SAKNA FULL MØTESAL: Torbjørn Eiken ba om vekking på Tryggheim.

Torbjørn (18) bad om vekking på skulen sin i to år: – Eg var i ferd med å gi opp

Så, for eit halvt år sidan, begynte noko å skje.

Publisert Sist oppdatert

«Gud, skap ei vekking på Tryggheim i ditt namn. Bruk meg til å vitne om deg. Amen.»

Torbjørn Eiken var 16 år då han bad om vekking for første gong.

Då hadde Fitjar-guten nyleg flytta til den kristne internatskulen, Tryggheim, på Jæren.

På førehand hadde han trudd at dei aller fleste der kom til å dela trua hans.

Han tok feil.

Bad i to år utan svar

– Eg fekk litt sjokk, innrømmer 18-åringen.

På Tryggheim, som er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband er det 520 elevar. Om lag halvparten av dei er kyrkjeaktive kristne. Berre 50 av dei brukte gå på dei kristne møta på skulen. Og berre fire av dei brukte ta del i Brorskapet, ei gruppe der Tryggheim-gutar kjem saman for å be og vedkjenna synd.

Fitjar-guten lengta etter ein full møtesal.

– Det var trist at folk gjekk på ein så fin skule der alt er tilrettelagt for at folk skal bli kristne, og så blir dei ikkje kristne likevel. Då tenkte eg at det var greitt å be Gud om hjelp, fortel Eiken.

I to år bad han om vekking.

BAD: Torbjørn Eiken.

Han fekk Brorskapet med seg.

Men på Tryggheim var alt som før.

– Eg begynte jo å lure på kvifor det skjedde så lite, innrømmer Eiken.

Bøna om vekking dabba av, heilt til han kom på eit møte med songevangelistane Marit og Irene.

Inspirert av Marit og Irene

Dei to erfarne evangelistane sa at viss du ber om vekking, må du ikkje gi opp.

Igjen falda Torbjørn hendene og bad den same bøna om vekking.

BAD MEIR: Torbjørn Eiken.

Gutane frå Brorskapet blei og med og bad.

Fleire slutta seg til gutane i daglegstova på Tryggheim. I løpet av andre klasse tredobla talet på Brorskaps-medlemmar seg.

No var dei 14 brorskapsgutar som bad om vekking. Når dei ikkje møttest, la dei vekt på å vitna om Jesus gjennom handling.

– Eg prøvde å snakka folk opp, vera venleg med alle og hjelpe til når nokon trengde noko, seier Eiken.

Likevel lét resultata vente på seg.

Då kalenderen viste september 2022, var Torbjørn Eiken inne i sitt tredje og siste år på Tryggheim.

Kom han nokon gong til å få oppleve vekking på skulen sin?

18-åringen visste at tida var i ferd med å renne ut.

Fekk med seg fleire

Bønesirkelen vaks. Utover hausten 2023 fylte gutane i Brorskapet heile daglegstova.

Bøna var den same: «Skap vekking på Tryggheim i ditt namn. Gjer oss til dine vitne.»

I november var det klart for møteveke. Opplegget var det same som alltid.

Dei starta med ein song eller to, så ei kort opning og ein song til før talen, før møtet blei avslutta med litt lovsong.

«Er det folk som vil ta imot Jesus, så rekk opp handa nå», avslutta talaren.

Torbjørn veit ikkje kor mange som gjorde som talaren sa, men frå den kvelden var det noko som endra seg.

– Jesus går forbi

Forbøna etter møtet varte og rakk. Neste kveld var møtesalen full. Og kvelden etter der igjen. Og kvelden etter der.

Ein time med møte kvar kveld blei til tre. Møteveka blei til møteveker, fire veker til saman.

50 møtedeltakarar vaks til 150.

– Bodskapen trefte noko hos ungdommane, skriv rektor Gjermund Viste i bladet Utsyn region Sørvest.

TRYGGHEIM-REKTOR: Gjermund Viste.

– Det var svært mange og nye, både på bønnemøta og møta. Fem sa at dei ville ta imot Jesus som sin frelsar.

Viste skriv vidare at fleire av desse har vakse opp i kristne heimar, men har kome på avstand eller rota det til. Fleire ønska fornying i sitt forhold til Jesus. Ein av desse tok eit medvite val bort frå kristen tru i fjor sommar før han kom til Tryggheim.

– Jesus går forbi – det er gjestingstid, skriv rektoren.

Ikkje amerikanske tilstandar

I februar kunne heile verda følgje vekkinga frå Ashbury i USA. Oppvakninga på Tryggheim er langt frå å nå amerikanske dimensjonar.

Likevel blei det trusstyrkande for 18-åringen frå Fitjar og gutane i Brorskapet.

– Det viste meg at det er ein Gud som eksisterer og følgjer med oss og høyrer når vi ber. Han bryr seg verkeleg, seier Torbjørn Eiken.

Tryggheim-eleven trur vekking startar i det små, gjerne med dei som trur frå før.

– Også kristne treng ei oppvakning, påpeiker han.

To månader har gått sidan møtevekene på Tryggheim.

Møtesalen er ikkje lenger sprengfull, men framleis kan lovsong høyrast igjen etter at møta er avslutta for kvelden.

Dette har dei lært

Ungdomsarbeidar Lars Aarseth har ansvar for det sosiale og andelege livet på internatskulen. Han meiner å sjå ei endring i elevflokken.

UNGDOMSARBEIDAR: Lars Aarseth.

– Fleire kjem på møta. Dei stoppar igjen for lovsong og bøn. Det har nok vore ei slags fornying eller oppvakning for mange kristne, seier han.

Sjølv var ungdomsarbeidaren vekke møtekvelden då alt starta. Det blei ei lærepenge:

– Det Gud gjer, er ikkje avhengig av at eg må fasilitere og aktivt gå inn i alt som skjer. Vår prestasjon er ikkje like naudsynt som me kanskje legg opp til når det kjem til vekking. Det har nok vore eit viktig læringspunkt, men og ein inspirasjon.

– Kanskje blir det lettare å ta på seg ansvar og samtidig senke skuldrene når eg har sett at Gud har kontroll, legg Aarseth til.

Torbjørn Eiken er samd. Han ber framleis om vekking på Tryggheim, og det vil han halde fram med, sjølv om han byrjar på bibelskule på Ansgar til hausten.

GIR IKKJE OPP: Torbjørn Eiken.

Til dei som er leie av å be og vente, gir 18-åringen vidare rådet frå Marit og Irene:

– Gud lar alt skje i si tid. Nokre gonger skjer det gradvis over lang tid. Andre gonger stort og veldig. Det avgjerande for vekking er å vera tolmodig i bøn og gi æra til Gud, seier Torbjørn Eiken.

Powered by Labrador CMS