Ukens salme
SOLOPPGANG: Sola og lyset er viktige metaforar for evangeliet både i Bibelen og kristne songtekstar.
Tore Hjalmar Sævik
Morgonen som slukkar sorga
Salmen «Påskemorgen slukker sorgen» har ei særeigen kraft som gløder etter oppstodedagen.
Første påskedag for omtrent 30 år sidan sat eg på fremste benk på galleriet på Remøy bedehus. Eg var rundt ti år gammal. I min barndom var påska forbunden med påskebibelkurs. Sunnmøre Indremisjon serverte kvart år ei solid ladning bibelundervisning frå onsdag i «den stille veka» til første påskedag.
Nordre og Søre Sunnmøre bytta på å arrangere kurset. Når det var på Nordre, var vi der kanskje berre ein dag eller to. Men når det var på Søre, var det møte dag ut og dag inn: Tre bibeltimar og eit kveldsmøte på dagane med mest program. Opplegget føresette med andre ord betydeleg møtekondis, men sant å seie var det langt frå at eg var på alle møta.
Likevel fekk eg med meg viktige inntrykk. Her vart det trekt opp store linjer frå Bibelen. Hendingar i livet til Abraham, Josef og Moses vart knytte saman med det som skjedde med Jesus fleire hundre år seinare. Offertenesta i tabernaklet i Sinaiørkenen og tempelet i Jerusalem var ikkje uforståelege og utdaterte praksisar, men tvert om talande førebilete. Mykje av dette gjekk over hovudet på meg, men det traff meg likevel i hjartet.