykt, men på å løfte opp Jesus som den som gir evig liv, framtid og håp.
– Vårt kall er å vere klar til den siste dag, det vil seie å leve med Jesus, og som kristne i kvardagen engasjere oss i misjon, kyrkjelyd og samfunn, seier ho.
Teikn i tida
Ringvoll trur vi lever i dei siste tider.
– At den siste dag nærmar seg er eg overtydd om på grunn av alt som skjer verda i vår tid.
– Kva teikn ser du til at det nærmar seg?
– Bibelen talar for eksempel om teikn i naturen og verda med klimatruslar, krigar, og andre utfordringar. Det faktum at dette aukar i omfang og intensitet, fortel at dagen nærmar seg, seier ho.
Imf-forkynnaren trur fleire profetiar om dei siste tider er i ferd med å gå i oppfylling.
– Profetiane om Messias frå Det gamle testamentet var vanskelege å forstå før Jesus kom og oppfylte dei. Slik trur eg det vil vera med profetiar om dei siste tider og med Jesu´ tilbakekomst også. Bibelen fortel oss det før det skjer, for at vi skal forstå det når det skjer.
Ein lang prosess
Gordon Tobiassen er forkynner i Ordet og Israel, og har reist rundt i landet i 50 år for å undervise om mellom anna Jesu tilbakekomst.
– Vi er kommen til dei siste av dei siste dagar. Det vil oppstå eit kaos når alle kristne blir rykka opp, seier han.
Likevel trur han det er ein lang prosess.
– Det er forskjell på dei siste dagar og endetida. Dei siste dagar begynte alt då Jesus kom.
Han meiner vi skal gjennom tre stadium før den fulle gjenopprettinga av Guds rike skjer.
– Først kjem Kristi dag, det er når Jesus hentar kyrkja heim og verda går inn i ei trengselstid. Etter det kjem Herrens dag. Då skal nasjonane bli dømt, før jorda går inn i ein fredsperiode på tusen år. Til slutt kjem Den siste dag, som er det vi gjerne kallar for dommedag, seier han.
– Korleis bør vi kristne forholda oss til at det nærmar seg?
– Vi må vake, be og ta oss tid med Guds ord. Når du gjer det heldt du anden din brennande.
– Kor lenge er det til han kjem igjen?
– Det er ingen som veit kva dag eller time det blir, heller ikkje Jesus sjølv. Likevel er det mange teikn i vår tid på at det nærmar seg. Det vi veit er at på Kristi dag vil millionar av menneske plutseleg vil forsvinne frå jorda. Det vil oppstå eit enormt vakuum – berre her i landet vil hundretusenar plutseleg bli rykka opp, seier han.