Ho vender seg til Jomfru Maria kvar dag
Søster Ingeborg-Marie (35) seier mange misforstår forholdet katolikkar har til Jesu mor.
For cirka 2000 år sidan forlét Maria jorda.
Framleis vender katolikkar seg verda over til ho i bønn.
I bibelteksten for fjerde søndag i advent møter vi den segnomspunne kvinna.
Bodskap frå ein engel
Engelen Gabriel har akkurat kunngjort at Maria er gravid.
Det er også slektningen hennar, Elisabeth. Maria skal bli mor til Jesus, Elisabeth til døyparen Johannes.
Da dei møter kvarandre sparkar barnet i magen til Elisabeth, og Maria bryt ut i lovsong.
Denne lovsongen har blitt ståande igjen som ein sentral tekst i Den romersk-katolske kyrkjas liturgi og bønneliv.
Klosterlivet
Søster Ingeborg-Marie er nonne ved Lunden kloster i Oslo.
Det blei ho i ein alder av 22 år. No er ho 35.
Marias lovsong ein del av den faste bønnerytmen til søstrene.
For sju år sidan lova ho å bli verande i klosteret til den dagen ho døyr. Det vil seie at ho skal be lovsongen kvar kveld, resten av livet.
Difor har nonna eit nært forhold til teksten.
– Det er ein spesiell tekst. Maria har ikkje sett Jesus enno, men bryt ut i lovsong over Guds frelse. Det minner oss på håpet om noko større enn det vi kan sjå her og no.
– Maria er kvinne, som på den tida var ei marginalisert gruppe. Difor er ho eit døme på at Gud løfter opp dei som er tråkka ned og står saman med dei svake, seier ho.
Marias forbønn
Søstera ser på Jesu mor som eit forbilde, og i ulike fasar har ho vore meir eller mindre nærverande i livet hennar.
Det er mykje misforståingar knytt til kva katolikkar tenker om Jesu mor.
Dei ber ikkje til ho, for ho har ikkje status som Gud, forklarar nonna. Dei ber Maria om å gå i forbønn for dei, på same måte som ein ber saman med andre kristne som enno lever her på jorda.
Helgenlære
Nonna seier ein også kan vende seg i bønn til andre som er gått bort, ikkje berre til Maria.
Det evige livet startar ved dåpen.
Det betyr at fellesskapet mellom dei døypte ikkje vert avslutta ved den fysiske døden. Dei døde har gått ut av tida og inn i æva; dei er gått til Gud.
Når ein vender seg til Gud, kan ein difor også vende seg til dei som er i Gud.
Ein koplar seg så å seie på same nett som dei, forklarar ho.
Bønnespråk
Maria Krakus (26) vaks opp i Polen, i ein familie som var ein del av eit katolsk fellesskap som møttest jamleg til bønn og tilbeding.
I dag er ho engasjert i St. Paul kirke i Bergen.
Krakus er glad i Marias Lovsong som ho periodevis gjennom livet har bedt i tidebønner.
Det viktigaste poenget i teksten seier ho er at Gud er god.
Ho føretrekker å be den på hennar eige morsmål, polsk, som beskriv som hennar bønnespråk.
– Alle andre stader er det norsk som fell meg naturleg, men ikkje når det kjem til bønn.
Maria som forbilde
Krakus ser opp til Maria, og vender seg ofte til ho.
Krakus trur det at dei deler både kjønn og namn påverkar hennar personlege forhold til Jesu mor.
Det er likevel det menneskelege ved ho som gjer at Krakus opplever det enklare å vende seg til Maria, enn til Gud.
Ho beskriv den katolske helgenen som audmjuk og takksam – verdiar ho sjølv heldt høgt.
– Maria er i ein svært krevjande situasjon da ho bryt ut i denne lovsongen. Ikkje berre skulle ho føde eit barn, men ho skulle bli mor til Gud.
– Det seier mykje om hennar karakter.