Misjon som mentalhygiene
Tor B. Jørgensen, det kan også vera god mentalhygiene i å kunna gleda seg i lyset og i Jesu frelsesverk framfor å vera i mørket, men så lenge ein eig lyset og frelsa anten ein veit det og trur det eller ikkje, er og vert det ikkje noko anna enn mentalhygiene å få vita det og tru det.
Eg takkar biskop emeritus Tor B. Jørgensen for hans svar til meg.
Jørgensen er i alle fall ein mann som står for sine meiningar og som svarar på utfordringar. Sjølv om den pensjonerte biskopen svarar eintydig «nei» til at misjon vert nedtont til mentalhygiene, moral og omsorg, når ein lærer at alle vert frelste til slutt, kan eg ikkje sjå anna enn at innhaldet i svaret er eit «ja».
Jørgensen gjev ei rekkje grunnar for sitt nei, men når ein går argumentasjonen og språkbruken etter i saumane, vert det lite substans i svaret, og det er ingen ting i svaret som seier at misjon er forkynning til frelse, i klassisk meining av ordet. Det seier at det misjon og forkynning går ut på, er nettopp omsorg og mentalhygiene, ikkje frelse.