Held Gud når livet raknar?
Det som skulle vera ein enkel operasjon snudde opp ned på livet til Ragnhild Alsvik (32).
Denne vinterdagen i 2009 skal verta starten på ei livsomvelting for Ragnhild. Ho veit det ikkje endå, der ho susar nedover skitrekket. Ho er i sitt rette element, i bevegelse og i Guds frie natur.
Det er dag to av det vekeslange opphaldet i Hafjell, det som vil føre ho eitt skritt nærmare trenarkursbevis i alpin og telemark. Ragnhild er ivrig som vanleg, og vil utnytte dagen maksimalt. Sikten byrjar å bli dårleg, og dei andre har allereie gitt seg for dagen, men «ein kjapp tur til rekk eg», tenker Ragnhild.
Det er vanskeleg å sjå detaljane i underlaget. Dessutan er ho sliten i beina etter to lange dagar i trekket, men det er ikkje noko Ragnhild tillèt seg sjølv å sakke av på grunn av.
Her er det berre å gje jernet og få fullt utbytte av siste tur for dagen.
Ho held stor fart, og greier ikkje å sjå kulen i terrenget framfor seg. Ho fyk fleire meter før ho landar. Venstre ski løyser seg ikkje ut, men hektar seg fast, medan Ragnhild fer vidare framover. Det kjem eit smell frå kneet. Ragnhild kjenner kvalmen velte fram saman med ei intens smerte i kneet. «Der røyk krossbandet», tenkjer ho.
Eit fjell om dagen
Ho har kjent det før. Med ein så aktiv livsstil må ein rekne med nokre kilevinkar.
Heime på hybelen i Bergen står fjernsynet stort sett urørt. Det er fjella som ropar på Ragnhild. Ikkje sofaen. Helst éin topp om dagen.
Vegen frå idrettslinja på Framnes til studie i friluftsliv og teologi i Bergen kjentest naturleg.
Ved sida av studiet går mykje av tida med på jobben som kajakkinstruktør i eige føretak. Likevel finn ho tid til sykkelturar og springing. Og no kan ho også snart jobbe som skiinstruktør.
Livet er fullpakka og godt.
Ragnhild har allereie ryke krossbandet ein gong, og operert det. Ein ganske vanleg idrettsskade, men no er ho i full sving igjen.
«Søren heller.»
Etter nokre minutt på bakken for å få kontroll over smertene karrar Ragnhild seg ned resten av skitraseen, og kjem seg fram til hotellet for eiga maskin.
Saman med læraren konkluderer ho der med at det sikkert berre er ein strekk av eit leddband, og ho fullfører veka med obligatorisk skipraksis. Faktisk sjekkar ho ikkje kneet skikkeleg før sommaren kjem.
Lågrisikoinngrep
Det viser seg at krossbandet har ryke, slik som ho fyrst mistenkte. Krossbandet sin funksjon er mellom anna å halde kneet stabilt. Fysioterapi er tilstrekkeleg for mange etter ei slik skade, men for veldig aktive menneske er operasjon ofte naudsynt.
Operasjonen blir gjort med kikholsinstrument. I tillegg blir det laga små snitt i kneet for å hente ut ein bit av ein sene som skal erstatte det øydelagde krossbandet. Kirurgen fjernar så det avrivne krossbandet og fester deretter den nye senen inne i kneleddet.
Ragnhild får spinalbedøving, som gjer at ein er vaken under inngrepet, men ikkje kjenner noko frå livet og ned. Det blir rekna som eit lågrisikoinngrep.
Forstår ikkje alvoret
Etter operasjonen ser alt bra ut. Operasjonen var vellukka.
Det korkje legane, sjukepleiarane eller Ragnhild veit, er at når bedøvinga blir sett skjer det noko som kjem til å få enorme konsekvensar for Ragnhild.
Sprøyta treff ei blodåre. Dette skaper ei bløding som fører til ein hevelse som trykker på nervane i ryggmargen.
Ei lang natt
Ho har tenkt tilbake på denne kvelden og dei lange nattetimane som fylgde mange gonger. Kanskje ho ikkje var flink nok til å formidle kor vondt det faktisk gjorde? Sjølv følte ho at ho var tydeleg, men det er vanskeleg å seie sikkert.
Dei påfølgjande timane blir eit mareritt. Seinare skal ho kjempe med Gud og spørje: «Kvar var du denne natta»?
Etter tretten timar med uuthaldelege smerter, der ho tidvis ropar på Jesus i rein fortviling, kjem legane på jobb på morgonen og sjekkar Ragnhild. Då har ho allereie byrja å kjenne at beina verkar tunge.
Legen får ein mistanke om kva som har skjedd og sender Ragnhild frå sjukehuset der ho ligg til Haukeland i Bergen. Der tek dei nokre bilete før det er rett på operasjonsbordet.
For denne typen komplikasjon er det viktig å oppdage og behandle feilen så raskt som råd for å hindre permanente lammelsar i underkroppen.
Ragnhild ser på det at ho ikkje blei teken på alvor når smertene kom etter operasjonen som årsaka til at hendinga fekk så alvorlege konsekvensar som den gjorde.
I ettertid har sjukehuset beklaga og dei har tatt hendinga vidare i systemet for å bidra til betre rutinar etter spinalbedøvingar. Ragnhild sjølv er tydeleg på at ho ikkje ber nag til legen som sette sprøyta.
– Det blei gjort med gode intensjonar. Både anestesilege og anna sjukehuspersonell hadde til hensikt å gjera kneet mitt bra, dei skulle hjelpe meg vidare.
Livet snudd på hovudet
– Eg såg for meg at livet mitt skulle handle om fysisk aktivitet. Og då bli lam frå livet og ned rokkar med alt som ein har innstilt seg på at det skal handle om. I ettertid ser eg kor sårbart det er å satse heile livet på eigne prestasjonar. For me veit eigentleg aldri korleis ting blir sjåande ut. Plutseleg blir alt snudd på hovudet.
Ragnhild sit i ein korgstol i det nyrenoverte huset sitt på Jørpeland i Rogaland. Ute kjem vind og regn i byger og skoddelegg utsikten over holmar og øyer. I staden gjev dei nyinnsette store vindauga innsikt i ein av dei mange nyfunne hobbyane til Ragnhild, hagestell.
Nokre delar av hagen ser ut til å vera midt i ein forskjønningsprosess, medan andre ber tydeleg preg av god estetisk sans. Det same kan seiast om innsida av huset. Duse fargar, fyr i omnen, moderne møblar. Og stilreine fotografi på veggane. Endå ein av eit mangfald hobbyar.
– Noko av det finaste eg fekk oppleve i rullestolen, var å få latterkrampe. Det fekk meg til å innsjå at det var Ragnhild som sat i rullestolen. Å ikkje kunne gå gjekk på identiteten laus, og eg hadde ein frykt for å miste meg sjølv. Men så erfarte eg at der gjekk det an å le. Den som sat i rullestolen var framleis meg.
99 prosent sjanse
Då ho vakna etter operasjonen på Haukeland i januar 2010, fekk ho beskjed om at det var 99 prosent sjanse for at ho kom til å bli sitjande i rullestol resten av livet. Den dag i dag har Ragnhild til gode å høyre om nokon som har fått ein liknande feil i ryggmargen utan at dei sit i rullestol.
– Eg høyrde kva dei sa, men det gjekk ikkje inn. Det var akkurat som om eg visste at, nei, eg skal gå igjen. Og heldigvis tok dei ikkje opp diskusjonen med meg når eg meinte at eg skulle stå på ski igjen, seier ho, og ler godt.
Ståpåviljen er det ikkje noko gale med.
Ein slik beskjed kunne tatt knekken på kven som helst. Men for ei med livsstilen og framtidsplanane til Ragnhild skulle ein tru at avgrunnen var endå djupare. I fire månadar var ho på Haukeland. Fyrst på akuttavdelinga, så på spinaleininga.
Jesaja på repeat
– Det er ei tid eg hugsar som fylt med glede. Eg får slett ikkje nokon klump i magen når eg tenkjer tilbake på det, tvert imot dukkar det opp mange gode minne, fortel Ragnhild.
Eg tok nok ikkje alvoret i situasjonen inn over meg. Det har sikkert litt å gjera med kven eg er som person. Eg tenker fort at «dette skal gå bra».
Men samtidig var det også høgare makter som gjorde Ragnhild trygg på at ho skulle gå igjen. Dei fyrste tre dagane måtte ho gjera noko som verka som ei umogeleg oppgåve. Ho måtte ligge heilt stille.
Ho fann snart ut at så lenge det gjorde så vondt som det gjorde, freista det fint lite å røre på seg. Ho var kvalm og forma var elendig. Å få i seg mat var det berre å gløyme. Likevel hadde ho ei ro i seg. Det var som om nokon hadde sett på det fyrste bibelverset ho nokon gong lærte seg, Jesaja 41,10, på repeat:
«Ver ikkje redd, for eg er med deg! Sjå deg ikkje rådvill ikring, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og hjelper deg og held deg oppe med mi frelsarhand.»
– Det kjentest som om halve verda var med og ba for meg.
Blikket festa på Jesus
I løpet av desse tre dagane kom også ein kamerat til sjukehuset og ba for ho. Han fekk eit tydeleg bilete som han delte med Ragnhild: Jesus kom bort til Ragnhild som låg i sjukesenga. Han stilte seg framfor ho. Så fekk ho legge hendene i hans medan han drog ho opp. Jesus byrja å gå baklengs, slik at ho heile tida såg ansiktet hans. Ho gjekk etter. Ustø og vaklande skritt i starten, så stødigare og stødigare. Ho hadde heile tida blikket festa på Jesus.
– I ettertid tenkjer eg på kor modig det var av han å dele det biletet med meg med tanke på kva beskjed eg hadde fått av legane. Men for meg stadfesta dette berre det eg allereie kjente på, «eg trur eg skal byrje å gå igjen».
Kva gjev meg verdi?
Sakte, men sikkert får Ragnhild rett i kjensla si. I løpet av dei fire månadane med intens opptrening på sjukehuset greier ho fyrst å gjera rullestolen overflødig, deretter gåstolen. Før ho reiser heim kastar ho til og med krykkene. Ho gjer oddsa til skamme.
Men det ligg fleire timar med fysioterapi kvar dag framfor ho for å få skikkeleg kontakt med alle muskelgruppene og for å trene opp igjen styrke og funksjonalitet. Ragnhild trur det gode fysiske grunnlaget hennar og at ho var vane med mykje trening har hjelpt ho på vegen.
For Ragnhild er det likevel viktig å få fram at rullestol ikkje er det verst tenkelege utfallet. Ein kan sitje i rullestol og ha eit rikt liv. Det viktigaste er alt ho har lært om seg sjølv, om Gud og om livet gjennom denne prosessen.
– Eg har blitt eitt rausare menneske både overfor meg sjølv og andre. Eg har bruka ein del tid på setninga «Jeg, Guds ære». Det er lett å tenkte på kva ein kan gjera for å ære Gud, men det handlar om kven eg er. Viss ikkje, hadde det vore slik at dei som gjer mykje kan ære Gud mykje. Og at dei som ligg på ein sofa og er dårlege ikkje kan ære Gud. Og slik er det ikkje.
Ho skildrar samfunnet me lever i som eit samfunn der dei som av ulike grunnar ikkje greier å prestere er «siste sort». Ho har til dømes ikkje greidd å la vera å tenkje på at ho er «dyr i drift» for staten. Men ho øver seg på å våge å ta plass.
– For kva er det som gjev meg verdi? Det er at eg er eit menneske, og at eg er her fordi Gud vil at eg skal vera her.
Store smerter
Det er mykje smerte i livet til Ragnhild. Ho kan gå, men det å sitje gjer i periodar frykteleg vondt, og forma går opp og ned. Nerveskadene har påverka fleire sider av helsa til Ragnhild og hemmar ho i kvardagen. I haust fekk ho status som ufør.
– Den blei ganske bra den etter kvart!
Seinare kom nervesmertene krypande. Dette gjorde det vondt å sitje og å køyre bil. Å studere var derfor ikkje aktuelt. Men så kom huset ho bur i i dag til sals. Huset var nedslite og trong mykje kjærleik. Å stå og male ein vegg, det kunne funke?
– Eg kjøpte huset og sette i gang. Det handlar om å finne ting som gjev meistringskjensle. Det er veldig motiverande å sjå framgang, og når ein ikkje greier å få framgang på dei tinga ein aller helst ynskjer? Ja vel, då må ein prøve å få det til på andre område.
Golvlegging, rør-i-rør og flislegging, Ragnhild lærte noko nytt kvar dag under oppussinga. Det er også denne innstillinga som gjer til at Ragnhild har bøker om stauder i bokhylla og at ho jamleg besøker bestefaren på 90 i verkstaden hans der dei driv med tredreiing.
– Å møte dagane og livet slik som det er. Det er noko eg øver meg på heile tida. Å berre leve det livet, ikkje prøve å leva eit anna. Eller å tenke at livet skulle vore så veldig annleis. For no er det slik.
Kvar var du Gud?
I ein av dei tyngre periodane til Ragnhild, der progresjonen i opptreninga hadde stoppa opp og livet kjentest strevsamt blei ho oppfordra til å reise på retreat. Der fekk ho ein åndeleg vegleiar som utfordra ho på spørsmålet: «Kvar var Gud den natta, da du låg der med alle dei smertene og ikkje fekk hjelp?».
– Då innsåg eg at det var 12 timar i livet mitt der det kjentest som om Gud ikkje fantes. Og det var ingen tvil for dei eg delte rom med på sjukehuset om kven eg retta meg mot når eg hadde vondt. Eg ropte høgt på Jesus, men eg fekk ingen respons. Det fekk meg til å tenke «trur eg verkeleg på ein Gud som ikkje er der når livet gjer aller mest vondt?».
Leopardslåbrok og nille-tøflar
Dei neste dagane gjekk ho med spørsmålet: «Kvar var du Gud?» «For eg veit ikkje om eg vil ha noko med deg å gjera viss du ikkje var der.» På eit tidspunkt kjentest det som om Gud tok ho med tilbake til sjukehuset den natta: Ragnhild ser ei kvinne som ho delte rom med. Ho hugsar henne godt. Kvinna var veldig annleis enn Ragnhild. Leopardslåbroken og nille-tøflane understreka inntrykket. Ragnhild lo litt av ho i sitt stille sinn. Brukte ho som underhaldning når det var lite å finne på. Dei gongene ho greidde å hente fram noko godt i seg sjølv la ho inn ei bøn for kvinna. Stakkarsleggjorde ho litt ekstra, og opphøgde seg sjølv.
Gud seier til Ragnhild: Det var meg. Eg var den kvinna. Eg var fysisk til stades. Eg var så nær deg, men du forstod ikkje at det var meg. At den kvinna stod og masserte ryggen din og tørka tårene dine heile den natta, at ho tilkalla sjukepleiarane. Det var meg.
– Det sprengte biletet mitt av kven Gud er og kven eg sjølv er. Ein får eit møte med seg sjølv som ikkje berre er godt. Eg såg at eg kom til kort, og eg såg Guds kjærleik. Det blei enormt stort for meg. Det blei livsforvandlande, rett og slett.
Ville ikkje vore forutan
– Det har vore mange tøffe tak i åra som har gått, men eg ville ikkje valt det vekk.
– Ville du verkeleg ikkje heller ha sloppe skaden du har fått?
– Eg har blitt invitert inn i så mykje godt. Det er ein del av den eg er, og eg veit ikkje korleis livet ville vore viss det ikkje hadde skjedd. Ja, kanskje ville eg ha vore på fleire fjelltoppar, og livet hadde nok sett betre ut utanfrå. Men det ville vore utfordringar då òg. Det er jo slik det er å vera menneske.