Samtalar med dei skeptiske
Som få andre evnar Tim Keller å byggje bru mellom gjenkjenneleg skepsis i samtida og klassiske kristne svar, utan å ty til lettvinte løysingar.
Anmeldt bok:
Timothy Keller
Making sense of God: An invitation to the skeptical
Innovadesign 2016 Ib 327 sider
-----------
Det siste tiåret har New York-pastoren Tim Keller (67) nådd ein stor lyttar- og lesarkrins med ein jamn straum av forkynning og bøker. Ein viktig grunn er nok at han er så god på «dobbel lytting», som den anglikanske teologen John Stott kalla det.
På den eine sida lyttar Keller til samtida for å forstå korleis menneske tenkjer og opplever livet. På den eine sida lyttar han til Bibelen og ein brei kristen trustradisjon, med reformatorisk tyngdepunkt, i tillit til at han der finn haldbare svar.
Pastoral erfaring
I boka «Making Sense of God. An Invitation to the Skeptical» tek Keller opp nokre av dei mest typiske innvendingane mot kristen tru i vår tid. Mange kan kjenne dei igjen både frå samfunnslivet og sitt eige tankeliv. Kanskje førte forskjellige ting til at ein slutta å til gudstenester og møte. Kanskje opplevde ein at trua ikkje innfridde forventningane ein hadde, og Gud vart fjern. Kanskje er ein komen til at vitskap og skepsis har erstatta behovet for ein gudsrelasjon. Ja, gir det eigentleg meining å tru på Gud?
Keller kombinerer brei orientering innanfor teologi, filosofi og sosiologi med ei pastoral tilnærming. Han er prega av å ha møtt mange menneske som har delt refleksjonar og opplevingar.
Sekulær tru
Boka er delt i tre hovudbolkar. Den første tek opp spørsmålet om vi verkeleg har behov for religion. Til dette har Keller ein dobbel respons. For det første viser trendane i verda at dei fleste menneske meiner svaret er ja. Det er dei sekulære som er unntaket. Og dei gudlause vil utgjere ein stadig mindre del av befolkninga på kloden, ifølgje statistiske framskrivingar.
For det andre siterer han den canadiske sekulære akademikaren Eric Kafmann, som har skrive boka «Shall the Religious Inherit the Earth?». Kafmann meiner religion gir ei «fortrylling», som både er emosjonell og gir ei oppleving av meining, som sekularismen ikkje kan tilby, i alle fall ikkje no.
Når det stadig vekk vert hevda at religion er basert på tru, medan eit sekulært livssyn er basert på vitskap, påpeikar Keller at også sekularismen byggjer på ein serie trussetningar. Heller ikkje desse kan provast vitskapleg. Spørsmålet blir dermed kva trussystem som er best underbygd og gir mest meining.
Tvil på tvilen
I den andre hovuddelen av boka reflekterer rundt kvifor han meiner religion både har mykje meir ved seg og kan gi langt betre svar enn mange trur. Det dreiar seg om alt frå ei livsmeining som liding ikkje kan fjerne, ei tilfredsstilling som er ikkje er avhengig av skiftande omstende, eit sjølvbilete som ikkje er basert på personleg prestasjon, eit håp som kan stå seg mot alle prøvingar og eit moralsk rammeverk med ei forankring som humanetikken ikkje kan gi.
Han utfordrar skeptikarar til å «tvile på tvilen sin» og undersøkje på nytt kva føresetnader denne byggjer på. Dei som tvilar på ånder, englar og Gud, og trur det materielle er det einaste som finst, kan stille seg sjølvkritiske spørsmål. Kvar har vi moralske ideal frå? Korleis har vi fått sjølmedvit? Korleis vi kan stole på at vi forstår verda rundt oss?
Stort kjeldetilfang
I slike spørsmål kan ingen forfattar gjere seg håp om å formulere ein endegyldig fasit som alle vil slutte seg til. Til det er spørsmåla for store og for komplekse. Men Keller går inn i dei på ein måte som er nysgjerrig og open, samstundes som han er trygg på eigen ståstad.
Forma er tilgjengeleg og forståeleg, men prega av at han har lese og tenkt mykje. Her er ikkje berre referansar til eit breitt spekter av kristne og sekulære tenkjarar, men også til forfattarar som Franz Kafka, Albert Camus og Henrik Ibsen, samt diverse døme frå populærkultur, til og med inkludert Disney-filmen «Frozen».
Ein av styrkane til Keller er at han ikkje berre gir ei forståeleg framstilling av ein kristen posisjon, men også på ein lågmælt og sakleg måte tek opp konsekvensane og utfordringane ved å ha ein sekulær posisjon. Det gjer at kontrasten til dei kristne svara vert endå sterkare.
Kort trusforsvar
Med utgangspunkt i spørsmåla Keller handsamar i den andre hovuddelen, er det naturleg at denne er prega av meir religions- eller livssynsfilosofiske synspunkt. Med andre ord er problemstillinga gjennomgåande kva som gir best eller mest meining, ikkje først og fremst kvifor han er overtydd om at kristendommen er sann.
Dette tek han derimot opp i den siste hovuddelen, «Christianity Makes Sense». I to kapittel oppsummerer han på ein kortfatta måte dei viktigaste klassiske kristne argumenta for gudstru og for den kristne forståinga av dei nytestamentlige evangelia som kjelde til Jesus som historisk person, sann Gud og sant menneske, som faktisk stod opp frå dei døde.
Ei meir utfyllande framstilling av desse spørsmåla har han gitt i boka «The Reason for God» som kom for nesten ti år sidan. Denne er også utgitt på norsk med tittelen «Gud? Kristen tro møter moderne skepsis».
Ikkje typisk
Tim Keller gjekk tidlegare i år av som hovudpastor i Redeemer Presbyterian Church, men vil framleis ha ei sentral rolle i nettverket av kyrkjelydar som han har vore med på å plante. Pensjonist er han altså ikkje blitt, så det kan vere grunn til å rekne med at han skriv fleire bøker. Det kan det sikkert vere både behov for og etterspurnad etter.
Import av kristne impulsar frå USA er det etter kvart ein sterk tradisjon. Enkelt sagt synest eg det dei siste åra har vore ein tendens til at desse kjem i to hovudkategoriar: den spirituelle og den metodiske. Den første kategorien dreiar seg først og fremst om erfaringsdimensjonen i truslivet, den andre om arbeidsmåtar for kyrkje og misjon. Tabloid sagt: «How to experience it» og «How to do it».
Intellektuelle hinder
Innanfor begge kategoriane finst impulsar av varierande kvalitet. Men tidvis kan nok entusiastiske importørar (og sikkert også eksportørar) undervurdere kulturelle forskjellar. Den religiøse marknaden har alltid vore mykje meir mangfaldig i USA. Modellar som slår an der, fungerer ikkje nødvendigvis like godt her. Sekulariseringa er også komen mykje lenger i Noreg, sjølv om ho også er tiltakande i USA.
Keller er slett ikkje den einaste kristne formidlaren som ikkje passar inn i eit slikt forenkla skjema over amerikansk kristenimport. Andre døme er Philip Yancey og Max Lucado. Men Keller har spesielt sterke sider som kan vere nyttige og fruktbare i møte med menneske som opplever at intellektuelle hinder står i vegen for kristen tru.