PREST: Geir Gundersen er tidlegare prest og heldt morgonandakter i NRK i over 40 år.
Herman Frantzen
Geir Gundersen har øvd seg på å vere åleine i to år
«Du har eit lyst sinn,» brukte kona å seie. Til hausten er han aktuell med boka «Mi sorg er lys».
– Eg og Liv hadde ein pågåande og evig samtale. Det var slik vi såg det begge to. Det var noko av det viktigaste i relasjonen mellom oss. No må eg føre samtalen med meg sjølv. I åleinelivet og med Gud. Det er ein fin del av øvinga, seier Gundersen, som mellom anna er kjend som andaktshaldar i NRK og for sitt karakteristiske «god morgon».
Knust og djupt lukkeleg
4. oktober 2022 døydde kona Liv Riiser av kreft. Som kulturjournalist i Vårt Land var ho også eit skrivande menneske.