Samlar Kristen-Noreg til felles erklæring ved jubileum for kristenretten
Leiarar i felleskristne organisasjonar ser ein unik sjanse til å markere kva kristendommen betyr i samfunnet.
Fullriggaren Christian Radich la til kai i eit solfylt Mosterhamn fredag ettermiddag. Om bord var det pilegrimar som kom for å delta i markeringa av at det er tusen år sidan kristenretten vart vedteken på tinget her.
På kaia var det korpsmusikk og ei overrekking med talar. Representantar for Norges Kristne Råd, Norsk råd for misjon og evangelisering og Nasjonalt bønneråd overrekte eit felleskristent memorandum i glas og ramme til Moster Amfi og kyrkjehistorieske senter. Innhaldet dei felleskristne leiarane utarbeidd saman.
– Eg vil gratulere oss alle med det store jubileet, sa generalsekretær Erhard Hermansen i Norges Kristne Råd.
Starta med bøn
Organisasjonane representerer heile breidda av kristne kyrkjesamfunn, organisasjonar og rørsler i Noreg.
– Med innføringa av kristenretten gjekk Noreg frå eit maktsamfunn til eit rettssamfunn, sa Hermansen.
– Kva er tanken med memorandumet?
– Tanken er å få samla heile breidda i Kyrkje-Noreg til ein felles bodskap. I takksemd feirar vi den kristne historia vi har, og så ser vi samstundes framover med frimot, seier Hermansen til Dagen.
Leiar i Nasjonalt bønneråd, Tarjei Cyvin, påpeikar at kristenretten i Gulatingslova startar med ei bøn. «Det første i vår lov er at vi skal bøye oss mot aust og tilbe den heilage Krist».
– Det er eit perfekt utgangspunkt for oss, med røtene våre og ståstaden vår i dag, seier Cyvin.
Spør etter røter
Dagleg leiar Øystein Samnøen i Norme synest jubileet gir ein fin sjanse til å sjå både bakover og framover.
– Grunnen vi står på, og røtene som er der, vil alltid bety mykje. Som kristne kan vi peike på dette og ogsås utfordre samtida vår: Kvar set vi røtene våre, kva grunnlag har vi, seier Samnøen.
– Korleis kan kristne gjere dette?
– Vi kan vere frimodige på trua vår, på menneskeverdet og på å føre arven vidare.
Ut med rå makt
Erhard Hermansen oppmodar kristne til å nytte høvet under jubileet til å vise kor viktig kristendommen har vore i utviklinga av kultur og verdiar i Noreg.
– Innføringa av kristenretten forandra samfunnet og gjorde det til kvar det er i dag, seier han,.
– I vår tid vil mange problematisere kristninga og seie at den skjedde med tvang. Korleis tenkjer de om dette?
– Vi går ikkje god for korleis det vart gjort, men vi vil feire at evangeliet kom, og trua på menneskeverd og likeverd. Kristenretten kom i staden for rå makt. Det vil vi vere frimodige på, seier Samnøen.
Cyvin påpeikar at kristne impulsar hadde nådd Noreg lenge før Olav den hellige kom med kristenretten.
– Det betyr at situasjonen var godt førebudd, seier han.
Til heile landet
Erhard Hermansen opplyser at memorandumet er spreidd vidt rundt i Kristen-Noreg.
– Vi håper det blir godt brukt av kyrkjer og organisasjonar rundt i landet. Vi håper det kan auke medvitet om kva kristenretten og tusenårsjubileet betyr. Det er viktig at vi lærer av fortida, lever her og no og tenkjer frimodig om kva kristendommen kan betyr i framtida, seier han.