GET FOCUSED: Den kristne musikkfestivalen drar stadig flere deltakere.

Mot deltakarrekord på kristen festival: – Vil gjere det lettare å vere kristen ungdom

21 år etter oppstarten er den tverrkyrkjelege ungdomsfestivalen Get Focused meir populær enn nokon gong.

Publisert Sist oppdatert

Get Focused starta som ein idé frå fire 17-åringar som ønskte meir kristent fellesskap i heimbyen, Tønsberg. 21 år seinare samlar festivalen ungdommar frå heile landet til forkynning og lovsong i Oslofjord convention center utanfor Sandefjord.

Festivalen går av stabelen 3.–5. november.

Rekordmange selde billettar

– Det går mot solid deltakarrekord, skriv festivalarrangørane i ein pressemelding.

Ein knapp månad før festivalen startar har Get Focused seld fleire festivalpass enn i fjor, då det samla deltakartalet landa på 2000.

Nå er håpet å slå rekorden frå 2014.

– Vi ønskjer å sjå ei rørsle av ungdom som er samla i kjærleik, merka av tilbeding og kjende for rettferd. Då er det gøy å samle mange menneske, men det viktigaste for oss er grunnen til at vi samlast, og det er trua på Jesus, skriv festivalsjef og dagleg leiar, Remi Kleppan i pressemeldinga.

Bibel, volleyball og show

På programmet står mellom anna forkynning, lovsong, bibelundervisning, aktivitetar, volleyballturnering og show.

Festivalsjefen vil gjere det lettare å vere kristen.

– Det er noko heilt anna å lovsyngje med to tusen andre i ein sal. Her får dei sjå at det er mange kristne ungdommar, skriv Kleppan.

Powered by Labrador CMS