HLT: Anne Lise Søvde Valle er fagleg leiar ved Høyskolen for ledelse og teologi i Oslo.

Fagleg leiar på HLT meiner vi snakkar for lite om dommedag

– Dommen er ein del av essensen i evangeliet, seier ho.

Publisert Sist oppdatert

Gjennom fleire tusen år har kyrkja diskutert kvifor Jesus måtte døy.

I teksten for kommande søndag, blir spørsmålet reist igjen.

Det rører ved kjernen av det kristne evangeliet, men finst det eit endeleg svar?

Det har vi spurt tre kristne profilar om.

Søndagens tekst, fjerde søndag i fastetida

Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort. Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn. Lèt vi han halda fram slik, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.» Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: «De skjønar ingen ting. De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.» Det sa han ikkje av seg sjølv. Men fordi han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket. Ja, han skulle ikkje berre døy for folket, han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde rundt omkring. Frå den dagen la dei planar om å drepa han.

Evangeliet etter Johannes, kapittel 11, vers 45–53

Bibelen 2011

Det juridiske perspektivet

Jesu død har av mange blitt tolka gjennom juridiske bilde.

Ein av dei klassiske teologiske svara på kvifor Jesus måtte døy, er at han gjennom korset tok vår plass på tiltalebenken. Det var òg i ein «rettssak» Jesus vart dømt til døden for blasfemi av prefekten i Judea, Ponitus Pilatus.

Georg Fredrik Rieber-Mohn er katolikk, tidlegare riksadvokat (86–97) og seinare høgsterettsdommar (97–07).

JURIST: Georg Fredrik Rieber-Mohn er tidlegare dommar i Noregs Høgsterett.

Han meiner ein bør legge lite vekt på juridiske perspektiv når ein skal svare på kvifor Jesus måtte døy. Sjølve rettssaka mot han, seier juristen, er irrelevant med tanke på det.

– Den er berre eit middel som Gud bruker i sin frelsesplan, og er berre interessant fordi det største som har hendt i historia skjedde gjennom den. Nemleg at Gud opna vegen til himmelen. Det er poenget, ikkje rettssaka, seier han.

Den tidlegare høgsterettsdommaren understrekar at Jesu død og oppstode er avgjerande for det kristne håpet.

– Gjennom at han, ein syndfri mann som sona vår synd, har vi eit håp om å hamne i Guds famn og ein dag stå opp igjen frå dei døde, seier han og legg til:

– Han har vore eit sant menneske. Husk det. Han har kjent på alt vi kjenner på, men aldri gitt etter for synda.

Forsoning mellom Gud og menneske

Torstein Theodor Tollefsen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo. Han har spesialisert seg i kyrkjefedrane si tenking mellom 300–900 talet e.Kr. og er sjølv ortodoks.

UIO: Torstein Theodor Tollefsen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo.

Tollefsen meiner også at det ikkje gir meining å snakke i juridiske bilde når vi skal forklare korleis Jesu død forsona Gud med menneska.

– Gjer vi det, får Gud ein spalta personlegdom, seier filosofen.

Han forklarar.

Skal ein tru på treeininga som eitt vesen samtidig som ein trur at Jesus tok dommen for Guds vreide overfor menneska, får ein eit logisk problem. Då står to personar i eitt og same vesen i direkte strid med kvarandre.

Faderen blir aktor, mens Jesus sit på tiltalebenken.

Heile treeininga deltar

Tollefsen forstår det heller slik at heile treeininga deltar i forsoninga mellom Gud og menneske. Målet med Jesu død er å lækje alt det som var blitt øydelagd av synda; å gjere alt frå relasjonen mellom Gud og menneske til det skadde skaparverket heilt igjen.

Jesus døydde for å ta vår straff, men vi misforstår omgrepet «straff» dersom vi blandar inn moderne, juridiske omgrep.

– Religiøs straff kan ikkje samanliknast med verdsleg straff. Guds straff må ha ei hensikt. Det ekstraordinære med Gud er at han tilgir. Forsoninga må då vere at vi mottar Guds kjærleik, seier han.

Professoren understrekar at Jesu død alltid må bli sett i samanheng med oppstoda.

– Han døyr og står opp som menneske. Gjennom det utslettar han dei kreftene som vil utslette oss, seier filosofen.

Dommen

Anne Lise Søvde Valle er fagleg leiar ved Høyskolen for ledelse og teologi i Oslo. Ho har mellom anna fordjupa seg i truslære.

Valle meiner det juridiske perspektivet er eit godt rammeverk for å forklare Jesu død. Ho kallar behovet for eit offer ei åndeleg lov.

– Jesu død var ein føresetnad for forsoning mellom menneska og Gud. Det kan nesten verke grotesk. Den harde realiteten er likevel at dersom han ikkje hadde gått i døden for oss, hadde det ikkje vore noka frelse, seier ho.

TEOLOG: Anne Lise Søvde Valle har mellom anna fordjupa seg i systematisk teologi.

Valle seier det finst eit anna perspektiv på Jesu død og forsoning vi snakkar for lite om. Nemleg at den førebur oss til dommedag.

– Dommen er ein del av essensen i evangeliet, seier teologen.

Den dagen vil vi alle stå i skuld til nokon, meiner ho. Utan Jesu verk har vi difor ingen ting å stille opp med. Gjennom trua på han, skal vi likevel gå fri.

Ho trur mange ser på dommedag som noko negativt og skremmande. Men ho meiner det ligg eit håp i dommen. Då skal Gud ta eit oppgjer med vondskapen i verda; der skal offera for overgrep og liding få rettferd.

Tre klassiske svar på kvifor Jesu måtte døy

I teologien er det særleg tre utbreidde svar på spørsmålet om kvifor Jesus måtte døy:

1. Kristus sigrar over døden, synda og Satan:

I oldkyrkja vaks det fram ei forståing av at Jesus, gjennom sin død, sigra over synda, døden og Satan. Dette blir på fagspråket kalla Den klassiske forsoningsteorien.

2. Kristus tar vår straff og dom:

Under den tidlege mellomalderen vaks det fram ei anna forståing med erkebiskop Anslem av Canteburry i spissen. Han levde på 1000-talet og meinte Jesus som i ein rettssak tok vår straff og dom slik at Guds vreide blei tilfreds. Dette blir kalla Den objektive forsoningsteorien.

3. Kristus lir med oss:

Med den franske filosofen og teologen Pierre Abélard som levde på 1100-talet i spissen, utvikla det seg etter det enno ein måte å forstå det på. Han tenkte at Jesu liding og død viser Guds kjærleik til menneska. Gjennom å bli menneske lir Jesus med oss. Ved å slutte oss til han blir vi forsona med Gud. Dette kallar ein Den subjektive forsoningsteorien.

Kjelde: Store norske leksikon

Powered by Labrador CMS