Andakt
TURBULENTE TIDER: Nokre av studentane på Fjellhaug får ansvar i krevjande «Timoteus-tenester». Hugs dei i bøn! Både dei som reiser «ut», og dei som tenarar i kristen-Noreg, treng utrusting, ankerfeste i Ordet og frimod, skriv Egil Sjaastad.
Daniel Kydland
Timoteus og oss: Å tene i turbulente tider
Saman med Paulus og Silas var Timoteus lenge i hamnebyen Korint. Mange lytta til det dei fortalte. Ordet nådde inn – især blant «småfolk» og folk med dårleg rykte. Pionertida i Korint var ei turbulent vekkingstid.
Då misjonærane drog vidare, var det store takkeemnet den nye forsamlinga i Korint. Men ikkje alt utvikla seg godt. Det førte til nye og inderlege bøner, men også til strategiske avgjerder: Paulus skriv:
«Difor sende eg Timoteus til dykk, han som er mitt kjære og trufaste barn i Herren. Han skal minna dykk om mine vegar i Kristus Jesus, slik eg lærer overalt i kvar kyrkjelyd» (1Kor 4,17).