Andrea Øien Sæverud
Klarer ikkje kvitte seg med Gud
Forfattar Øystein Stene har heile livet prøvd å kutte ut den kristne trua, men klarer det ikkje. No har han skrive ein framtidsroman der religiøse og sekulære kjempar innbitt mot kvarande.
Øyvind Stene vaks opp i det han sjølv kallar ein streng sambandsheim. Då han var sju år gammal kom han ein dag heim til eit tomt hus, han fann ingen andre i familien. «No har bortrykkinga skjedd - og eg har ikkje fått bli med til himmelen», var hans første tanke.
– Det er klart at når du tenker det som sjuåring, så har bibelforteljingane du veks opp med gjort eit sterkt inntrykk, seier Stene.
I dag er han forfattar, dramatikar og regissør. Forteljingane frå oppveksten følgjer stadig med, trass i at han tidleg kjende eit sterkt behov for å bryte med miljøet han vaks opp i.