Ho meiner Den norske kyrkja har vidareført katolsk tankegods
No oppfordrar ho folkekyrkja til å vurdere om ein skal endre truvedkjenninga og gå tilbake til originalen.
Kyrkjehistoria er full av intrigar og konfliktar. På terskelen av høgmellomalderen toppa det seg.
Årevis med rivalisering enda med to bannlysingar som skulle splitte kyrkja.
Resultatet vart det vi i dag kjenner som Den katolske og Den ortodokse kyrkja.
Først over 900 år seinare, i 1965, skulle fiendskapen ta slutt. I alle fall formelt, då både paven i Roma og patriarken av Konstantinopel fjerna bannlysingane.
I søndagens tekst ser Jesus ut til å kommentere det viktigaste teologiske spørsmålet i disputten.
To ord
Trass i dei store konsekvensane den historiske hendinga fekk, sto særleg to ord sentralt i striden.
Skulle ein seie at Den heilage ande går ut frå Faderen eller frå Faderen og Sonen?
Det som ser ut til å vere ein «bagatell» enda opp med å stå sentralt i kanskje den mest avgjerande augneblinken i kyrkjehistoria.
Korleis kunne det skje?
Det har vi prøvd å finne ut av.
Politisk maktkamp
Caroline Serck-Hanssen er kunst- og kulturhistorikar og har skrive bok om Den ortodokse kyrkja.
Ho forklarar at sjølv om den verdsvide kyrkja mellom anna splitta seg på grunn av to ord, så var det også andre ting som eigentleg låg bak.
Paven i Roma blei tidleg rangert som overhovudet for kyrkja verda over, mens patriarken i Konstantinopel låg eitt hakk under han i rang.
Over tid hadde likevel kyrkja i Øst og Vest gradvis sklidd frå kvarandre. Aukande forskjellar i teologi, språk, politikk og kultur leia dei inn i ein langvarig maktkamp.
Det førte til eit aukande fokus på ulikskapane mellom dei, og det var først då spørsmålet om kven Den heilage ande går ut frå vart viktig.
Den heilage ande
I prinsippet var likevel dette spørsmålet allereie formelt avklart.
På dei to første økumeniske kyrkjemøta (som omfatta heile kyrkja) jobba ein nemleg fram det ein kallar Den nikenske truvedkjenninga.
Der blir det slått fast at Den heilage ande går ut frå Faderen.
Men etter kvart begynte ein likevel fleire stader i Vest-kyrkja å bruke ein versjon som hadde lagt til at Den heilage ande også går ut frå Sonen.
I utgangspunktet var målet deira var å avgrense seg mot ei gruppe som meinte at berre Faderen og ikkje Sonen hadde status som evig guddomleg. Ved å sidestille Faderen og Sonen gjennom å legge til dei to seinare omstridde orda i truvedkjenninga, ville dei gjere det klart at den type lære var kjetteri.
Den nye versjonen spreidde seg og tidleg på 1000 talet vart den tatt i bruk av paven i Roma. Det vart ein av grunnane til at han hamna i konflikt med patriarken i Konstantinopel.
Så då bannlysingane i 1054 var eit faktum, var ein av årsakene ei usemje om to ord i Den nikenske truvedkjenninga.
Faderen. Eller Faderen og Sonen.
Teologisk signifikans
Peder Solberg er førstelektor ved NLA Høgskolen i Bergen, der han mellom anna underviser i kyrkjehistorie.
Han forklarar at sjølv om det teologiske «påskotet» for den historiske konflikten som delte kyrkja i to ikkje var den eigentlege hovudsaka, var det likevel eit viktig teologisk spørsmål.
Det som ser ut til å vere ein «bagatell», seier han, handlar eigentleg om kor vidt det finst eit hierarki mellom dei ulike personane i den treeinige Gud.
– Det er djupast sett eit spørsmål om korleis ein skal forstå kven Gud er, seier han.
Når vi seier at Den heilage ande går ut frå Faderen og Sonen, vil øst-kyrkjelege teologar hevde at vi klussar til relasjonane i treeininga, forklarar teologen.
Både Sonen og Anden har Faderen som evig kjelde: Sonen «blir fødd», Anden «går ut». Om Anden også går ut frå Sonen, er innvendinga at vi innfører ei rangordning mellom Sonen og Anden, der Anden får ein lågare rang.
Frå ortodoks side, forklarar Serck-Hanssen, stod også prinsippet om at ein ikkje skulle endre dei felleskyrkjelege vedkjenningane sterkt.
Det var minst like viktig som sjølve det teologiske spørsmålet ein diskuterte, fordi dei såg på dei verdsomspennande kyrkjemøta som inspirert av Den heilage ande.
I dag finst det fleire ortodokse teologar som med nokre atterhald opnar opp for at Den heilage ande går ut frå både Faderen og Sonen, sjølv om dei ikkje vil ha det inn i truvedkjenninga til kyrkja.
I ortodoks teologi kan ein nemleg seie at Den heilage ande også går ut frå Faderen gjennom Sonen. Det vil seie, forklarar Serck-Hanssen, at det Den heilage ande går ut frå Faderen frå æva av, mens den gjekk ut frå Sonen frå og med inkarnasjonen, då Jesus blei menneske.
– Ånda går ut frå Faderen frå æva, og ut frå Sonen i tida, seier ho.
På tide å endre versjon?
Serck-Hanssen meiner Den norske kyrkja utan å ha reflektert tilstrekkeleg over det har vidareført Den katolske versjonen av Den nikenske truvedkjenninga, og peiker på at Den ortodokse versjonen er den opphavlege.
– Den norske kyrkja burde difor av omsyn til økumenisk dialogarbeid vurdere å gå tilbake til originalen, seier ho.
Olav Fykse Tveit, som er den biskoppelege leiaren i Den norske kyrkja, svarar Serck-Hanssen ved å vise til Kyrkjemøtet i 1987. Der tok dei nemleg opp spørsmålet om å endre vedkjenninga og enda med eit einstemmig vedtak.
Kyrkjemøtet slo den gongen fast at «[s]å lenge det ikke foreligger bred økumenisk [felleskyrkjeleg jour. anm.] konsens om å sløyfe» det aktuelle leddet, «er det en selvfølge at dette blir stående i vår kirkes bruk av denne bekjennelse.»
Samtidig opna ein for å bruke vedkjenninga sin «opprinnelige ordlyd» ved mellom anna «økumeniske anledninger, der ortodokse kristne deltar.»