Leif (28) jobbar med menneske som snart skal døy
– Mange trur dei døde framleis er blant oss, seier han.
I desse dagar går det ein debatt i Dagen om kva som skjer når vi døyr.
Leif Oma er tett på dei som spørsmålet er aller mest aktuelt for.
Han er nemleg prest ved Haraldsplass Diakonale Sykehus og jobbar med menneske som går sine siste dagar i møte.
I søndagens lesetekst snakkar profeten Jesaja om døden.
Spør om livet etter døden
Dagen møter Oma heime i Bergen, der han for tida er i pappapermisjon.
Han forklarar at sjølv om menneske har veldig ulike reaksjonar på beskjeden om at døden nærmar seg, så er det eit mønster som går igjen.
Spørsmål om livet etter døden blir viktig når det siste andedrag er rett rundt hjørnet, både for dei som kallar seg religiøse og dei som ikkje gjer det.
– Mange opnar seg for den kristne trua, og eg får ofte spørsmålet om det er mogleg å seie noko sikkert. Då må eg berre seie at vi veit ingenting, men at vi likevel kan håpe og tru.
Dei etterlatne
Han forklarar at også dei pårørande kan bli meir opptekne av religiøse spørsmål når nokon dei er glad i nærmar seg døden.
– Det finst ei slags åndeleg oppfatning der mange trur at dei døde framleis er blant oss, seier presten.
Han høyrer ofte folk seie ting som: «Eg er sikker på at bestemor følger med på oss». Eller at «sjølv om pappa reiser frå oss no, så er han med oss og ventar på oss den dagen vi kjem etter han».
Samtidig understrekar Oma at han også møter dei som tenker at døden er siste slutt, og at det er heilt greitt.
Kan ikkje seie noko sikkert
Spørsmålet som har blitt debattert den siste tida er om dei døde i Kristus er i ein bevisst eller ubevisst tilstand.
I Bibelen er «dei døde i Kristus» eit omgrep som viser til kristne som er gått bort, men som ifølge den kristne trua skal stå opp igjen til evig liv når Jesus kjem tilbake.
Halvor Nordhaug, som i fjor gjekk av som biskop i Bjørgvin etter nærmare 13 år i tenesta, har jobba mykje med spørsmåla som har blitt debattert.
Han er i utgangspunktet kritisk til dei som seier at menneske går inn i ein slags bevisst tilstand etter døden fordi sjela er udødeleg. Ei slik oppsplitting av menneske der kroppen døyr, men sjela lever vidare, stammar nemleg frå gresk tankegods.
– Det lar seg ikkje foreine med det jødiske menneskesynet som er det rådande i Bibelen. Der skil ein ikkje mellom det fysiske og det andelege, seier han.
Ein bevisst tilstand
Biskopen understrekar at det utifrå Bibelen ikkje er mogleg å seie noko sikkert om kva som skjer mellom døden og Jesu tilbakekomst. Han meiner likevel Det nye testamentet fleire stader hintar om at det finst ein form for mellomstadium mellom den fysiske død og oppstoda.
Han viser særleg til apostelen Paulus som fleire stader gir uttrykk for at han lengtar etter det kommande livet.
Til Filipparane skriv han til dømes at lengtar «etter å bryta opp og vera saman med Kristus», og til Korintarane skriv han at han helst vil «flytta bort frå kroppen og heim til Herren».
Nordhaug meiner det ser ut som at apostelen ser for seg at dei døde har ein slags bevisst tilstand.
– Det verkar som at han tenker at trua på Jesu oppstode har ei så stor rekkevidde at den ikkje berre omfattar oppstoda og det evige livet når Jesus kjem tilbake, men at den også kan inkludere eit menneskeleg fellesskap etter døden, seier teologen og legg til:
– Det er Jesu oppstode og ikkje trua på ei udøyeleg sjel som er det teologiske poenget for Paulus.
Eit psykologisk fenomen
Den pensjonerte biskopen vil difor ikkje utelukke at dei døde «lever» vidare i ein slags bevisst tilstand. Samtidig er han ikkje like overtydd om at dei framleis er til stades mellom oss på ein slik måte at vi kan ha kontakt med dei.
– Eg tvilar ikkje på at dei som opplever kontakt med tidlegare døde slektningar verkeleg har ei oppleving av det, og det vil eg møte med respekt. Eg trur det verkeleg kan opplevast som at ein avdød er til stades, men det er verken spesielt mystisk eller religiøst, seier han og legg til:
– Dette skjer nok helst på det psykologiske plan, som ein indre dialog med eit kjært medmenneske, sjølv om eg ikkje ville sagt det i møte med pårørande som har slike opplevingar.