NORGESBESØK: Den britiske matematikkprofessoren John Lennox var hovedtaler på Veritaskonferansen i Grimstad i 2018.
Tarjei Gilje
Oxford-professor har forkynning av Jesu gjenkomst som hjartesak
Kristne svar på den teknologiske utviklinga engasjerer den verdskjende apologeten John Lennox som rundar 80 år.
Den pensjonerte matematikkprofessoren og bibellæraren har bursdag 7. november. Han har kombinert ein akademisk karriere ved eit av verdas mest prestisjetunge universitet med omfattande innsats for misjon og kristent trusforsvar.
Lennox har møtt leiande ateistar som Richard Dawkins, Christopher Hitchens og Peter Singer til debatt. Dessutan har han skrive ei rekke bøker om kristen tru. Nokre av dei er komne på norsk.
Fleire gonger har han besøkt Noreg. Seinast skjedde det under Veritas-konferansen i 2018.