Kyrkjelyd ville endre pronomen i trusvedkjenninga. Då sette biskopane foten ned
Bispemøtet ser fleire problem med endringa som kyrkjelyden i Stavanger bispedøme ønskjer.
Det er meir inkluderande å sei «Vi trur på Gud Fader» i staden for «Eg trur på Gud fader»; seier Ronald Mong til Vårt Land, som først melde saka.
Han er prest i Hana kyrkjelyd i Stavanger bispedøme og søkte nyleg Bispemøtet om godkjenning til å byte ut «Eg» med «Vi» i starten av den apostoliske trusvedkjenninga.
Både svenskane og danskane startar trusvedkjenninga med «vi».
Likevel seier Bispemøtet nå nei til å gjere det same i Norge, ifølge Vårt Land.
Derfor kan ikkje pronomenet bytast ut
Avisa skriv at Bispemøtet sitt avslag kjem med desse to grunngjevingane:
1. Eg-forma i den apostoliske trusvedkjenninga har eksistert sidan år 750. Ein liknande formel finst også allereie rundt år 400.
2. Vedkjenningsskriftene for Den norske kyrkja er nedfelt i lova og er derfor vanskelege å endre.
Prest: – Trur biskopane tar feil
Bispemøtet råder kyrkjelyden på Hana å nytte den nikenske trusvedkjenninga, som starter med «Vi trur». Men soknepresten i Hana meiner denne er for lite kjent.
Han er likevel villig til å følge tilrådinga frå Bispemøtet.
– Når eg får nei frå biskopane, synes eg det er vanskeleg å gå vidare med det. Men eg trur dei tar feil i vurderingane sine, seier Ronald Mong til Vårt Land.