Ukens salme
Odd Nordstoga og Sissel Kyrkjebø gav nytt liv til gammal adventssalme
Leitar du etter ein advendtssalme med jublande lovsong? Prøv den 333 år gamle salmen «Opp, gledest alle».
Hausten har vore tung på mange slags vis. Både ute i verda og her heime har krisene stått i kø. Adventstida kan kome som ei lindring, dersom vi klarer å feste blikket på han vi ventar på.
«Opp, gledest alle» hjelper oss med akkurat dét: Å feste blikket. Å minne kvarandre om at Gud gjennom Jesus er komen nær. At vi snart skal feire at Guds son vart fødd som menneske, fordi har oss kjær:
1. Opp, gledest alle, gledest no
med fagnad, fred og heilag ro,
i Herren, dykkar gleda!
For Jesus, han er no så nær
og vil, då han oss heve kjær,
i kjøt og blod seg kleda.
Ny Nordstoga-melodi
Teksten vart opprinneleg skriven av presten Thomas Kingo i 1689, men gjendikta av Elias Blix i 1890.
I 2009 fekk salmen nytt liv då Odd Nordstoga og Sissel Kyrkjebø sang han som duett på albumet «Strålande jul». Nordstoga hadde då skrive ein ny melodi, som kanskje passar den glade teksten endå betre enn den gamle og meir neddempa frå Häffners Koralbok.
Duoen Nordstoga/Kyrkjebø framførte salmen på juleturné, og Odd Nordstoga har framført salmen på julekonsertar seinare. Med drahjelp av to store namn fekk den gamle salmeteksten slik eit større publikum.
Både den opprinnelege og den nye melodien er for øvrig tekne med i Norsk salmebok frå 2013. «Opp, gledest alle» står som nummer 7 blant salmar for adventstida.
Gleda som aldri stilnar
I det andre verset syng vi om å late inn Guds glede.
2. Bort, sorg og saknad, or vårt sinn!
Guds gleda vil me lata inn,
at me kan Jesus fagna
med bøn og hjartans takk og tru.
Med honom skal i fred me bu,
og gleda aldri tagna.
Så kan ein undrast om det er truverdig å synge om ei glede som aldri stilnar, slik verda er blitt. Merkar soldatane ved fronten i Ukraina noko til denne gleda? Eller dei mange som nettopp har mist sine kjære i jordskjelv i Indonesia? Greier dei som ikkje får pengane til å strekke til, å gå adventstida i møte med glede?
Ufatteleg fred
Det er ikkje lett å finne gode svar på slike store spørsmål. Men det vi kan gjere, før vi rettar anklagen mot Gud, er å spørje kva vi sjølve gjer for å lindre smerten til dei som lid, vi som skulle vere Guds hender og føter på jorda.
Så må vi også minne kvarandre om at den kristne gleda, og det kristne håpet, handlar om at vi aldri er åleine. At vi trur på ein som er prøvd i alt og som går saman med oss og lid med dei lidande.
Men mest handlar gleda i Kristus om at han har opna vegen heim til Gud Fader for alle som trur. Difor gir det meining å syngje om ein fred som er større enn forstanden kan fatte, og ei juleglede som aldri skal forsvinne, slik vi gjer i vers tre:
3. Gud, lat din fred som høgre er
enn hug og vit kan fata her,
vårt hjarta vel få vara
i Kristus Jesus, at me må
den store jolegleda få
som aldri bort skal fara!