For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Ukens salme

FASTETRADISJON: Fastelavnsbollar er blitt ein tradisjon ved inngangen til fasten, men sjølve fastetida har ein langt svakare posisjon.

Målet ingen har lyst til å nå

Fastetida opnar for å fordjupe seg i sentrum av livet til Jesus frå Nasaret. Det har alltid vore freistande å vike unna.

Publisert Sist oppdatert

Bollar med krem og syltetøy er det første mange moderne nordmenn assosierer med ordet fastelavn. Med åra har fleire også forbunde starten på fastetida med karneval. Den mest fargesprakande utgåva eksploderer i Brasil, men påskot til fest og feiring har lett for å spreie seg.

Det er tyngre å oppretthalde eller eksportere ein skikk som handlar om sjølvprøving, forsaking og omvending. Men både fastelavnsbollane og karnevalet er frå gammalt ei markering av at den kristne kyrkja går inn i ei førebuing til å minnast Jesu liding og død.

Dei kulturelt interesserte kan vite at blåmåndag og feitetysdag er dei neste dagane på kalendaren. Og oskeonsdag er vi vane med å sjå bilete av Joe Biden og andre kjende katolikkar med oskekross i panna.

Powered by Labrador CMS