PETERSON-FAN: Sverre Olai Knardal studer juss ved Universitet i Bergen og var på Peterson-foredraget i Bergen førre helg.

Jordan Peterson er Sverres (23) mentor: – Menn må tole liding

– Peterson er ei tydeleg motvekt til postmodernismen og utviklinga av samfunnet, seier han.

Publisert Sist oppdatert

Nyleg var den kjente og omstridde psykologen Jordan B. Peterson i Norge.

Rundt 1600 tilskodarar møtte opp i storstova til Bergen, Grieghallen, for å høyre kanadiaren snakke om sin kamp med Gud.

Den kontroversielle 60-åringen frå Canada er kjent for å nå unge menn og har blitt populær i fleire kristne miljø.

Men kven er desse unge mennene han når? Og kva er det ved Peterson som fascinerer dei? Det har vi prøvd å finne ut av.

MESSE FOR MENN: Den kjente psykologen Jordan B. Peterson talte til utsolgte Grieghallen i Bergen denne uken.

Peterson-«fan»

Jordan Peterson blei for alvor kjent i 2016, då han utfordra eit kanadisk lovforslag som av mange meinte førte til at identitetspolitikk fekk styre ytringsrommet. I ettertid har han blitt kjent for å ha eit konservativt syn på kjønnsroller.

Han har til dømes uttalt at han meiner det er ei myte at menn er meir suksessfulle enn kvinner.

Sverre Olai Knardal meiner Peterson sitt syn på kjønn ofte blir misforstått. Han studerer juss ved Universitet i Bergen og jobbar for Betlehem Indremisjon.

– Han ønsker ikkje å trykke ned kvinner, men å løfte opp menn. Fordi han er ei tydeleg motvekt til postmodernismen og utviklinga av samfunnet, har han likevel blitt ei målskive for woke-rørsla.

Woke-rørsla

Ordet «woke» er ofte synonymt med ordet «politisk korrekt».

Ifølge Store Norske Leksikon blir ein person difor gjerne kalla «woke» om vedkommande er opptatt av identitetspolitikk og av å vera politisk korrekt.

Kjelde: Store Norske Leksikon

Knardal ser på Peterson som ein mentor og livsrettleiar og meiner han treff spikaren på hovudet når han skildrar kva som kjenneteiknar menn.

– Menn må vere ansvarsfulle, bygge karakter og tole liding.

PETERSON-FAN: Sverre Olai Knardal studer juss ved Universitet i Bergen og var på Peterson-foredraget i Bergen førre helg.

– Betyr det at kvinner ikkje skal ta ansvar, bygge karakter eller tole liding?

– Nei. Eg trur ikkje vi skal spele dei to ut mot kvarandre slik.

Då Peterson var i Bergen førre helg, var Knardal sjølv til stades.

Den kjente psykologen brukte heile kvelden på å snakke om hans personlege kamp med Gud i lys av ei rekke bibelske forteljingar.

Knardal trur det bibelske språket psykologen tar i bruk er ein sentral del av kvifor han appellerer til unge, kristne menn. Samtidig understrekar han at kristne ikkje bør sidestille Petersons tolkingar av Bibelen med Guds ord.

– Han bruker den bibelske visdommen, men utan å ta med brodden i evangeliet. Han er ein god livsrettleiar, men ingen åndeleg rettleiar, seier han.

Tre moment ved Peterson

Kjersti og Bård Norheim har kompetanse på unge, kristne menneske, og er fascinert av Petersons appell til denne gruppa.

Bård er professor i teologi på NLA Høgskolen i Bergen og trur noko av suksessen til kanadiaren ligg i at han utfordrar Vestens moderne forståing av kva fridom er.

– Peterson teiknar opp ein samanheng mellom fridom, liding og lidenskap. Det trur eg gir gjenklang i den klassiske kristne forståinga, nemleg at livet kan kosta og vera fullt av smerte, men at det likevel er verd det, seier han og legg til:

– Det er nok noko som kan appellera til unge, kristne menn.

EKSPERTAR: Kjersti Gautestad Norheim og Bård Eirik Hallesby Norheim har jobba både fagleg og praktisk med unge kristne, og kjenner godt til den gruppa Peterson når.

Samtidig understrekar han at Peterson når breiare ut enn berre til kristne, noko han trur heng saman med at kanadiaren fangar opp den djupe lengsla etter meining som alle menneske har.

– Han skriv jo eigentleg sjølvhjelpsbøker med konkrete råd, men så koplar han dette saman med eit større mytisk og psykologisk univers. For dei som blir dratt inn i dette universet, så vil eg tru at dei opplever at det vibrerer og at det står om noko viktig, seier han.

Treff unge kristne

Kjersti er prest i Birkeland sokn og har gjennom mange år arbeidd med ungdom og unge vaksne. Ho trur det er viktig at ein spør seg sjølv kvifor Peterson treff nettopp denne gruppa.

Sjølv har ho ei hypotese.

For unge menn som kjenner på ei avmakt i kjølvatnet av ein politikk som dei kan oppleve snevrar inn ytringsrommet, blir Peterson ein dei kan identifisere seg med. Han står også fram med ein viss intellektuell pondus, og det trur eg bidrar til at dei opplever at han taler deira sak på ein truverdig måte, seier ho.

PREST: Kjersti Gautestad Norheim er sokneprest i Birkeland sokn i Bergen.

Difor åtvarar Kjersti mot å avskrive Peterson utan vidare. Dersom ein ikkje tek på alvor kor breitt han når ut, trur ho det kan forsterke opplevinga av at ytringsrommet er blitt trongt.

– Dersom eit samfunn i ikkje toler skikkeleg meiningsbryting, men begynner å lage for mange tabu, så er eg uroleg for kva som veks opp under og kanskje også på sida av det offentlege ordskiftet, seier ho.

Skeptisk

Tonje Fyhn har doktorgrad i samfunnspsykologi og jobbar som rådgjevar for tankesmien Skaperkraft.

Ho trur Peterson når unge menn fordi han treff eit vakuum som har oppstått i kjølvatnet av at dei tradisjonelle kjønnsrollene har blitt oppløyst.

PSYKOLOG: Tonje Fyhn har doktorgrad i samfunnspsykologi.

Samtidig stiller ho spørsmål ved Petersons agenda.

– Eg er skeptisk til alle konservative menn som mobiliserer store mengder menn – det er sjeldan gode nyheiter for kvinner.

Ho trur likevel Peterson kan ha ei positiv påverknad på liva til unge menn, samtidig som ho meiner at det er viktig å vere open for motførestillingar.

– For kvar Peterson-bok eller foredrag dei går på, må dei også lese et feministisk essay eller intervju, seier ho.

Powered by Labrador CMS