Den bysantinske byggjeskikken på Athos finn du ingen andre stader i verda. Foto: Øystein Lid

Mirakla i Romarrikets siste utpost

På det heilage fjellet har lite endra seg på 1.000 år. Munkane her fortel om under og teikn som ein heilt normal del av livet.

Publisert Sist oppdatert

Athos har blitt skildra som kanskje den staden i den bebudde verda som har endra seg minst dei siste 1.000 åra. Her lever munkane som dei gjorde i mellomalderen, i bøn og arbeid. Dei ortodokse munkane kjem hit for å via livet sitt heilt og fullt til Gud og ønskjer alt anna enn at den avsondra halvøya utan vegtilkomst skal bli ein turistattraksjon.

Likevel har klosterstaten nord i Hellas hatt ei forunderleg dragkraft på menneske frå heile verda. Men med mindre du er ortodoks, er det ikkje noko sjølvsagt å få lov å koma på besøk. Då det berømte nyheitsmagasinet 60 Minutes (CBS) i 2009 ønskte å laga ein reportasje frå klosterhalvøya Athos, var svaret blankt nei. To år med førespurnader og forhandlingar tok det før eitt av klostera endeleg sa ja.

Det er difor med ein viss angst og beven Dagens utsende set sin fot i Karyes, klosterstatens administrative senter sidan 1000-talet, og går til fots i retning Iviron-klosteret.

Daglegdagse under

Skogen på kvar side av stien ser mest ut som ein jungel. Det veks ville sukkererter, dill og oregano fleire stader. Med eitt kjenner me ei vedunderleg lukt av røykjelse lukta er lett å kjenna att frå den ortodokse gudstenesta. Men no står me midt i skogen, og her er det ingen som svingar røykjelseskaret.

– Små teikn og under skjer heile tida her på Athos, seier Panagiotis Pavlos. Han er til dagleg forskar i filosofi ved Universitetet i Oslo, men for augneblinken kjentmann og guide for følgjet.

Me er ikkje langt frå huset til ein av klosterhalvøyas mest heilage menn, eldste Paisios (1924-1994). Medan han levde valfarta folk i tusental på denne stien for å besøkja han. Dei vart friske frå sjukdommar, fridde frå den vonde og fekk åndelege råd. Det vart sagt at hans nærvær åleine kunne endra hjarta til dei som kom, og dra dei nær til Jesus.

Nordmennene høyrde om alle mirakla som fann stad ved eldste Paisios sitt hus. Foto: Torbjørn Finken

Advokaten som tvilte

Panagiotis var sjølv ein av dei mange som kom til hans kellion (klostercelle) i skogen. Han er også ein nær ven av munken som i dag bur her, fader Arsenios.

– Christos anesti (Kristus er oppstaden)! ropar Panagiotis, og snart kjem det ein mann med langt skjegg ut av Paisios sitt hus.

Fader Arsenios helsar hjarteleg på sin gamle ven og høfleg på oss frå Noreg, før han tek til å fortelja nokre av dei mange historiene om kva under og teikn som fann stad akkurat her i hytta hans. Eit fenomen fader Arsenios fortel oss om, var Paisios si evne til å vita kva gjestene ville spørja han om, før dei opna munnen.

Ein gong var det ein advokat som ikkje trudde noko på historiene om Paisios, og ville testa han. Planen var at han skulle gi seg ut for å vera lege. Då han kom fram var han del av ei gruppe på 50 personar som alle ville møta Paisios. Munken opna døra si, såg rakt inn i auga på advokaten, og sa «forsvinn og ta med deg løgnene dine til rettssalen». Mannen slutta å tvila den dagen, fortel Arsenios.

Munkane reiser sjøvegen til Det heilage fjellet. Foto: Torbjørn Finken

Keisarens dekret

Den forma for kristendom som er bevart på Athos, har ei heilt unik historie. Etter at kristendommens hovudsete, Konstantinopel og med det Romarriket, fall for den muslimske hæren i 1453, overlevde Athos som ein siste utpost av Imperium Romanum. I eit offisielt dokument frå år 972 vart Athos etablert av keisar Johannes 1 Tzimiskes som ein sjølvstyrt klosterstat i keisardømmet.

I dag er «Den Autonome Klosterstaten Det Heilage Fjellet» den einaste republikken der du framleis kan sjå det kristne Aust-Romarrikets flagg den karakteristiske doble ørnen vaia til topps på offisielle flaggstenger.

Athos-fjellet vert i dag rekna som det åndelege senteret i Den ortodokse kyrkja. På dei 20 operative klostera bur det over 2.000 munkar, som har vigd sitt liv til bøn for heile verda.

– Grunngjevinga for klosterkallet finn munkane i Jesu ord (Matt. 19) om å leva i sølibat for himmelrikets skuld, om å selja alt ein eig, gje til dei fattige, og følgja Kristus, seier fader Johannes forstandar for Hl. Nikolai menighet og åndeleg turleiar.

Ex-lutherske pilegrimar

I løpet av opphaldet bur me på 3-, 5- og 8-mannsrom på ulike kloster, og deltar i munkanes kvardagsliv. Gudstenestene tek ofte til kl. 3 om morgonen, og måltida er det berre to av for dagen dei er heilvegetariske og varer berre i 10 minutt.

Pilegrimane får desto betre tid til samtale og å bli kjende med kvarandre. Dei har stort sett luthersk bakgrunn, alle saman. To av dei, Lars Karlsøen og Bjørn Skauen, har vore prestar i Den norske kyrkja. Fleire har søkt tilflukt frå det dei ser som vranglære, knefall for tidsånd og verdsleg påverknad i protestantismen.

– Eg opplevde at Den norske kyrkja ikkje lenger hadde plass for meg. Når eg er her på Athos og ser dei åndelege rikdommane i den ortodokse tradisjonen, kan eg ikkje fri meg frå tanken på at Martin Luther gjorde ein stor tabbe då han fjerna klosterrørsla. Klostera er garantistar for den rette læra, og munkane er førebilete for oss kristne når det gjeld tilbeding og etterfølging, seier Karlsøen.

– Den første gongen eg besøkte ei ortodoks kyrkje, var liturgien på eit språk eg ikkje forstod. Men likevel tok tårene til å trilla, og eg skjønte at det var her eg høyrde heime, fortel Thorleif Grønnestad. Han konverterte for over 10 år sidan, og leier i dag lekmannsgudstenestene på Sandnes.

Dei rosemålar likevel ikkje situasjonen i Den ortodokse kyrkja, enkelte stader er organiseringa dårleg, og andre stader er det problem med nasjonalisme. Ein av pilegrimane, Dag Markeng, kommenterer det slik:

– Då eg vart ortodoks i 1983, sa fadderen min noko til meg som eg har fått merka er sant. Det kjem ikkje til å bli enkelt å vera ortodoks, sa han, men det er verd det.

Vatopei-klosteret der det undergjerande beltet blir oppbevart. Foto: Øystein Lid

Eit undergjerande belte

Eit av dei rikaste og vakraste klostera me besøkjer heiter Vatopedi, etablert på 400-talet. Gullmyntar og forgylte altarkalkar og spektakulær kyrkjekunst er å sjå overalt. Men dette er også heimen til ein stor skatt som ikkje er av gull, men som er bevart frå urkyrkja og er laga av kamelhår.

– Dette er Jomfru Marias belte, fortel munken Evstathios.

Ifølgje skriftlege kjelder vart beltet oppbevart i Jerusalem fram til år 400. Etter eit opphald i Konstantinopel, vart det gjeve i gåve til Vatopedi.

– Noko av det spesielle er at beltet ikkje berre gjorde mirakel ein gong i fortida, men den dag i dag. Kvar 14. dag eller så får me meldingar frå folk over heile verda som har fått hjelp ved å bruka olje som har vore i kontakt med beltet, fortel fader Evstathios.

Dei ortodokse viser til at på same måte som Gud gjorde mirakel gjennom apostelen Peters klede (Apg. 19,12), skjer det same også ved Jomfru Marias klede. Fader Evstathios kan visa til ei rekkje merkelege hendingar som er knytt til beltet. Det er særleg barnlause som får hjelp, men munken fortel også om ei rekkje sjuke som har blitt friske.

– Ein kreftlege frå Sveits var på besøk og fekk med seg nokre flasker olje – han trudde ikkje på det sjølv, men ville gjera eit eksperiment etter å ha høyrt om fenomenet. Han gav det til alle pasientane som var nær terminal fase. Nokre overlevde ikkje, men to av dei vart heilt friske. Han kom tilbake til oss i klosteret og fortalde om det. Me veit ikkje kvifor nokon vert friske og andre ikkje, men me brukar olja i tru, og så ser me kva Gud vil gjera, seier Evstathios.

Nordmennene får med seg kvar si flaske, og fader Johannes får med seg fleire til bruk i kyrkjelyden i Noreg.

Munken med blå auge

Mot slutten av opphaldet høyrde nordmennene eit rykte om at det budde ein munk frå Skandinavia ved eitt av klostera dei skulle besøkja, Karakallou. Etter å ha møtt stort sett greske munkar på Athos, gjer det inntrykk å sjå ein munk med tindrande blå auge og langt, raudt skjegg. Fader Prodromos er frå Finland, og kan ein god del svensk. Det viser seg at også han har luthersk bakgrunn.

– Korleis vart du ortodoks, fader?

– Eg gjekk inn i ei ortodoks kyrkje ein gong, og vart så treft av liturgien at tårene begynte å trilla. Eg skjønte intuitivt at her måtte eg høyra til, fortel munken, som eit ekko av historia dei norske konvertittane ber med seg.

Fader Prodromos reiste til Athos-fjellet kort tid etter at han omvende seg for 20 år sidan. No er han sjef for gjestehuset i klosteret, og har måtta læra seg mange språk.

– Korleis er livet her i klosteret?

– Det er veldig godt. Sidan klosteret Karakallou ikkje er like stort som dei andre, (nr. 11 på den interne rangstigen blant klostera), er det ikkje så travelt som ved nokre av dei andre. Dermed har eg god tid til å konsentrera meg om bøna, seier fader Prodromos, og minner oss på kva som er den gode del og det alle kristne bør setja først i livet.

Powered by Labrador CMS