Evangelist Torben Søndergaard på konferansen «Kickstart» i Klippen Sandnes sine lokale.
Odd Mehus
Gråtkvalt Søndergaard talte i Noreg: – Eg vil gjera det annleis denne gongen
På sitt første besøk i Noreg på sju år starta den omstridde predikanten med å varsle endringar, både for seg sjølv og andre.
– I fengsel blei eg audmjuka og knust. Eg kjende meg så aleine og så forlaten av kyrkja, seier evangelist Torben Søndergaard på konferansen «Kickstart» i Klippen Sandnes sine lokale.
Stemmen skjelv.
– Men så var det nokon som stod opp for meg eg ikkje forventa.