Omstilling i bibelbeltet
I bygda Hommersåk skal det godt gjerast for fastbuande å gå glipp av kristen påverknad.
Born i utedressar vrimlar utanfor pinseforsamlinga Betel Hommersåk i utkanten av Sandnes kommune. Sidan 2005 har forsamlinga drive Lekeland barnehage. Dei innhaldsrike lokala rommar også eit innandørs leikeland, Lekebyen, som folk i bygda kan leige til bursdagsfeiring.
– Det skulle ikkje forundre meg om det kristne fellesarbeidet i bygda er noko av det sprekaste på landsbasis. Vi er utruleg glade i kvarandre, rause og «Guds rike-minded», seier pastor Knut Idland.
Sjølv om vi er i ein bykommune, er kjensla sterk av å vere på landet. Bilturen hit går over beitemarkar og langs berg og nutar.
Felleskristent årshjul
Bydelen Riska, der Hommersåk er sentrum, har rundt 7.000 innbyggjarar og fem kristne forsamlingar. I tillegg til pinseforsamlinga er det ein stor kyrkjelyd i Den norske kyrkja, to bedehus og ein liten kyrkjelyd tilknytt Den evangelisk lutherske frikyrkja.
– Vi har eit årshjul for det i gjer felles, forklarer Idland.
Ved inngangen til møtesalen står ein rollup med overskrifta «Sammen for Riska» som fortel om noko av det som skjer: Felles gudsteneste, bøn, godleiksveke og Hallovenn. Det siste arrangementet samlar rundt tusen menneske.
Riska er også kjent for ei av landets største julemesser, i regi av Norsk Luthersk Misjonssamband. I fjor var overskotet på 700.000 kroner.
– I utviklinga av fellesarbeidet er vi ganske trygge på at vi ikkje er kontroversielle, men ganske mainstream teologisk, seier pastoren.
Han trur også det betyr mykje at mange aktive kristne har stillingar i skule og helsevesen som gjer at mange kjenner dei.
– Det er ikkje mange i Hommersåk som ikkje kjenner nokon som er kristne, seier han.
Opnare misjonsbastion
Vegen bort frå Hommersåk går over beitemarkar og langs knausar og nutar. Himmelen kvelvar seg over det bølgjande, grøne landskapet nedover Jæren. Det er tett med høyballar og kyr, og kort mellom bedehus og kyrkjer. Dei mange steingardane snor seg opp og ned bakkar. Dei står som monument over prisen for å skape seg eit liv på desse traktene.
«Dei grev seg gjennom livet med grubling og slit, putlar med jorda og granskar i Skrifta, piner korn av auren og von av draumane sine, trur på skillingen og trøystar seg til Gud», skreiv Arne Garborg i «Fred» frå 1892.
Den som tenkjer at den gamle, beiske attesten frå eit dystert miljø er dekkjande, i den grad han nokon gong har vore det fullt ut, kunne bli nøydd til å justere inntrykket etter eit sveip gjennom jærske bygder og tettstader.
Ein av tettstadene er Nærbø, der misjonsbastionen Tryggheim er å finne. Det som no er vidaregåande skule, feirar 100-årsjubileum i år og har rundt 530 elevar. I tillegg er det gjennom åra også starta ungdomsskule og barnehage med same namn på det same området. Alt er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.
– Tryggheim er blitt opnare sidan eg begynte her, seier lærar Eli Bjuland.
Ho har vore tilsett ved skulen sidan 1993. I år har ho eit spesielt ansvar for jubileumsmarkeringa.
– Eg er framleis oppteken av at elevane skal få ein god kristen ståstad, men samstundes at dei skal forstå at andre tenkjer annleis, seier ho.
Slutt på trommeforbod
Midt på 1990-talet gjorde styret på Tryggheim vedtak om at det ikkje skulle nyttast trommer i samlingar på skulen. Det meinte ein ikkje var eigna på kristne møte. No står det slagverk på scena i den gigantiske møtesalen. Det er plass til 800 menneske når ein opnar sidesalen.
– Ein var redd for at elevane skulle kome feil ut og kjende ei naud for dei. I dag tenkjer vi at vi som skule heng med i kulturen, seier Bjuland.
Ho opplever at skulen har betre kontakt med omlandet på Jæren enn tidlegare.
– Det vart nok oppfatta meir som ein ghettoskule før. Ved 100-årsjubileet opplever eg at terskelen til Tryggheim er blitt lågare, seier ho.
Samstundes undertrekar ho at kristne møte kvar veke, møteveker og bibelgrupper er sjølvsagde innslag.
Raudgrøn hjelp
I kantina kjem ein del av dei 145 tilsette til lunsj. Rektor Gjermund Viste er mellom dei som finn plass med matboksen. Han kom til Tryggheim for snart 17 år sidan og byrja som rektor i 2015. Familien måtte gi opp misjonskallet til Elfenbeinskysten på grunn av eit forsøk på statskupp i landet. Kona jobbar ikkje på Tryggheim, men Viste understrekar at dei står saman om kallet som styrarpar.
– Mange som ikkje deler det kristne livssynet, vel Tryggheim fordi her er eit godt fagleg tilbod, seier Viste.
Han meiner både fagleg kvalitet og tydeleg kristen forankring er viktig.
– Den raudgrøne regjeringa påla oss faktisk å vere endå tydelegare ved at det vart eit krav å ta det kristne verdigrunnlaget inn i alle relevante fag, seier han.
Sjølv om skulen har ei tydeleg forankring i NLM, er han oppteken av at det skal vere ein naturleg plass å jobbe også for lærarar som høyrer til i andre kristne samanhengar.
– Vi har fire møteveker i året der vi inviterer gode forkynnarar. Mykje av musikken er ungdomsstyrt. Vi er opptekne av å gi spelerom til ungdomane, seier rektoren.
Elevar startar verksemd
Kvart år arrangerer Tryggheim basar der det kjem inn rundt 500.000 kroner. Kona til ein tidlegare rektor selde ein gong lodd i nabolaget for NLM. I eit hus møtte ho ein jærbu som syntest denne organisasjonen var altfor konservativ til at han ville kjøpe lodd.
– Han sa: Hadde du no endå hatt Tryggheim-lodd! ler Viste.
På Tryggheim har dei også vore opptekne med å ta vare på den sosiale sida av arven frå vekkingsforkynnaren Hans Nielsen Hauge. Dei siste åra har det vore arrangert eigen Hauge-festival. Då Dagen er på besøk, førebur ei gruppe elektroelevar seg på å reise til Sokndal kommune for å lære om gründarskap og næringsutvikling.
Elevar på studiespesialiserande linje, det som tidlegare heitte allmennfag, kan også velje entreprenørskap og bedriftsutvikling som programfag. Nokre startar eigne verksemder. Ei gruppe elevar med firmanamnet «Eplekjekkasane» har utvikla ei oppskrift på knekkebrød med restar av eple frå juiceproduksjon. Dei har dekt bordet på eit lite kjøken og serverer smaksprøver. Knekkebrøda vert produserte i samarbeid med elevar som går på arbeidstrening.
Ikkje berre konservative
På det høgste punktet på Nærbø ruvar Nærbø kyrkje, også kalla jærkatedralen. Lyset frå den haustmatte ettermiddagssola som har sigra over skydekket, fell inn gjennom store vindauge.
– Vi er i bibelbeltet. Det merkast på mange måtar, seier sokneprest Lars Sigurd Tjelle som nettopp har returnert frå studietur til Tyrkia saman med andre prestar i Stavanger bispedøme.
– Det er ikkje til å leggje skjul på at her er eit konservativt grunnfjell på mange måtar, men det er også viktig å få fram at her er eit anna kristenliv som er annleis enn bedehuslivet, seier han.
Den tidlegare Japan-misjonæren opplever at mange jærbuar gjennom samtalar gir uttrykk for eit ønske om å tilhøyre kyrkja.
Brytningstid
Men også hos vekkingsfolket synest Tjelle det er teikn til at grensene ikkje er like skarpe som i tidlegare tider, der fleire måtte velje eit enten-eller, til dømes mellom kristent musikklag eller idrettslag.
– Korleis har relasjonen mellom kyrkja og bedehuset utvikla seg?
– Vi er i ei brytningstid. Det berømte vedtaket frå Kyrkjemøtet om å anerkjenne to syn på ekteskapet, gjorde noko med folk. Det gjorde at fleire ikkje lenger greidde å vere med i kyrkja. Det merkast på kven som er frivillige og kven som kjem til gudsteneste, seier presten.
Kyrkjelydsmøtet i Nærbø vedtok i 2017 at dei ikkje ønskte å innføre vigsle for likekjønna, men dåverande biskop Ivar Braut avviste at det kunne gjerast eit slikt vedtak.
– Det er mykje som endrar seg, men det er ikkje dermed slik at alt blir verre. Noko går i god retning. At vi toler mangfald av kvarandre er ein fantastisk god ting, seier sokneprest Tjelle.
– Eg er ikkje redd for å peike på Jesus som einaste vegen til frelse, men eg meiner ein kan vere tydeleg utan å vere brutal, seier han.
Kyrkje før bedehus
I kyrkjeskipet er det sett opp kamera som gjer at ein kan streame gudstenestene på internett. Ein av dei som styrer kamera, er Benjamin Trygve Øgreid-Øie.
– Eg er jo oppvaksen med å gå i denne kyrkja, seier han.
– Eg har aldri vore så mykje på bedehuset. Det er litt meir strigla og firkanta der. Kyrkja er eit førsteval.
Eilèn Lindal (17) er engasjert i barne- og ungdomsarbeidet.
– Eg er ikkje frå den mest kristne familien og har berre vore van med å gå i kyrkja når det var dåp og sånn, når dei måtte. Då eg var konfirmant, begynte eg å gå i ungdomsklubben. Eg syntest det var gildt. Eg prøvde bedehuset, men det var ikkje noko for meg, så eg heldt fram i kyrkja, seier ho.
Begge er elevar på Tryggheim.
Tydeleg leiarskap
Eit kvarters biltur i retning Sandnes tonar heftige gospelrytmer ut frå bedehuset på Klepp. Soul Children har øving. Koret er knytt til Fokus Hverdagsmenighet, som tilhøyrer Norsk Luthersk Misjonssamband.
– Vi vil ikkje berre samlast her og gøyme oss, men sende ut folk. Vi ønskjer forkynning som gjer at folk ønskjer å nå ut rundt seg og bety ein forskjell, seier Marita Skailand Tveita. Ho har bakgrunn frå Pinserørsla, men har gifta seg inn i bedehuset. No jobbar ho som menighetsutviklar i halv stilling.
– Eg har konvertert, smiler ho.
Nokre hundre meter frå bedehuset inviterer styreleiar Ingebjørg Myklebust Dagen inn på eplepai og is. Der er også pastor Aslak Tveita og Ragnhild Engedal. Sistnemnde har ansvar for unge vaksne-arbeidet og byggjer dermed bru mellom ungdommar og vaksne i forsamlinga.
– Då vi kom på Fokus på søndagane, sa dei ikkje berre hei, men dei brydde seg. Når du er blant dei yngste, betyr det mykje at nokon inkluderer deg, seier Engedal.
– Venesamfunn i krise
Aslak Tveita har reist som forkynnar i Indremisjonsforbundet og vore ungdomsleiar på Kleppe bedehus før han var med på å grunnleggje Fokus Hverdagsmenighet.
– Det tradisjonelle venesamfunnet på bedehuset er i djup krise, seier Tveita.
Han meiner mange av strukturane i bedehuskulturen vert for lause og sårbare i møte med vår tids utfordringar for det kristne arbeidet.
– Vi treng ein tydeleg leiarskap som vågar å ta ansvar.
Til dagleg leier han sitt eige firma som driv med golvlegging, men han er uløna pastor i 20 prosent stilling.
– Vi har ein heilskapstankegang. Det kristne arbeidet som klarer å tenkje heilskap og sjå heile livsløpet til mennesket, kan vere liv laga, seier Ingebjørg Myklebust.
Det gjorde stort inntrykk på henne og familien som då dei kom til Klepp og menneske frå forsamlinga ho aldri hadde møtt før, hjelpte til med flytting.
Raud klut
Aslak Tveita stikk ikkje under stol at konservativ kristendom kan vere ein raud klut for mange, også i bibelbeltet. På fleire måtar trur han frontane kan vere sterkare her enn andre stader.
– Vi har mogelegheiter til å setje spor, særleg overfor borna, seier Myklebust.
Snart skal Kleppe bedehus setje i gong eit utbyggingsprosjekt med prislapp på rundt 28 millionar kroner.
Fornya mandat
På Ganddal, eit kvarter unna, har dagleg leiar og prest Vidar M. Bakke i Bymenigheten Sandnes funne fram kaffi på lunsjromet. Han leier den einaste valkyrkjelyden i Den norske kyrkja.
Pinsekyrkjelyden Familiekirken har kontor i same hus. Leiarane har bønefellesskap saman. Borte i gata har både NLM og Normisjon forsamlingar.
– Vi vart til som ein kyrkjelyd for åndeleg heimlause menneske, forklarer Bakke.
Seinare i haust skal Bymenigheten markere 20-årsjubileum. Presten fortel at «stordomstida» var tidleg på 2000-talet med to gudstenester kvar søndag, medan dei no har gudsteneste annankvar søndag. Rundt 150-200 menneske deltek.
– Utviklinga i Den norske kyrkja har gjort det nødvendig for oss å profilere oss i situasjonen etter kyrkjemøtevedtaket, seier Bakke som tidlegare har vore med i leiarskapet i Frimodig kirke som har markert seg mot likekjønna vigsle.
– Det å profilere oss såpass tydeleg har gjort at nokre spør seg om vi framleis er ein utadretta kyrkjelyd for åndeleg heimlause. Dei siste åra har vi stilt oss eit ransakande spørsmål: Vert nye menneske frelste? Éin ting er å ha eit godt barne- og ungdomsarbeid. For oss har dette ført til at vi igjen har trekt fram igjen Alpha-kurs, seier han.
Breitt samarbeid
Presten legg ikkje skjul på at ein kyrkjelyd som Bymenigheten har eit mandat som kan forvitre dersom det ikkje vert fornya. Det vil han la seg utfordre av.
– Det er få kyrkjelydar som samarbeidar med så mange som vi gjer, fortel Bakke.
– På gode dagar tenkjer eg at vi kan byggje litt bru mellom dei frikyrkjelege og Den norske kyrkja.