Praktisk hjelp til kristenlivet

Poenget med boka er å føra inn i Kristus og det vi eig ved trua på han, og la det vera fundament og kraft i kristenlivet og i tenesta.

Publisert Sist oppdatert

Anmeldt:

Vidar Mæland Bakke

DisippelRytmer

Luther forlag 2017

Hft. 214 sider

-----

Denne boka har på omslaget fått gode anbefalingar frå ei rekkje kjende personar i Kristen-Noreg, og det fortener ho. Boka høyrer samstundes til ein type bøker som eg har eit noko ambivalent forhold til. Det dreier seg ikkje om ei vanleg bok til oppbygging eller ei fagteologiske bok om eit eller anna tema.

«Håndfast hjelp»

På den måten vil forfattaren gje «håndfast hjelp til et slitesterkt trosliv», som undertittelen seier. Denne typen hjelp er nok nødvendig, men det kan samstundes lett verta noko skjematisk og teoretisk over slike framstillingar, og det kan like lett føra inn i ei form for lovisk trelldom som stel åndsmakt, som inn i frigjort gudsliv til helging og teneste.

Det kan til tider opplevast som at åndskrafta og den åndelege dynamikken ligg i rutinane og strukturen – altså i det vi gjer, framfor i bodskapen og forkynninga – altså i evangeliet.

Trua på Kristus

Denne boka kan ikkje seiast å falla i den grøfta eg her nemner, fordi ho legg vinn på å føra inn i den bibelske bodskapen. «Rytmene» vert hjelp til å møta evangeliet og gje Anden høve til å gjera si openberringsgjerning inn i livet.

Det pedagogiske grepet som er brukt, er å knytta ulike åndelege dimensjonar og rytmer til dei fem fingrane vi har på ei hand. Det skjer gjennom ulike typar tekstar. Det er samtaleopplegg til dei ulike kapitla.

Forfattaren er prest i ByMenigheten – Sandnes, og har markert seg på den konservative sida i den teologiske debatten dei seinare åra.Poenget med boka er å føra inn i Kristus og det vi eig ved trua på han, og la det vera fundament og kraft i kristenlivet og i tenesta.

Powered by Labrador CMS