– Gud er nærast i stilla
For Jon Fosse er Johannesprologen ein av dei beste, vakraste og sannaste tekstane i Bibelen.
Han har fått alle dei 14 versa som er søndagens preiketekst i Den norske kyrkja på e-post. Ikkje at det er naudsynt. Forfattaren var med og arbeidde fram Bibelselskapets nynorske omsetjing i 2011 og har sine eigne bibler. Fosse seier dessutan at han har lese teologi «i bunkar» dei siste åra. I 2013 stod han fram som katolikk.
Den produktive romanforfattaren, lyrikaren og teatermannen har vunne prisar så mange som eple på eit middels stort tre i Hardanger der han kjem i frå.
Om ikkje Nobelprisen i litteratur nett i år hadde ålt seg ut av bunaden og trekt ein flagrande søndagskjole over hovudet, så hadde den gjevaste utmerkinga kanskje vore hans. I staden heng eit diplom frå Svenska Akademien truleg bak skrivebordet til Bob Dylan medan Fosse må vente litt til.