GETSEMANE: Denne hagen med gamle oliventre kan vere det Getsemane som er omtala i Bibelen.
John Solsvik
Jakob Sande i Getsemane
I salmen «Du som låg i natti seine» blir Jesu lidingshistorie skildra rått og hjerteskjerande.
Det er som vi er tilstades i Getsemane og ser Jesus ligge «sorgtyngd, vanvørd og åleine, skjelvande på såre kne».
Vi anar kampen då han «skåli trufast tømde» og einsemda då «alle dine rømde», men også krafta i han som blir omtala som «stridsmann frå Getsemane».