Som barn forventa ikkje Adrian Nygård Stornes å bli vaksen. Så kom ei plutseleg endring. Bildet er frå 2016.
Eivind Horne
Som barn visste Adrian at han snart skulle døy – så vart han plutseleg frisk
Det har blitt skrive bøker og laga film om det som skjedde med den litle guten, men han har aldri fortald historia si sjølv. Før no.
Denne artikkelen vart først publisert i januar 2023.
På Stavanger universitetssjukehus i mai 2000 kom Adrian Nygård Stornes til verda.
Guten var frisk, men det skulle raskt endre seg.