Ernæringsfysiolog til kristne: Derfor bør du ofre maten i fastetida
– Lettare å komme nærare det spirituelle når du avstår frå mat, meiner fasteforskar Inge Lindseth.
Oskeonsdag startar den kristne fastetida.
Dei 40 dagane før påske er til minne om då Jesus gjekk 40 dagar og 40 netter i ørkenen utan å ete eller drikke.
Målet med fasta er å komme nærare Gud og nærare menneske.
Mange kristne hevdar at det er nettopp dette som skjer når dei byter ut mjølk og brød med bibel og bøn.
Men er gudsnærværet under fastinga berre placebo? Eller skjer det noko i kroppen som opnar oss opp for det andelege når vi ikkje et?
Skjerpar kropp og sjel
Ernæringsfysiolog Inge Lindseth blir rekna som ein av Noreg sine fremste ekspertar på faste. I vinter kom han ut med boka «Femdagers nullstilling. Forny kroppen innanfrå med spisende faste».
– Så lenge du et fire måltid med lite protein og ikkje alt for mykje energi får du betre smaksopplevingar og gode fasteeffektar, er bodskapen til Lindseth.
Fasting kan bremse sjukdom og aldring. Kroppen skjerpar seg og heile systemet fungerer betre.
Ein annan fasteeffekt kan vere kjensla av gudsnærvær.
– Hjernen blir meir romsleg når du ikkje et, forklarer ernæringsfysiologen.
– Når du er svolten og må ha mat blir du ikkje så opptatt av alle moglege detaljar. Du må konsentrere det om det som er viktig.
Samtidig viser forsøk på dyr at kroppen produserer meir opioid når vi fastar.
– Dette stoffet dempar smerter og gir velvære. Ein kan bli litt euforisk. Dette kan kanskje forklare den spirituelle opplevinga, seier Lindseth.
– Fordel med andeleg ramme
Alle dei fem store verdsreligionane praktiserer faste i ulik grad, men dei siste åra har faste også blitt populært som ledd i ein sunn livsstil.
Her til lands skaut fastedebatten fart i fjor då ernæringsbiolog, Marit Kolby, gav ut boka «kva og når skal vi ete». I boka tek ho til orde for å faste.
– Det har verkeleg komme mykje ny kunnskap berre dei siste 5 åra. Det verkar som om alle sjølv fastar, eller har nære vener eller familie som fastar, seier Lindseth.
Dei som har ei andeleg ramme på fastinga har ein fordel, trur han.
– Som religiøs eller spirituell går ein gjerne inn i fastinga med eit større perspektiv enn å fikse eigen kropp. Du fastar for noko større enn deg sjølv.
Dette kan gjere fastinga meir meiningsfull, ifølgje ernæringsfysiologen.
– Den klargjerande effekten av faste blir ikkje berre god for kroppen, men også for sjela. Ein kjem nærare noko spirituelt.
– Den beste fasten
Inge Lindseth brukar å faste fem dagar om gongen, minst ein gong i året. Det blir også spreidde fastedagar gjennom året.
Men ein stad går grensa.
Lindseth anbefaler ikkje å faste som Jesus i 40 dagar og 40 netter.
– Då er det mange som døyr faktisk, seier han.
Risikoen for hjartestans aukar når ein begynner å ete igjen etter ein ekstremfaste.
– Et du noko feil etter ti dagar med vassfaste kan det vere farleg, så du må vite absolutt vite kva du gjer, legg Lindseth til.
Vassfaste er å ikkje ete eller drikke noko anna enn vatn.
I staden tilrår Lindseth ein slags etande faste, med eit svært avgrensa inntak av feitt og energi, omlag 700 kaloriar eller ein tredjedel av det du et til vanleg.
– Gjer du dette kan du nyte både påskelam og påskeegg utan å uroe deg, samstundes som du får dei gode fasteffektane, ifølgje ernæringsfysiologen.
– Kva råd vil du gi dei som fastar for første gong nå før påske?
– Er du redd kjensla av å vere svolten kan det vere lurt først å hoppe over eit måltid, til dømes ved å ete middag litt tidlegare og utsette frukosten. Kjensla av svolt går over og kjem tilbake nokre timar seinare. Deretter kan ein starte med ein femdagars faste når tryggleiken i fastinga er større. Då gjer du noko det er noe som liknar litt det Jesus gjorde.
Kan verke mot føremålet
Leiar Norges Kristelige Legeforening, Otto Christian Rø, er meir tilbakehalden i møte med faste.
– Erfaring viser at somme blir meir opplagtde av å faste, medan andre blir lettere slitne, seier Rø.
Sjølv fastar han ikkje, verken før påske eller elles i året.
– Det viktigaste for meg er å forvalte kropp og sjel ved å leve sunt heile året, ikkje berre på visse dagar. Andre vil oppleve at ein andeleg konsentrasjon om fastetida er betre, men då må ein vera sikker på at ein ikkje påfører kroppen skade, understrekar legen.
Skade kan skje dersom ein fastar når ein er undervektig, har hjarte- og karsjukdommar, er gravid, ammande, gammal eller kronisk sjuk.
Forsking på mus at langvarig faste kan føre til vekttap og etter kvart muskeltap, førebyggje diabetes og gjere kreftsjuke meir mottakelege for cellegift, ifølgje Rø.
For å finne ein god balanse i fastinga tilrår han å ete kalorifattig to dagar i veka, men poengterer:
– Den kristne fastetida dreier seg ikkje om forsaking, men fordjuping, så ver nøye med kva som fyller merksemda di, seier Otto Christian Rø.