Ray Simpsons nye kloster-rørsle
Grunnleggjaren av Aiden og Hilda-samfunnet, Ray Simpson, vil læra kristne å leva enkelt. I pakt med Gud, naturen og kvarandre.
Ved den nordaustlege kysten av Storbritannia ligg Lindisfarne, ei øy som vert kalla heilag. Då den anglikanske presten Ray Simpson besøkte øya for fyrste gong i 1988 fekk han ei openberring frå Gud.
– Staden der eg stod tok til å skjelva, og midt indre vart snudd på hovudet. Gud viste meg at han ikkje ville at kristne skulle vera oppdelt i mange små bekkar, men at me i staden skulle verta som ei stor elv att, sa pastor Simpson då han møtte Dagen på Korsvei-forumet på Risøya.
Etter opplevinga skjøna Simpson at han aldri kom til å vera den same igjen. Han fortalde biskopen kva som hadde hendt, og med hans signing slutta han som prest for å starta det som skulle bli Aidan og Hilda-samfunnet. Sankt Aidan, som levde på 600-talet, grunnla eit kloster på øya som skulle få enorm betydning for si eiga samtid og ettertida. Saman med den omsorgsfulle og vise Hilda (614 – 680) er St. Aidan det store føredømet for Aidan og Hilda-rørsla, som i dag driv eit retreat på Lindisfarne.
10 vegmerke
– Samfunnet vart grunnlagt i 1994 av meg og seks andre. Inspirert av den tidlege keltiske kristendommen teikna me opp ein livsveg som har 10 vegmerke, fortel Simpson. Mellom desse finn ein å lytta til Den Heilage Ande, leva eit enkelt liv, dela trua på Jesus med andre, og omsorg for jorda. Dessutan har alle dei om lag hundre medlemmene ein åndeleg rettleiar som er komen lenger enn dei sjølve i livet med Gud. I fellesskap med rettleiaren finn ein ut korleis dei 10 vegmerka kan koma til uttrykk i den enkelte sitt liv.
– Men viss det er slik at ein ved å følgja desse 10 vegmerka kan få orden på sitt eige liv, kvifor treng ein då ein frelsar, vil Dagens utsende vita.
Straks bøyer Ray Simpson hovudet og faldar hendene i stille bøn, før han gjev svaret sitt:
– Berre når me er i kontakt med sårbarheita vår, kan me verkeleg forstå kor mykje me treng ein frelsar. Viss kristne hadde gjort saligprisingane så sentral som ei truvedkjenning, kor forskjellig ville ikkje alt vore?
– Søkte du Guds rettleiing før du kunne svara på spørsmålet?
– Ja. Det er mykje meir sannsynleg at Gud kan tala når eg er klar over at eg treng hans visdom til å svara på eit spørsmål, meir enn min eigen, seier Simpson.
Med eitt flyg den sjeldne Svalestjert-sommarfuglen forbi, og Ray Simpson smiler og seier at det er eit teikn frå Gud.
Eit enkelt liv
Noko av det som særpregar Aidan og Hilda-samfunnet er ei djup forankring i skaparverket.
– 10 minutt kvar dag prøver me å meditera over Guds under i skaparverket. Me er også opptekne av økologiske matvarer, rettferdig handel, og å spara straum. Me går og syklar mykje. Før me set oss inn i ein bil eller eit fly ber me over det. Me rusar ikkje rundt som galningar, men reiser med ettertanke. Me er klar over at Gud er såra over at planeten vert øydelagt, forklarer pastoren. Ei naturleg følgje av denne overtydinga er at dei lever enkle liv.
– På kva måte lever de enkle liv?
– Kvar person følgjer sitt eige samvit. Men me lærer at alle må kvitta seg med alt som har skapt uorden i hjarta. Hebrearbrevet lærer at me skal kvitta oss ikkje berre med synda, men også med alt som tynger. Når nokon gir oss noko, gir me noko anna vidare. Me har ikkje eigendelar me ikkje treng. Eg, til dømes, kvittar meg med alle kleda eg ikkje brukar.
– Men korleis kan slike ting tynga hjarta?
– Viss ein til dømes har mykje pengar, eller går på eit kjøpesenter, vert alt så komplisert. Sinnet ditt vert fylt av så mange ting å velja mellom. Du vert dregen i mange retningar.
For alle kristne
Simpson trur bodskapen deira appellerer til folk i mange typar kyrkjesamfunn.
– I liturgiske kyrkjelydar finst det ei lengt etter mindre ord og meir skjønnheit. I pinsekyrkjer tek folk til å seia at me ynskjer meir rytme og struktur, for me har vorte einsidige, seier Simpson, som tilbyr ei rørsle der det er plass til alle kristne. Sidan Aiden og Hilda-samfunnet ikkje vil avvisa noko form for kristentru, praktiserer dei både nådegåver som tungetale, side ved side med å nytta ikonar i kommunikasjonen med Gud, og dessutan overtydinga om at helgenar er føredøme som har modellert Kristus.