For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

SOLIST: Alvin Slaughter er solist på den ny singelen «For My Good» frå The Brooklyn Tabernacle Choir.: N/A

Her må ateistar ha det litt vanskeleg

Sjølv «når botnen fell ut», boblar lovsongen i The Brooklyn Tabernacle.

Publisert Sist oppdatert

Den første søndagen i september hadde eg ein intervjuavtale med ein av pastorane i The Brooklyn Tabernacle i New York. Det var før den første av dei to tidlege gudstenestene i kyrkjelyden. Den startar kl. 09.00. Eg måtte tidleg opp for å kome meg under elva med t-banen frå Manhattan i tide.

Trongt ved podiet

Tidleg ute bør ein uansett vere dersom ein skal få god plass i det gamle teateret der kyrkjelyden held til. Jim Cymbala (80) har vore hovudpastor heilt sidan 1971 og er framleis prega av evangelisk glød. Talen tok utgangspunkt i historia om Josef i Det gamle testamentet og vart avslutta med innbyding til omvending og forbøn. Med plass på første rad kunne eg konstatere at det vart trongt framme ved podiet.

Powered by Labrador CMS