MISJONÆR: Åshild Bjørkum Furukawa har vore misjonær i Japan i meir enn 40 år.

Som 24-åring drog Åshild til Japan: – På den tida innebar det å seie farvel for godt

– Det er først etter kvart ein merkar kva ein har gjeve avkall på, seier Åshild Bjørkum Furukawa.

Publisert

Ho har vore misjonær i Japan, i over 40 år. I 1968 sa ho farvel til foreldra på Voss togstasjon.

For over 2000 år sidan forlét også apostelen Peter alt, og følgde Jesus.

Det høyrer vi om i søndagens tekst.

Søndagens tekst, 14. søndag i treeiningstida

Då tok Peter til orde og sa: «Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg. Kva skal vi få?» Jesus sa til dei: «Sanneleg, eg seier dykk: Når alt skal fødast på nytt og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har følgt meg, sitja på tolv troner og dømma dei tolv Israel-stammane. Og alle som har forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld, skal få det att hundre gonger og arva evig liv. Men mange som er dei første, skal bli dei siste, og dei siste skal bli dei første.

Matteusevangeliet, kapittel 19, vers 27–30

Kva med oss?

Teksten for kommande søndag i kyrkjeåret kjem rett etter Jesu´ møte med ein rik mann som ønsker å bli frelst, men som ikkje er villig til å forlate rikdommen når Jesus ber han om det.

Etter han er gått sin veg kjem Jesus med ei utsegn om kor vanskeleg det er for dei rike å bli frelst.

Det er bakgrunnen for at apostelen Peter i anfekting spør kva disiplane som har forlat alt for Jesus skal få igjen.

På togstasjonen

På slutten av sekstitalet forlét Bjørkum Furukawa Noreg. Det Norske Misjonsselskap sende ho til Japan.

Der blei ho fram til ho pensjonerte seg i 2009.

MISJONSTENESTE: Bjørkum Furukawa tenestegjorde som misjonær i området rundt Osaka, den tredje største byen i Japan.

Ein augneblink på reisa hugsar ho særleg godt.

– Eg skulle reise med tog til Oslo og mor og far blei med til Voss stasjon. Eg hugsar eg såg dei stå der på perrongen når toget gjekk – tårne mine berre rant.

– På den tida innebar det å seie farvel for godt, spesielt når det gjaldt far, seier ho.

Likevel fekk ho sjå foreldra att.

– Eg fekk sagt farvel til dei fleire gongar.

Kallet

Bjørkum Furukawa seier barndommen og oppveksten i eit godt misjonsmiljø var avgjerande for at ho blei misjonær.

Alt frå barneskulen hadde ho hatt det i tankane.

– Etter eg kom heim frå første periode i Japan fortalde læraren min at eg hadde sagt eg skulle bli misjonær alt i tredje klasse. Det var eit kall.

– Eg prøvde nok å skubba det frå meg i ungdomstida, men opplevde det var vanskeleg å komme ifrå det og å tenke i andre baner, seier ho.

Ho kjente seg ikkje kvalifisert og god nok, men då ho såg ei annonse for opptak av nytt kull på Misjonsskulen i Oslo tenkte ho at ho måtte prøve.

– Eg kjente at no brenn det. Difor søkte eg og tenkte at om eg kom inn var det Guds vilje at eg skulle gå den vegen.

Etter to og eit halvt år med opplæring, der eitt av dei var i USA, drog ho til Japan.

Det var Misjonselskapet som bestemte kor ho skulle dra.

Avkall

Bjørkum Furukawa seier det å bli misjonær også inneber å gje avkall på noko, men at ho ikkje tenkte så mykje på det då ho reiste ut.

– Det er først etter kvart ein merkar det, seier ho.

FAMILIE: Åshild Bjørkum Furukawa trefte mannen hennar, Junji, i Japan. Her er dei på eit familiebilete frå rundt 1985.

Ho kjente særleg på det når ho gjekk glipp av høgtidsdagar og store hendingar med familien.

– Eg har kanskje tenkt meir på kva eg gav avkall på etter eg kom heim igjen.

– Ein mister jo kontakt med venner og kjem på avstand frå den norske kulturen. Når eg kom til Noreg på heimeopphald merka eg at eg ikkje hadde dei norske referansane lenger. Det er eit tap som er litt vanskeleg, for ein blir litt utanfor, seier ho.

Peters spørsmål

Bjørkum Furukawa seier ho ikkje har behov for å stilla same spørsmål som Peter.

– Det er ikkje mitt spørsmål.

BIBEL: Bokhylla til Bjørkum Furukawa er full av japansk litteratur. Heilt til venstre står ein japansk bibel.

Likevel har ho fått mykje igjen for tenesta si.

– Eg har fått mykje glede i arbeidet, og mange utfordringar som gjer at eg har vakse på mange måtar.

– Gleda over dei som får sjå at Jesus er den som gjev meining til livet og som kan frelsa er det største for ein misjonær, seier ho.

Misjon er ikkje eit einsamt prosjekt, forklarar Bjørkum Furukawa.

– Nokon sår og nokon haustar. Gleda over å få vere saman om det er det største.

Ho trefte også mannen sin, Junji, på eit kristent studentsenter ho var med å drive. Han blei med i ei bibelgruppe og etter nokre år lét han seg døypa.

Ho trur spørsmålet til Peter er relevant.

– Vi får noko igjen når vi følge Jesus, ein ny familie og ei ny tilknyting. Det at ein får eit kristent fellesskap, som kan vere mykje viktigare enn kroppsleg slektskap, trur eg er ein del av svaret til Jesus, seier ho.

Enklare i dag

Bjørkum Furukawa bur no på Frekhaug utanfor Bergen, men har vore tilbake i Japan ved fleire anledningar.

Misjonæren trur det er annleis å dra ut i misjon, i vår tid.

– Eg meiner ikkje ein absolutt må ofre alt, men gjer det noko om ein ofrar litt?

– Eg hugsar eg talde sekundane på telefonsamtalen når eg ringde heim til jul éin gong i året. Det er nok lettare i dag. No kan ein vere i kontakt dagleg, du må berre passe på at du ikkje vekker dei som søv på andre tider, seier ho.

For Bjørkum Furukawa har perspektivet Jesus gjev Peter i søndagens tekst vore viktig i tenesta.

– Det er jo mange Japanske kristne som ofrar ein del for å følge Jesus.

Likevel meiner ho det er avgrensa kor mykje ein ofrar, både i Noreg og Japan.

– Dette perspektivet har nok meir å seie i kulturar der det er forfølging, og ikkje lov å følge Jesus, seier ho.

Powered by Labrador CMS