POLITISK KORREKT: Kjell Arild Pollestad meiner nyare bibelomsetjingar er blitt for «politisk korrekte», mellom anna med kjønnsinkluderande inntrykk.
Alice Tegle
Krafta i Bibelen overveldar Kjell Arild Pollestad. No kjem hans eiga omsetjing
Første Mosebok og livet til Paulus har gjort spesielt sterkt inntrykk på teologen.
Bøker fyller veggene frå golv til tak i det vesle husværet til Kjell Arild Pollestad, midt i Bryne sentrum.
Den viktigaste er og blir likevel Bøkenes bok.
Som Dagen skreiv om i vinter, har den medieprofilerte pateren, kulturformidlaren og omsetjaren brukt dei siste fem åra til å omsetje heile Bibelen på eiga hand.