I BERGEN: Peter Halldorf er pinsepastor, retreatleiar og forfattar.

Peter Halldorfs overraskande råd om å høyra Guds stemme

– Før sa dei åndelege rettleiarane at viss du trur Gud talar til deg om noko, så skal du blåsa i det. Ver likegyldig. For viss det er frå Gud så kjem det tilbake, sa forfattaren til dei frammøtte bergensarane sundags kveld.

Publisert Sist oppdatert

– For to generasjonar sidan hadde folk tatt fleire livsforpliktande avgjersler ved fylte 20 år. I dag finst det menneske i 40-årsalderen som enno ikkje har tatt noko slikt val.

Det sa pinsepastor, retreatleiar og forfattar Peter Halldorf (48) til den relativt unge forsamlinga som hadde møtt opp i Pionerkirken i Bergen sundags kveld.

Tvangstrøya

– Eg møter ofte menneske i sjelesørgerisk samtale, og noko av det eg høyrer dei seia oftast er at dei har så vanskeleg for å bestemma seg. Fleksible menneske kan tenkja at i kveld gjer eg det, og i kveld gjer eg det.

– Ein tenkjer at mangfald og fleksibilitet er bra, det gir størst mogleg fridom. Dei har ikkje tatt imot eit kall, bestemt seg for ein plass å bu, eit oppdrag, eit menneske. For ved kvart val ein tek, vel ein bort noko anna. Det er kraftig avgrensande. Og så merkar ein ikkje at den høgt skatta fleksibiliteten vert til ei tvangstrøye, sa pastoren.

Heilage val

– Men tenk om det er slik at dei store avgjerslene nettopp kan vera det som fører til størst fridom? For ein fridom det ligg i å ha bestemt seg for ein livsveg, då treng ein jo ikkje bala meir med det. Livet vert forma gjennom heilage val av livsavgjerande karakter.

Halldorf spurte vidare korleis ein kan vita at vala ein tek er i samsvar med Guds vilje. I den tradisjonen han er oppvaksen i kunne ein stundom tenkja slik at det som var Guds vilje, var akkurat det ein minst av alt kunne tenkja seg. «Som ein sabotasje mot dine eigne draumar og det du lengta etter», sa Halldorf, før han kom med det oppsiktsvekkjande rådet å blåsa i Guds vilje.

– Vær likegyldig

– Før sa dei åndelege rettleiarane at viss du trur Gud talar til deg om noko, så skal du blåsa i det. Ver likegyldig. For viss det er frå Gud så kjem det tilbake, då går det ikkje over. Men viss det ikkje var frå Gud, då var det bra at du var likegyldig.

– Men kva er løyndomen med å finna Guds vilje? Me trur me må finna ei stor openberring. Stundom kan det vera slik at når Gud rører ved hjarta ditt, tek ein til å tenkja at «ja, då må eg leva eit anna liv, kanskje eg skal leva i kloster, slutta i jobben, eller reisa ut i ørkenen».

– Eller «viss det ikkje hadde vore for huset og hunden og mannen, då skulle eg levt i Guds vilje». Nei! Det finst ingen høgare veg som er meir fullkommen. Det er i det livet du lever i dag Gud kallar på deg. Det er ikkje i det ytre, men i det indre livet Gud kallar på deg. Når ein skal ta eit nytt steg så veit ein det. Viss du ikkje veit det, så skal du truleg vera der du er, avslutta Halldorf.

Powered by Labrador CMS