VELSIGNING: Abbeden ved Nye Valamo munkekloster, igumen Mikael velsignar folket med heilagt vatn etter ei gudsteneste.

Stadig fleire unge kjem til klosteret: – Ei uforklarleg indre lengt driv dei

Eit kloster i dei djupe finske skogar opplever daglege busslaster med besøkjande og stadig vekst i talet interesserte. Kva ligg bak?

Publisert Sist oppdatert

Store mengder mygg surrar rundt oss i det me søkjer tilflukt i kapellet innvigd til hellige Nikolai like ved innsjøen Juojärvi.

– Myggen kan vera ganske plagsam, seier fader Mikael. 49-åringen er igumen (abbed) ved Nye Valamo kloster.

NATTVERD: Myggen held fred når liturgien når høgdepunktet, fortel igumen Mikael.

– Men når me feirar liturgi skjer det noko spesielt. Kva gong når me kjem til kjerubhymnen sluttar myggen å plaga oss. Den let oss vera i fred heilt til dei heilage gåvene er utdelt. Så begynner den igjen, fortel han.

Det heilage møter det moderne

Igumen Mikael snakkar 11 forskjellige språk, og eitt av dei er norsk.

– Eg har budd i Noreg, og nokre av forfedrane mine er norske, forklarer han.

Han viser oss rundt i dei forskjellige delane av klosteranlegget. Dei driv ein eigen folkehøgskule, museum, bibliotek, butikk, restaurant, produserer eigen vin og whisky, lagar lys og har sauer.

NYE VALAMO KLOSTER: Klosteret øst i Finland er Nordens største ortodokse munkekloster.

Det moderne preget på klosteret og alle dei besøkjande verkar å stå i kontrast til det tilbaketrekte livet munkane søkjer.

– Me prøver sakte, men sikkert å gå i retning av eit meir kontemplativt liv. Men det er mykje rolegare her ut på hausten, forklarer abbeden.

Munkane held ein såkalla «turist-moleben» i høgsesongen, altså ei type forbønnsgudsteneste som er så kort at sjølv ein turist kan halda ut.

Kvelden i førevegen har me fått sjå relikviane til Johannes av Valamo (1873 – 1958). Klosterets tidlegare skriftefar vart helgenkåra for ikkje mange år sidan.

– Det var mange som såg Johannes som ein heilag person alt då han levde. Og folk heldt fram å be ved hans grav etter at han døydde, fortel fader Mikael.

Fekk eit kall som 8-åring

Dei er 17 fastbuande ved klosteret. Fem av dei er noviser, medan resten tilhøyrer ulike nivå innan klosterlivet.

– Ei novise har ikkje avlagt den evige lovnaden enno, men prøver ut om han har eit klosterkall. Det varer minst eit år, men gjerne meir, fortel abbeden.

Det mest avanserte nivået heiter Det store skjemaet. Dei munkane som er på dette nivået er fritatt anna arbeid og vier seg kun til liturgisk liv og og bøn.

Munkane dyrkar ein god del urter og blomar og har ein eigen kjøkenhage.

Sjølv opplevde f. Mikael det indre kallet til å bli munk alt som 8-åring. Det fortalde han i eit intervju med YLE, det finske motsvaret til NRK, for eit par år sidan.

Han var i 30-åra og jobba som finansanalytikar då han stilte seg sjølv nokre radikale spørsmål:

– Er det verkeleg dette eg vil? Lever eg etter mine eigne eller andres forventningar? Brukar eg tida mi på det som er mest meiningsfullt i livet?

Spørsmåla førte til at han tok farvel med sitt gamle liv og søkte seg til Nye Valamo kloster.

Ei ny bølgje av unge interesserte

Medlemstalet i Den ortodokse kyrkja i Finland gjekk stadig nedover siste halvdel av 1900-talet, men dei siste tiåra har kyrkja vakse att. No tilhøyrer rundt 56.000 menneske kyrkja, ifølge tala dei sjølv oppgjev.

Dei siste ti åra har også klosteret opplevd fornya interesse. Særleg blant unge menn, der stadig nye vurderer om dei er kalla til eit munkeliv.

Som Finland og Nordens einaste ortodokse munkekloster er det naturleg for mange å venda seg til abbeden med si interesse.

– Stundom er det fleire nye som tek kontakt i løpet av ei enkelt veke, fortel abbeden.

Om vinteren kan det bli nedimot 40 minusgrader langt aust i Finland. Nokre seremoniar finn likevel stad utandørs.

Han kallar det «den nye bølgja».

I løpet av dei tre dagane me er i klosteret, er det påfallande kor mange besøkjande som kjem innom. Ein del ser ut til å vera turistar på ferietur for å sjå dei vakre kyrkjene omgitt av grønt gras og rake finske bjørketre, men ein god gjeng er også pilegrimar som søkjer kyrkja for sin eigen del.

Midt på dagen er det ei kortare gudsteneste for dei tilreisande. Ein av munkane kallar det spøkefullt for «turist-moleben», altså ei type forbønnsgudsteneste som er så kort at sjølv ein turist kan halda ut.

Klosteret arrangerer også ikonmålarkurs.

Kva ligg bak pågangen?

Men på dei meir langvarige gudstenestene er det tydeleg at det er mange som vil bruka tida til å søkja Gud. Og fleire av dei er unge menn.

Når me spør klosterets igumen kva han trur ligg bak trenden som gjev både klosteret og Den ortodokse kyrkja vekst, har han fleire moglege teoriar å koma med.

– Det er eit interessant spørsmål. Eg brukar å seia at det vil vi ha eit betre svar på når vi i framtida ser tilbake på vår tid. Men eg trur det kan ha noko å gjera med at dei unge føler eit ønskje om å stå på noko sikkert no som det finst så mykje usikkert i verda. Noko som ikkje forandrar seg eller blir omdefinert, som er absolutt og ikkje relativt. Det er mogleg at den yngre generasjonen begynner å sjå at den liberale og gudlause utviklinga nærmar seg galskap, og at det ikkje finst grenser for kor langt det kan gå, seier prestemunken.

Fader Nasari har vore munk i 10 år. Han tilrår unge interesserte å ikkje begynna med den mest avanserte åndelege litteraturen.

Ein annan munk fortel at dei nye av og til kan verka litt vel ivrige.

– Nokre kjem til meg og vil diskutera filokalia allereie første veka. Då brukar eg å seia at dei får lesa seg opp på det grunnleggjande først. Så kan me heller diskutera filokalia når dei har vore ortodokse ei stund, fortel f. Nasari.

Filokalia er ei samling åndeleg visdomslitteratur frå både ørkenfedrar og åndelege leiarar i Den ortodokse kyrkja.

LITTERATUR: Nye Valamo Kloster har eit svært rikhaldig bibliotek. Hit kjem forskarar for å studera sjeldne tekstar blant anna frå gamle Valamo kloster.

Ei uforklarleg indre lengt

Sjølv om det finst moglege sosiologiske forklaring på den nye bølgja, slår det f. Mikael at dei søkjande han snakkar med kvar veke sjeldan tek opp slike spørsmål. I staden har dei ofte kjent på ei indre lengt etter noko dei ikkje kan forklara.

– Mange har berre begynt å kjenna seg tiltrekt av kristendommen og Den ortodokse kyrkja. Dei har begynt å føla eit behov for å kjenna Gud. I enkelte tilfelle har dei også hatt mystiske opplevingar som dei ikkje kan nekta for eller bortforklara. For andre har det berre vakse fram utan uvanlege opplevingar.

Veksten, som Den ortodokse kyrkja opplever i mange land, har å gjera med immigrasjon. Men i land som USA og Finland kan ikkje dette vera heile forklaringa.

Kan det då ha med politiske strøymingar å gjera?

– Eg ser at enkelte prøver å forklara fenomenet med at dei unge først utviklar konservative meiningar og deretter finn ein heim i Den ortodokse kyrkja, og det kan nok av og til ha skjedd. Men like ofte har dei først kome i kontakt med kyrkja. Etter å ha følt Guds nærvær bestemmer dei seg deretter for å svelgja heile pakken, seier han.

NYE VALAMO KLOSTER: Klosteret ble opprettet i 1940 av munker fra Valamo kloster som måtte flykte fra Russland under Vinterkrigen.

Både materielle og åndelege skattar

Uansett kva årsakene måtte vera, er den veksande interessa godt nytt for det ærverdige klosteret i austlege Finland. Dei har ein lang tradisjon å ta vare på, og dessutan både åndelege og materielle skattar frå det gamle Russland.

– Då munkane måtte flykta frå Gamle Valamo kloster i Russland på grunn av krig, tok dei med seg alt dei greidde av dei gamle ikonane og heilagdommane. Klosteret var viktig i det russiske tsarriket og hadde difor uvanleg mange heilage ting, fortel munkepresten.

Han tek oss med bak kulissene og viser oss nokre av klosterets største skattar og heilagdomar. Det er evangeliebøker med rubinar, smaragdar og safirar, gullbelagte kors og kirurgiske kjerald, og hundretals ikon frå både gammal og ny tid.

Ein bit av det dei trur er ein bit av det ekte korset Jesus hang på i Jerusalem heng der, og det same gjer ein bit av Jomfru Marias kledning.

Ifølgje tradisjonen er ein bit av «Det ærverdige og livgivande krossen» bevart ved Nye Valamo kloster. Biten er plassert i eit ikon, under Jesu korsfeste føter.

Opplever Guds under

I tillegg har klosteret ikkje mindre enn tre undergjerande ikon med kvar sine separate festar.

– Det er sjølvsagt ikkje ikona i seg sjølv som gjer under, men det er det Gud som gjer og det skjer gjennom bøn. Folk opplever under og forskjellige opplevingar framføre ikona, og kyrkja vel difor å gje desse ikona tittelen undergjerande, forklarer igumen Mikael.

Ikona har eigne namn. Dei er Guds mor av Valamo, Guds mor Glykofylousa og Guds mor av Konevitsa. Det sistnemnde er klosterets eldste ikon og skriv seg frå 1300-talet.

Det andre i rekka, Guds mor Glykofylousa, var antatt tapt under flukta frå Russland. Men det viste seg at det hadde vore på Nye Valamo heile tida.

Klosteret har ei rekkje verdfulle ikonar.

Ein ny generasjon munkar hadde gløymt korleis det såg ut og det hang litt for seg sjølv skjult for omverda. No er det komme til heider og verdigheit igjen og står side om side ved dei andre undergjerande ikona framme i hovudkyrkja.

Sjå video

Videoen som er laga i juni 2024 gjev eit lite glimt av livet i klosteret:

Ordforklaringar:

Kjerubhymnen. Denne hymnen vert sunge under den mest høgtidelege delen av gudstenesta, før dei heilage gåvene (nattverden) blir innvigde. Den blei introdusert i liturgien på 500-talet i kyrkja i Konstantinopel.

Relikviar er gjenstandar kyrkja held høgt i ære på grunn av tilknytinga til heilage personar.

I Den ortodokse kyrkja finst det fire typar munkar: noviser, rasosformunkar, munkar av det lille skjemaet og munkar av det store skjemaet. Kvar type representerer eit stigande nivå av forplikting og askese, frå nybegynnar til dei mest hengivne og asketiske monastiske livsformene.

Powered by Labrador CMS