Oslo: Jonathan Birger Pettersen var i fleire år ein del av rusmiljøet i hovudstaden.

Jonathan var 22 år og djupt inne i rusmiljøet i Oslo. Så høyrde han ei stemme

– Eg skvatt til, men tenkte: «No har rusen fått det til å klikke for meg».

Publisert Sist oppdatert

Jonathan har nettopp styrta ei halv flaske vodka.

No sit han bak rattet og svingar inn mot Majorstukrysset i Oslo.

Der står politiet og vinkar han inn.

Han sveivar ned vindauget, helsar på politimannen og bles i alkotesten.

Så kjem beskjeden, hevdar han: «Alt er fint, køyr vidare».

Oppveksten

Jonathan Birger Pettersen vaks opp i Larvik.

Det var ein trygg, kristen heim. Han hadde eit stort nettverk, var aktiv i kyrkja og bidrog i ungdomsarbeidet.

Guten gjorde det også godt på fotballbana. Draumen var å bli proff, og fleire trudde han kunne få det til.

Barndom: Som barn drøymde Jonathan Birger Pettersen om å bli fotballproff.

Livet var kort sagt god.

Så starta han på vidaregåande.

Skilsmissa

Mor og far var blitt uvenner og skulle skilje seg. Stemninga var så dårleg at dei knapt kunne snakke saman.

Jonathan blei som eit sendebod mellom dei.

Situasjonen gjekk sterkt inn på han.

Han begynte å feste, drikke og røyke hasj. Tenåringen som heile livet hadde vore ein gladgut, kjende korleis temperamentet no bygde seg opp på innsida.

Skilsmisse: Då mor og far vart uvennar sette det seg i Jonathan.

Han heldt likevel fram med fotballen.

Så, under eit oppgjer mellom dei rivaliserande laga Larvik Turn og Fram Larvik, skulle situasjonen bli endå verre.

Det hadde vore dårleg stemning under heile kampen. Motstandarane hadde stått og «slengt drit» til kvarandre. For den stadig sintare Jonathan, kokte det over.

Etter kampen begynte han å krangle med ein supporter.

– Det var ein du ikkje burde gå etter, seier Jonathan.

Vedkommande skal visstnok har vore ein sentral doplangar i Larvik på den tida. Men Jonathan hadde bestemt seg. Han skulle banke han opp.

Doplangaren såg likevel ikkje Jonathan som ein trussel. Han såg ein fryktlaus, valdeleg og sint mann som kunne bli ein stor ressurs i arbeidet med narkotrafikk.

Situasjonen vart snudd på hovudet. Det som starta med eit trugsmål om bank, enda med eit samarbeid.

Vi har vore i kontakt med foreldra til Jonathan som har gått god for framstillinga han gir.

Dopsal

Jonathan vart raskt dyktig med dopsal. Han var flink til å bygge nettverk og tente masse pengar.

Etter kvart la «større folk» merke til talentet. Ein dag fekk han telefon frå hovudstaden.

– Det var nokon som hadde lagt merke til meg og ville ha meg til å jobbe for dei, seier han.

Jonathan flytta til Oslo der det var vanleg med langt større kvantum enn han var vand med.

Då den første leveransen kom, begynte ballen å rulle.

Pengar. Festing. Slåsting. Dop.

Rus: Jonathan Birger Pettersen blei i ung alder dratt inn i rusmiljøet i Oslo.

Han opplevde likevel at Gud var med han, og han bad alltid i vanskelege situasjonar.

Han hugsar særleg éin episode.

Nyttårsaftan 2015 hadde han vore på fest. Han var både full og neddopa. Då klokka byrja å nærme seg fire på natta, var det på tide å komme seg heim.

Til trass for at Jonathan nettopp hadde tømt ein halvliter Vodka, sette han seg bak rattet. I passasjerseta sat «sjefen» og kjærasten.

Så skjedde det.

Då dei kom til Majorstukrysset, stod politiet der.

– Vi såg på kvarandre og innsåg at dette kom til å ende med fengsel for oss alle. Då bad eg: «Kjære Gud, om du verkeleg finst, hjelp meg ut av denne situasjonen», seier Jonathan.

Han sveiva ned vindauget, blåste i alkotesten. Så kom, ifølge Jonathan, beskjeden: «Alt er fint, køyr vidare».

– Eg må understreke at eg ikkje trur Gud velsignar det som er imot hans vilje, men eg opplevde at det var Gud som hjelpte meg i den situasjonen. Eg trur Gud hadde ein annan plan for meg. Han hadde si hand over livet mitt trass i at eg var langt vekke frå han, seier Jonathan i dag.

Tenkte på Gud

Etter fleire år i eit tungt rusmiljø, hadde den kriminelle livsstilen eskalert.

Russtoffa var tyngre.

Ecstasy. MDMA. Kokain.

Ein dag bad bror hans om eit møte. Det hadde gått så langt at han meinte Jonathan måtte endre seg dersom han skulle kunne omgåast nevøane sine og ta del i liva deira.

– Det gjekk inn på meg. Rusen gjer deg ganske kald, men då begynte eg å innsjå kor langt det var gått, seier han.

Vi har vore i kontakt med bror til Jonathan som går god for denne framstillinga av historia.

Han visste det ikkje då, men snart skulle livet ta ei ny retning.

Tru: Då Jonathan Birger Pettersen høyrde ei stemme snakke til han, trudde han det var «klikka» for han. Det blei likevel starten på vegen ut av rusmiljøet.

På denne tida, budde Jonathan åleine på Alexander Kiellands Plass på Grünerløkka i Oslo.

Ein augustdag i 2017 sat han heime på datamaskina.

Plutseleg, hevdar han, lydde det ei stemme i rommet. «Jonathan. No er det på tide for deg å oppsøke ei kyrkje».

– Eg skvatt til, men tenkte: «No har rusen fått det til å klikke for meg», seier han.

Femten minuttar seinare opplevde han det same enno ein gong. Igjen vart han forfjamsa, men rista det av seg.

Så, femten minuttar seinare, høyrde han atter igjen stemma. «Jonathan. No er det på tide for deg å oppsøke ei kyrkje».

Eit avgjerande møte

Då bestemte han seg for å gjere det.

Han skreiv inn «nærmaste kyrkje Alexander Kiellands Plass» i søkefeltet på Google, og opp kom Hillsong Oslo.

Det var fredag og helga gjekk med til festing og dop. Men då søndagen kom, var planen klar. Han skulle gi det ein sjanse.

Klokka nærma seg 11.00. Utanfor kyrkja var det fullt av folk.

Jonathan kjende at «her passar eg ikkje inn» og blei han ståande på avstand og observere.

Etter litt begynte han å gå heimover igjen.

– Eg sa til Gud: «Eg gav det ein sjanse, men dette er ikkje for meg».

Han hadde tatt knappe ti skritt, så høyrde han nokon brøle til han. «Stopp! Stopp! Eg må snakke med deg!».

Ein frå kyrkjelyden kom springande for å invitere Jonathan inn på gudstenesta. Det enda med at han blei med inn.

Det skulle vise seg å vere eit avgjerande val.

Då lovsongen sette i gong, opplevde Jonathan det han beskriv som eit sterkt møte med Den heilage ande. For første gong på mange år rann tårene. I miljøet han tilhøyrde skulle ein ikkje grine, men no kunne han ikkje halde gråten tilbake.

– Eg forstod ikkje kva som skjedde. Eg såg rundt meg og spurde: Kva har de gjort med meg, seier han.

Ei veke seinare lét han seg døype.

Vegen tilbake

Vegen tilbake til eit nøkternt liv vart likevel lang. Han heldt fram med å dope seg i vekedagane, mens han gjekk til gudsteneste kvar søndag.

Til slutt bad han Gud vise ein veg ut av rusmiljøet. Då opplevde han at Gud bad han søke seg inn på ein bibelskule.

Valet fall på Hillsong Academy i Stavanger. Der var han langt vekke frå Oslo. Før han drog, sende Jonathan ei fellesmelding til alle i rusmiljøet han hadde tilhøyrt. Han sa rett ut at dei måtte kutte alle band.

– Det var vondt. Eg var også klar over at det ville få konsekvensar. Det til trass, fekk eg overraskande positiv respons, seier han.

I dag er Jonathan 27 år, gift og har to barn.

Tilbakeblikk: Jonathan Birger Pettersen er trur Gud var med han gjennom heile livet trass i alle utfordringar.

Etter han vart korona-permittert under pandemien starta han sin eigen bruktbutikk, Arken Gjenbruk, som han no lever av.

– Når eg ser tilbake på det Gud har gjort i livet mitt, sit eg med ei djup takksemd for at vi har ein så stor og kjærleg Gud. Han er utruleg tolmodig, seier han.

Snart Søndag

Denne artikkelen er ein del av den vekevise spalta vår Snart søndag. Der tek vi utgangspunkt i ein bibeltekst.

I søndagens bibeltekst les vi om korleis ei stemme med ein bodskap frå Gud skulle sette ein ny kurs for livet til Maria.

Då Jonathan høyrde ei stemme åleine på rommet sitt ein augustdag i 2017, beskriv han det som at Guds stemme sette ein ny kurs for livet hans.

Difor kastar Jonathans historie lys over søndagens tekst.

Søndagens tekst, Maria bodskapsdag:

Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. Men engelen sa til henne:

«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.

Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,

og du skal gje han namnet Jesus.

Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.

Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.

Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,

og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»

Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» Engelen svara:

«Den heilage ande skal koma over deg,

og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.

Difor skal òg barnet som blir fødd,

vera heilagt og kallast Guds Son.

Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. For ingen ting er umogleg for Gud.» Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.

Evangeliet etter Lukas, kapittel 1, vers 26–38

Bibelselskapet 2011

Powered by Labrador CMS