– ALT VAR IKKJE BETRE FØR: Leiv Roald Thu og Gunnar Vold gler seg over utviklinga dei ser hos kristne menn i dag.

Leiv Roald (78) og Gunnar (82) på mannshelg: – Mykje lettare å vera mann i dag

– Morfar tek feil, meiner barnebarna. Denne helga møttest tre generasjonar til mannshelg på Vaulali.

Publisert Sist oppdatert

Det er fredag kveld og damefri på leirstaden, Vaulali, i Ryfylke.

Opp frå kjellaren stig lukta av 120 menn og eit ukjent antal kilo reker.

Stemninga er god.

Rett før dei siste rekene er fortært kjem mannsweekend-general Jarle Mong halsande inn i joggeklede. Bak han ein gjeng gutar frå den kristne vidaregåande skulen Framnes, med ein stabel pizzaøskjer i hendene.

PIZZA: Framnesgjengen tok med sin eigen kveldsmat til mannsweekend.

Reker er ikkje for alle, men det gjer ingen ting.

På mannsweekend kan folk komme som dei er. Eller kan dei eigentleg det?

Kritiserer tronge mannsideal

Mannsideala til dagens kristne mannsgründarar er for tronge, meiner Vårt Land-kommentator, Åste Dokka.

«Trange ideal skyver menneske bort. De gjør også menneske like hverandre og dermed utskiftbare. Lykkes slike ideal, kan vi gå glipp av særpreg, kreativitet og spontanitet», skriv kommentatoren i avisa.

Det er ikkje noko som umiddelbart tyder på at «tronge mannsideal» har skjøve folk vekk i den overfylte spisesalen på Vaulali. Men kan mannsideala avgrense kreativitet og særpreg?

«Ja», har dei to eldste deltakarane på mannsweekenden erfart.

Ikkje fotball og ikkje skjegg

Som unge kristne menn på 60- og 70-talet måtte Gunnar Vold og Leiv Roald Thu leve opp til ei lang rekkje ideal knytt til utsjånad og livsstil.

– Me hadde kolossalt respekt for dei eldre. Dei måtte me lytte til, på godt og vondt, minnest Thu.

Organisert idrett var uglesett, særleg på søndagar. Det same var skjegg for menn og sminke for damer.

– Du fekk fort peikefingeren viss du ikkje gjorde som dei eldre sa, fortel Thu.

Vold nikkar.

– Det var nok ikkje alt som var like klokt alltid av dei reaksjonane me fekk, seier han.

Misjonshøvdingane hadde mykje makt den gongen. Å ta ordet på bedehuset var ikkje for kven som helst.

– Me var redde for å seie noko feil, fortel Thu.

– Enklare i dag

Som gutar på bedehuset fekk dei utfalde seg med guteklubb og gutemusikk, og deretter i mannskor. Det gledde seg over å vere i eit kristent fellesskap.

Likevel sakna dei ofte frimot, både på bedehuset og blant ikkje-kristne.

– Mykje av det frimotet eg sakna hos meg sjølv som ung ser eg hos unge menn i dag, seier Vold.

Mannsweekend: Mannsweekend på Vaulali november 2023.

– Det har mykje å gjere med at dei i forsamlingane blir lært opp til å ta ordet og vere med og forma det som skjer på møta. Det gjer noko med ungdommen.

Thu er einig.

– I dag er det mykje enklare å stå fram og vera seg sjølv. Og bli respektert for den du er, seier han.

Ingen kleskode

På første kveldsmøte denne mannsweekenden er det få synlege spor av peikefingrane frå 60-talet.

Her er skjegg i alle lengder og fasongar. Det er Iron Maiden- og Metallica-t-skjorter side om side med lusekufter og finskjorter.

VARIERT: Mannsweekend byr på ulike klede såvel som skjeggfasongar.

Det er hender som er falda, hender som skrollar på mobilen og hender som er løfta.

LOVSONG: Ulike uttrykksmåtar i salen.

Bein som sit, som kneler og treskor som trampar takta til lovsongen.

Auge som er blanke, auge som er tørre og auge som er lukka.

Legg av seg hemningane

Etter lovsongen er ordet fritt.

Menn kjem opp og deler spontant bibelvers, bøner eller bilde, som dei seier dei har fått frå Gud. Ein mann med eit skjegg, som truleg ville fått dei gamle misjonshøvdringane til å snu seg i grava, grip mikrofonen og syng ein song han lærte på søndagsskulen:

«Jesus kom inn, Jesus kom inn, kom inn i mitt hjarte, Jesus».

Resten av mennene sleng seg tostemt med i songen:

«Kom inn bli der, vær alltid nær. Kom inn i mitt hjarte, Jesus».

Med det er tonen for mannshelga sett, og det er tid for ein tale litt utanom det vanlege.

Røper hemmelegheitar

– Kvifor er de her, spør talar, Andreas Kjøndal, hardt og brutalt, straks han får ordet.

TALAR: Andreas Kjøndal

Kjøndal har millitær bakgrunn, men er i dag lærar på den kristne skulen KVS, der han mellom anna har starta guteklubben Krigarane.

Stille i salen.

Talaren peiker ut ein stakkar, som skal fortelje kvifor han kom på mannshelg.

– For å vere saman med søsken, seier mannen i salen, halvt svarande, halvt spørjande.

Talaren går hardare til verks.

«Kva er vanskeleg i livet?», spør han.

«Barneoppseding», kjem det frå salen.

«Nokon som kjenner seg igjen?», spør talaren.

Det kjem mange hender i vêret. Anerkjennande humring.

Stille igjen.

«Andre??» Spør talaren. «Kva er vanskeleg i livet?»

«Ekteskap», «Prioritering», «vere ærleg med seg sjølv». Og slik held det fram.

Katta er ute av sekken på Vaulali.

Nå er det ingen veg tilbake.

– Menn er for stolte

– Litt av greia med å komme på mannshelg er å stoppe på autopiloten menn ofte går på, seier Kjøndal i talen.

Han meiner stoltheit er ein typisk autopilot for menn.

– Er det nokon som kjenner seg dum overfor eiga kone av og til? Kjenner seg som ein liten gut? Kva kjenner de då?

«Blir sint», mumlar nokon i salen.

Talaren koplar sinne til stoltheit.

– Du er livredd for at nokon skal sjå på netthistorikken din på ein dårleg dag, for du vil ikkje andre skal tru at du er ein dårleg person. Men er det nokon som trur at den ved sida av seg er utan synd?

Det humrar i benkeradene.

Kjøndal held fram:

– Stoltheit gjer deg enormt liten. Audmjukskap gjer deg stor. «Kan du tilgi meg?». Med det spørsmålet blir du ein leiar i familien. Då må stoltheita gå.

Det kristne mannsidealet er definert: Ein god mann er ein audmjuk mann, som torer innrømme sine feil og be om tilgjeving.

Vedkjenner synder for framande

Etter talen blir mennene blir delt inn i grupper med deltakarar dei ikkje kjenner frå før av. Så skal dei vedkjenne synd og be for kvarandre.

FORBØN: Fleire deltakarar trekk fram verdien av at dei kan vere sikre på at det dei seier i mannsfellesskapet forblir i mannsfellesskapa.

I desse smågruppene kjem aldersforskjellar til nytte, har Gunnar Vold og Leiv Roald Thu fått merke.

«Du med di erfaring, kva ville du gjort? Du med livsvisdom, kva meiner du om dette?», spør gjerne yngre deltakarar dei eldste deltakarane på smågruppene.

– Eg har høyrt det fleire gonger, fortel Thu.

– Dei yngre spør meg gjerne til råds om personlege problem. Eg vil aldri gi meg ut å ha fasiten, men eg kan vise til eiga erfaring.

Gunnar Vold er imponert over kor opne kristne menn er i dag.

– Dei deler problem og ber for kvarandre. Det er altså så flott.

Protesterer

Både Thu og Vold meiner det er enklare å vera kristen mann i dag enn då dei var unge, men då protesterer barnebarna.

PÅ MANNSWEEKEND: Søskenbarna Mathias Fasseland og Tobias Salte.

– Det er vanskelegare å vera mann i dag, seier Mathias Fasseland (22).

– Rosa kompetanse er på veg inn i skulane, og viss me går ut og seier kva me meiner kan me bli slakta ned av LHBTQ-rørsla. Som kristen får du mykje meir motstand utanfrå i dag enn på 50-talet.

– Mannsideala skyv menneske bort

Ein ting er dei tre generasjonane på Vaulali likevel einige om: Mannsfellesskapa gjer det enklare å vere mann.

Mathias Fasseland og Tobias Salte set pris på fellesskapet mellom generasjonar på mannsweekend.

TRE GENERASJONAR: Svein Arne Fasseland er primus motor for mannsweekenden. Her saman med svograr, svigerfar, Gunnar Vold (framme i midten), nevøar og sonen, Mathias Fasseland (nederst til høgre).

– Den største visdommen dei gamle bringar inn her er at ingen er perfekte. Uansett kor mykje du prøver kjem du aldri til å bli perfekt. Det sit igjen hos meg, seier Tobias Salte.

Som framtidig far trur Fasseland at mannsfellesskapet rustar han til oppgåva som ventar.

– Gud først, så kona og så ungane. Den prioriteringa der sit igjen hos meg i alle fall, seier han.

Enn så lenge må konene der heime vente, for nå skal mennene prioritere kvarandre. På Vaulali er reker og sitron rydda vekk og syndene vedkjent. På borda står bollar og brus. Nå kan natta berre komme.

Powered by Labrador CMS