TENKTE NYTT: Misjonærveteranen Arne Dragsund sin idé har ført til endringar i måten psykisk sjuke blir behandla på Madagaskar.

Misjonæren Arne (82) sine metodar vekkjer oppsikt i norsk psykiatri: – Veldig imponerande

På misjonsfeltet blir psykisk sjuke friske utan medisin og psykologar.

Publisert Sist oppdatert

– Det er kjempeimponerande, fascinerande og interessant, seier psykiater og leiar ved Transkulturelt senter ved Stavanger universitetssjukehus, Jone Schanche Olsen.

Han har sett folk bli friske, og han trur norsk psykiatri har noko å lære.

Siste utveg for mange psykisk sjuke

Behandlingsmetoden som psykiateren siktar til, skjer i eigne omsorgslandsbyar for psykisk sjuke på Madagaskar.

BLIR SETT I ARBEID: Psykisk sjuke ved gassiske omsorgslandsbyar. Her er Randria, som er sjef for hyrdane, som har både andeleg og praktisk ansvar for dei sjuke.

Dei sjuke er gjerne djupt deprimerte, i psykose eller schizofrene når dei kjem til omsorgslandsbyane til Den gassisk-lutherske kyrkja.

Somme har hatt fleire behandlingsrundar i det offentlege helsevesenet, utan resultat. Andre ventar i endelause køar.

Ein vanleg dag i omsorgslandsbyen startar og sluttar med forbøn i kyrkja. På dagtid står opplæring og arbeid med landbruk på timeplanen.

Dei sjuke gjer nytte for seg ute på åkeren, under rettleiing frå såkalla hyrdar.

Hyrderørsla på Madagaskar

Ei åndeleg vekking på Madagaskar for 100 år sidan førte til etableringa av ei hyrderørsle.

I dag er hyrderørsla forankra hovudsakleg i Den lutherske kyrkja. Den reformerte kyrkja har nokre få omrsorgslandsbyar.

Hyrdane bur som regel saman med dei som er sjuke i omsorgsbyar, knytte til Den gassisk-lutherske kyrkja.

Hyrdane er tilgjengelege for dei sjuke 24 timar i døgnet.

Dei har ei sentral rolle gjennom å drive ut demonar, be for dei sjuke, vise omsorg og etter kvart også lære dei opp i landbruk.

Hyrdane må ha eit kall ifrå Gud om å ta seg av sjuke menneske.

Den første omsorgslandsbyen såg dagens lys alt i 1894, oppført av Den gassisk-lutherske kyrkja.

I dag er det 50 000 hyrdar over heile Madagaskar. 4000 av dei arbeider i omsorgslandsbyar. Resten er ute i kyrkjelydane, og nokre av dei besøkjer omsorgslandsbyane og hjelper til der.

Desse har fått opplæring i Den gassisk-lutherske kyrkja og har som oppgåve å stelle og rettleie dei sjuke, be for dei og drive ut vonde ånder.

Etter kvart som helsa blir betre, veks ansvaret. Dei får meir og meir fridom, til dei er friske nok til å vende tilbake til det vanlege livet. Med seg i bagasjen får dei praktisk erfaring frå jordbruk og ein pose med frø, så dei kan halde fram å dyrke når dei vender tilbake til kvardagen utanfor omsorgslandsbyen.

Har ikkje fullført oppdraget

Hjernen bak metoden er sivilagronom og misjonær, Arne Dragsund, frå Sandnes.

MISJONÆR: Arne Dragsund frå Sandnes pensjonerte seg for 20 år sidan, men kallar seg framleis misjonær..

Han har vore utsending for Det Norske Misjonsselskap i fleire periodar frå 1969.

Sjølv om han formelt gjekk av med pensjon for 20 år sidan, kallar han seg framleis misjonær.

– Gud har ikkje teke vekk kallet ennå. Oppdraget er ikkje fullført, seier Dragsund.

Gav dei sjuke arbeid og ansvar

På eit av sine årlege besøk til dei gassiske omsorgslandsbyane i 2014 merka Dragsund seg at mange sjuke sat passive inne bak lukka dører.

Det gjekk opp eit lys for han.

– Eg sa til presten at «du må ta med deg desse sjuke ut og dyrka jorda i omsorgslandsbyane».

Presten gjorde som han blei rådd til.

To år etter hadde han gode nyheiter til Dragsund.

– Dei blir fortare friskare når dei får arbeide litt med kroppen, var bodskapen.

I 2015 blei landbruksopplæringa i omsorgsbyane ein del av organisasjonen Plant et tre – Grønn diakoni.

Året etter tok hyrdane ved fire nye omsorgslandsbyar med seg dei sjuke ut i åkeren for å dyrke grønsaker og frukt.

Dragsund såg resultata med eigne auge fire år seinare.

Arne Dragsund og hyrde Randria i åkeren i ein av omsorgslandsbyane.

Der det før var brunsvidd jord var det nå ein bugnande åker med blomar og grønsaker, alt saman dyrka fram av dei same pasientane som før sat passivt i ein stol.

I dag er avlinga stor nok til å mette alle dei 160 sjuke, pluss 30 hyrdar i omsorgslandsbyen.

– Dei er der. Dei blir bedt for. Og det skjer store ting, seier den pensjonerte misjonæren.

– Opplæring, ikkje behandling

I dag er 19 omsorgslandsbyar, eitt fengsel og mellom 200 og 300 hyrdar og prestar med i programmet.

I FENGSELET: Opplæring i jordbruk skjer ikkje berre for psykisk sjuke, men også for fangar i fengselet i Antsirabe.

Neste år aukar dei med fire nye omsorgslandsbyar.

Kvar omsorgslandsby lagar sin eigen planteskule for å produsere småplanter og frø dei kan bruke sjølv, og som dei sender med dei som er friske igjen.

Jordbruksskulane Tombontsoa og Fihaonana har kurs for hyrdane på skulane og dei følgjer dei opp med besøk ute i omsorgslandsbyane.

Dragsund poengterer at det er vel så mykje opplæring som behandling i omsorgslandsbyane.

– Me lærer dei opp – i jordbruk, grønsaksdyking og hønseavl, seier Dragsund.

Blei frisk mot alle odds

Misjonæren frå Sandnes har ingen statistikk over kor mange som har vore til behandling og blitt friske i omsorgslandsbyane. Men han har mange personlege historier.

Blant dei er tobarnsmora, Gina, som blei frisk i omsorgslandsbyen, Ambohimahazo.

BLEI FRISK: Tobarnsmora Gina, her med hyrden hennar, Randria.

Då ho kom dit, var ho djupt deprimert og ute av stand til å ta vare på døtrene sine.

Frå før hadde ho vore innom to omsorgslandsbyar, utan å bli frisk.

På Ambohimahazo tok hyrdane henne med seg ut på åkeren for å arbeide.

Sakte, men sikkert slapp depresjonen taket. Nå går ho i lære hos presten for å bli innvia som hyrde sjølv.

– Det er ein veldig stor forskjell både fysisk og andeleg. Eg er ikkje skamfull over meg sjølv lenger, fortel Gina på telefon frå Madagaskar.

– Eg er stolt.

Hyrden hennar, Randria, skyt inn frå sidelinja:

– Ja, alle her kan sjå at ho er ein veldig sunn person, skryt han.

I 2025 ho innvigd til hyrde i kyrkja og kledd i kvite hyrdeklede.

Imponerer norsk psykiater

Rykta om kva som skjer i omsorgslandsbyane har nådd Stavanger-psykiater Jone Schanche Olsen.

PSYKIATER: Jone Schanche Olsen.

Han vore på studietur til Madagaskar med stiftinga PsykOpp for å sjå korleis hyrdane arbeider.

– Det som er mest fantastisk, er at det er ein infrastruktur, merksemd og engasjement i befolkninga, for å ta seg av alvorleg psykisk sjuke, trass i fattigdom og mangel på ressursar, seier han til Dagen.

Den prislønte psykiateren har arbeidd i mange ulike land, men det er berre på Madagaskar at han har sett eit så organisert tenestetilbod til psykisk sjuke.

Ifølgje hyrdane er «vonde ånder» den enklaste tilstanden å bli kvitt, ettersom det «bare er å be dei forsvinne i Jesu namn». Også dei to offentlege mentalsjukehusa i landet praktiserer såkalla demonutdriving.

Psykiateren har vært vitne til dette.

– Eg trur ikkje at det er ein gud og djevel som gjer menneske sjuke, men eg ser at det som demonutdriving inneber av omsorg, engasjement, fellesskap og forståing kan vere verksamt, seier han.

– Kan brukast i Noreg

At psykisk sjuke blir friske utan psykiatrisk helsepersonell til stades, forklarer Schance Olsen slik:

– Systematisk omsorg, engasjement og ønskje om å følgje opp verkar. Det har betydning.

Viss alt går etter planen, drar psykiateren ned til Madagaskar i haust for å kurse den lutherske kyrkja si helseavdeling om vestleg måte å forstå psykiatri på og kva medisin kan bety i behandlinga.

Han trur også dei gassiske hyrdane kan lære norsk helsepersonell om miljøterapi, som handlar om læring, meistring og personleg ansvar, til dømes gjennom metodane til Grøn diakoni.

– I gamle dagar hadde alle dei psykiatriske sjukehusa gartneri og gardsbruk som dei sjuke fekk delta i. Det er eit stort sakn i våre urbane psykiatriske avdelingar i dag, seier psykiateren.

Powered by Labrador CMS