– Kvinner i Bibelen blir framstilt som syndarar
Det Alf Kjetil Walgermo oppdaga då han las Bibelen på nytt, fekk han til å skrive ei heil bok.
Bibelen har rykte på seg for å vere ei bok som handlar om menn.
Det til trass for at fleire av dei sentrale karakterane er kvinner.
Det ønsker forfattar Alf Kjetil Walgermo å sette fokus på.
I søndagens tekst møter vi tre kvinner portrettert som syndarar.
Bibelens kvinner
Walgermo er journalist i Vårt Land og forfattar.
Då han for fire år sidan nytt las heile Bibelen på nytt i samanheng med eit bokprosjekt, oppdaga han noko som sette seg i han.
Kvinnene har ein mykje meir sentral rolle enn det dei har fått ære for i den vestlege teologihistoria.
Det fekk han til å skrive boka Bibelens kvinner (2020).
– Der ønsker eg å trekke fram kvinnene i Bibelen sine historier, som ofte har hamna i skuggen av mennene, seier han.
Nesten 800 kvinner
Det er nesten 800 kvinner i dei 66 bøkene til den lutherske Bibelen.
Vi kjenner namnet på cirka 200 av dei.
Forteljingane om dei har ikkje hatt langt på nær like stort gjennomslag i kulturen vår som menn, fortel Walgermo.
Det trur forfattaren at handlar om at kyrkja har vore dominert av mannlege teologar opp gjennom historia.
Profeten Hulda
Han peikar på profeten Hulda – ein profet dei færraste har høyrt om.
Ho får tildelt skarve ni vers fordelt i Andre kongebok og Andre krønikebok, men spelar likevel ei heilt sentral rolle.
Då øvstepresten Hilkia finn ein bokrull i Tempelet der loven står skriven, er det nemleg Hulda som stadfester at innhaldet er å rekne som Guds ord.
Teksten han fann var truleg Femte mosebok.
Walgermo meiner det berre er eitt av mange døme på at viktige bibelske kvinner er tona ned av kyrkja oppgjennom historia.
Framstilt som syndarar
Det lar seg ikkje gjere å peike ut eitt trekk ved kvinnene i Bibelen.
I den historiske fortolkinga av dei, er det likevel særleg éin eigenskap som peikar seg ut.
Dei blir framstilt som syndarar og freistarar, forklarar Walgermo.
I søndagens tekstrekke møter vi tre kjente forteljingar i den kategorien.
Ei ikkje-namngitt, men syndig kvinne, som vaskar Jesu føter.
Kona til Potifar som forsøkjer å lokke Josef til å liggje med ho.
Og Eva i Edens hage.
Eva i hagen
Allereie tidleg i kyrkjehistoria skulda teologen Tertullian Eva for å vere «djevelens inngangsport» til verda. Og meinte alle kvinner følgde etter henne.
Han vart ein av dei viktigaste personane for korleis den vestlege teologien utvikla seg. Og førestillinga fekk stort nedslag i kulturen.
Maria Magdalena
Det ser vi til dømes igjen i fortolkinga av den ikkje namngitte kvinna vi møter i søndagens evangelietekst.
Trass i at teksten framstiller henne som ein audmjuk tenar som vaskar Jesu føter, har ho fått eit dårleg rykte på seg.
Då pave Gregor den store (ca. 540–604 e.kr.) i sin påsketale i år 591 fastslo at kvinna er Maria Magdalena, vart det hengande ved henne heilt opp til moderne tid.
I kjølvatnet av pavens tale, framstiller kunstnarar gjennom heile mellomalderen Maria Magdalena som ein angrande, men lettkledd prostituert.
Historia om at ho var den første som møtte Jesus ved den tomme grava, har fått mindre kulturelt gjennomslag. Trass i at den er langt meir sentral i det evangeliske narrativet.
– Kvinner kjem dårlegare ut i tolkinga av Bibelen enn menn, seier Walgermo.
Kvinner i barnebiblar
Også i vår moderne kultur heng desse forstillingane igjen.
Barnebiblar er langt meir prega av forteljingar om menn enn kvinner, skreiv Dagen i 2019.
Forskar Ingunn Aadland, som den gong arbeidde ved Kirkelig pedagogisk senter (IKO) hadde undersøkt feltet.
Ho fann ut at kvinnene ofte blei borte frå barnebiblar. Og dei som fekk vere med, vart ofte portrettert som nettopp syndarar og freistarinner.
– Det er gjerne desse forteljingane vi tyr til når vi skal vise dømer på Guds nåde og tilgjeving. Effekten av dette er at kvinnerolla blir samanbunden med det syndige, sa Aadland den gongen.
Då Walgermo gav ut barnebibel i 2022 var han bevisst problemstillinga.
– Eg ønskte ikkje å skrive ein feministisk barnebibel, men forsøkte å oppnå ein naturleg balanse mellom menn og kvinner i den, seier han.
– Ei viktig oppgåve
Forfattaren trur mykje av grunnen til at kvinnene i Bibelen hamnar i skuggen av mennene, handlar om mangel på vilje til å trekke fram kvinnehistoriene.
– Det er ei viktig oppgåve, seier han.
Dersom vi ikkje tar det på alvor, sit vi igjen med «ein halv bibel», meiner forfattaren.
– Det er eit mønster at menn berre trekker fram menn. Og då gjer ein eigentleg skade på evangeliet, seier Walgermo.