KRIGSETIKK: Leif Tore Michelsen er prest og har jobba i forsvaret heile livet, der han mellom anna har undervist i krigsetikk.

Prest seier det er ei kristen plikt å gripe til våpen i krig

– Der vondskapen truar, bør ein kunne gjere motstand, seier prest Leif Tore Michelsen.

Publisert Sist oppdatert

FN meldte i slutten av september om at 252 sjukehus og legesenter, 384 undervisningsstader og 90 gudshus er råka av krigen i Ukraina. Mørketala er sannsynlegvis store.

Kva er eigentleg lov å gjere i krig?

Det har vi spurt nestkommanderande i Forsvarets trus- og livssynskorps, Nils Terje Lunde, og tidlegare etikklærar og feltprest, Leif Tore Michelsen, om.

Etikk i krig

Michelsen jobbar no for Den norske kyrkja i Bergen sentrum, og har lagt den militære karrieren bak seg, men er framleis opptatt av militæretikken.

Sjølv om krig alltid er uønskt, meiner han det er avgjerande å ha nokre etiske refleksjonar og retningslinjer når tilfellet først er ute.

– Det kan høyrast ut som krig og etikk ikkje har noko med kvarandre å gjere, men utan etiske reglar blir soldatane berre til ei gruppe drapsmenn, seier presten.

PASIFISME: Michelsen meiner kristne ikkje bør avstå frå militærteneste.

Han har sjølv vore pasifist, men svarar no kontant «nei» på spørsmål om kristne bør avstå frå militærteneste.

Michelsen forklarar at han gjennom oppveksten og teologistudiet kom fram til at pasifisme var feil innstilling til krig.

– Eg innsåg at vi kristne er forplikta til å sikre retten til fred og rettferd, også gjennom bruk av våpen når det er nødvendig. Der vondskapen truar, bør ein kunne gjere motstand innanfor nokre etiske avgrensingar, seier han.

Rettferdig krig

Noko av det avgjerande for at Michelsen endra syn var ein kristen tradisjon for etisk krigføring som strekker seg tilbake til 400-talet, kalla rettferdig-krig-tradisjonen.

– Det kan jo høyrast ut som kristen etikk og krig ikkje har noko med kvarandre å gjere, men det er feil, seier han.

Presten er særleg opptatt av den katolske mellomalderteologen Thomas Aquinas.

Han meinte det var nokre få etisk forsvarlege grunnar for å gå til krig. Enten skulle ein forsvare seg sjølv eller ein annan nasjon.

Avgjersla om bruk av militærmakt skulle bli fatta av ei allment godtatt styresmakt.

Aquinas hadde også reglar for kva ein kunne gjere i krig, til dømes skulle ein unngå å angripe sivile mål.

Folkeretten

Nestkommanderande i Forsvarets trus- og livssynskorps, Nils Terje Lunde, har ei doktorgrad i krigsetikk.

Han seier rettferdig-krig-tradisjonen vart avgjerande for utviklinga av dei moderne reglane for krigføring, som er det vi i dag kallar folkeretten.

– Der finn ein igjen tankegods frå teologar som Augustin av Hippo, Aquinas og Martin Luther.

NESTKOMMANDERANDE: Nils Terje Lunde jobbar i forsvaret og har spesialisert seg i spørsmål som angår forholdet mellom krig og etikk.

Lunde seier krigen i Ukraina er uproblematisk å vurdere etisk sett.

– Russlands angrep er fullstendig uakseptabelt, og i strid med grunnleggande internasjonale etiske kriterium, mens Ukrainas rett til å forsvare seg er heilt openberr, seier han.

Russisk-ortodoks krigsetikk

Den russisk-ortodokse kyrkja, med patriark Kirill i front, har blitt kritisert for å støtte Russlands invasjon av Ukraina.

Ukraina har bedt Kyrkjenes verdsråd (KV) kasta dei ut, men KV enda berre med ei fordømming av krigen då saka vart tatt opp på generalforsamlinga deira i september.

Lunde har forska på forskjellen mellom vest-kyrkjeleg og Russisk-ortodoks krigsetikk.

– Det kan vere vanskeleg å forstå korleis Kirill teologisk kan legitimere ein uprovosert invasjon, kva er logikken bak det?

– Rettferdig-krig-tradisjonen utvikla seg i mellomalderen i vesten, innanfor ein kultur der fleire nasjonar hadde Den romersk-katolske kyrkja som felles religion. Difor var det nødvendig å utvikla ein kyrkjeleg etikk for eventuelle krigar mellom nasjonane, seier han og legg til:

– I øst derimot, der Den russisk ortodokse kyrkja har røtene sine, var det fram til 1500-talet berre eitt stort rike. Difor utvikla ein ingen tilsvarande krigsetikk. Den viktigaste politiske oppgåva kyrkja hadde var å legitimere staten og keisaren, og slik skape fred og stabilitet.

Dette meiner Lunde er noko av bakgrunnen for at Kirill no støttar invasjonen av Ukraina.

– Leiinga i Den russisk ortodokse kyrkja ser seg sjølv som ein aktør som skal legitimere Kreml og Putin, og på den måten skape ro og orden i samfunnet.

Teologen understrekar at krigen strider mot alle internasjonale etiske reglar for krigføring, og at det er unntak i Kirills rekker.

– Patriarken er nok veldig overtydd i dette spørsmålet, men det er fleire Russisk-ortodokse prestar som tar til motmæle. Særleg utifrå tanken om at kyrkja skal skape fred og stabilitet i samfunnet, vil mange støtte opp om pasifisme, seier han.

Powered by Labrador CMS